torsdag 27. november 2008

kristmaz

Det er mindre enn ein månad til julafta, og eg har endå ikkje skreve ønskeliste.
Grunnen er nok det at eg ikkje ønska meg så ekstremt masse anna enn iPhone. Og eg tør ikkje å sei det til mamma, fordi eg er redd for at ho igjen skal knuse "draumen" min og sei: Du må ikkje tru at du får den iPhonen altså. Berre fordi eg nektar ho å betale for nye sko, jakke eller nåke sånt.
Eg skal nemlig ha ein skikkelig pakke under juletreet, ingen tvil om det.
No skal eg skrive ei liste. Eg tippar at eg enten kjem til å få: hjerneteppe eller tusen nye idear.

  • iPhone, 16 GB med enten Netcom iTalk small eller iConnect.
  • Kamerastativ.
  • Guitar Hero, World Tour.
  • Gåvekort på: Libris, Handelshuset etc.
  • OTH sesong 5, trur eg.
.. And I'm happy!


I must be emo!!!






















Det fagre biletet er frå i vår eller noko. Sjekk den sexy, emoish, stripete t-skjorta. Harr harr!



Hvor mange prosent emo er du?
Kryss av for det du liker /har/føler/syntes:

[x] Har/bruker svart neglelakk
[x] Har svarte stramme jeans
[ ] Har en skrålugg som dekker halve ansiktet
[ ] Er bifil
[ ] Har en langprofiltekst med en masse farger
[ ] Har alltids et svart klesplagg på deg
[ ] Hater sosser
[ ] Skriver dikt/sanger om hva du føler
[ ] Liker Tokio Hotel!
Sum: 2

[ ] Har et lite/langt foredrag på en eller annen side på nettby om hva emo egentlig er
[ ] Har eller vil ha piercing på over 5 plasser av kroppen
[ ] Liker nagler ( finnes grenser)
[x] Bruker Converse/falske Converse
[x] Du syntes gutter er fine med eyeliner
[ ] Danser absolutt ikke
[ ] Hører ofte på band som ingen har hørt om
[ ] Liker ikke hitliste musikk
[ ] Gråter ca hver uke
[ ] Du syntes livet er urettferdig
Sum: 2

[ ] Bruker bare svart eller sterkt farget sminke
[ ] Hater brunkrem
[x] Er ganske usosial
[ ] Sitter som oftest litt aleine
[ ] Folk har kalt eller kaller meg emo
[ ] Buttons er kult
[ ] Screamo-musikk er en del av min musikksmak
[ ] Liker meg best alene med musikken
[ ] Mørke farger beskriver min tilværelse best
[ ] Bruker tyllskjørt
Sum: 1

[x] Tenker veldig mye over livet mitt
[ ] Har aldri helt likt det normale
[ ] Sitatet "fuck the mainstream" , passer meg utmerket
[ ] Liker rutete klær
[ ] Har en rutete bukse
[ ] Har et klesplagg med innslag av nagler/lenker/kors
[ ] Tuperer håret til vanlig
[ ] Har tenkt på selvskading
[ ] Har tenkt på selvmord
[ ] Liker sære dyr som edderkopper/flaggermus etc. (Edderkopper er skumle!)
Sum: 1

[ ] Av sminke bruker jeg mest mascara og eyeliner
[ ] Vil ha eller har svart hår
[ ] Har farget håret eller har håret i en sjokkfarge
[x] Skriver dagbok(blogg)
[x] Syntes briller med tykk svart innfatning er fint
[ ] Bruker mye hårspray
[x] Gutter som kliner er søtt
[ ] Syns Bill i Tokio Hotel er snasen
[ ] Hater livet
[ ] Bruker mye accesories
[ ] Føler meg aleine
Sum: 3


TOTAL: 9
Gang svaret ditt med to og finn ut hvor mange prosent emo du er.
PROSENT: 18%

Kvifor? Fordi eg har eit labert liv(buhu) og fordi eg nektar å lese lekser. Og fordi eg har ingenting anna å blogge om.

.. eg trur eg skal skrive ønskeliste.

mandag 24. november 2008

søndag 23. november 2008

I'm just trying to have a blast!

Eg har blitt heilt hekta på diverse sitrusfrukter no. Sitron, mandaring og appelsiner er det beste som finst jo! Eg syns virkelig synd på tenna mine som svømmer i syre daglig. På samme tid er jo smaksLAUKANE mine veldig glad i det.
I går drakk eg meir Cola enn eg trudde eg kunne klare. Når man først har fått smaken på sitron og Cola, så er man hekta.
Eg, Maria og Sigrid hølja innpå. Eg klarte tilogmed å presse 3 sitronskiver ned i et glas, og som du ser på bildet er det tilogmed et lufthull eller boble nede i glaset, der det ikkje er brus! Eg er ikkje dum nei.

Ellers så såg vi "Den store reisen", litt av "Down with love" og "Sex and the City, the movie". Wooho. Eg syns "Down with love" er så søt! Dei har skikkelig kul stil, spesielt menna. Jum!
"Den store reisen" var skikkelig spennande, eg er så glad at eg har følgt med på det. Utrulig kjekt og ikkje minst lærerikt å sjå kordan dei har det i andre land. Heilt rart kor lykkelige dei er, sjøl om dei ikkje har 5% av alt det materielle som vi i dei rike landa har. Og når vi fekk sjå byen i Ecuador, berre ein liten flytur unna jungelen, og korleis dei hadde det der - så var det heilt ekstremt! Dei budde på Hilton hotell, der var butikka, bila og svære bygninga. Eg gleda meg til neste episode!!

Eg og Maria sovna ikkje før klokka var 4, og eg er heilt sinnsjukt trøtt no! Herreguuud. Ho våkna sånn i 11-tida, og eg var jo egentlig ganske våken då eg og. Men eg kjenner no at eg er heilt utslitt.
Har nettopp hatt på sånn energilampe i 45 min eller nåke, mens eg har lest fram til kapittel 15 i "The catcher of the rye" boka. Mildt sagt, gaanske kjedelig.
Eg har lyst å enten bake nåke, eller ta ein sparketur. Pappa monterne nemlig sparken i går, så eg har skikkelig lyst å bruke den. Gidder ikkje aleine då.
Seinare i kveld skal eg sjå "Livet på første klasse" og legge meg tidlig. I morra skal eg nemlig vere på skulen lenge, og i tillegg på jobb. Eg og Monica har bytta arbeidstid, pga ho er sjuk. Det passa egentlig veldig bra for meg, for då har eg 2 daga å øve spansk på. Jiihu! Eg trenger så god tid eg kan få, virkelig.. Ikkje at eg bryr meg så ekstremt om spansken, men eg vil jo ha ein god karakter.

Go have fun, kids!

lørdag 22. november 2008

Let's get this party started riiiight.


Eg har fått ein ny yndlingssang. Ikkje så veldig uventa frå Justice, og Uffie då.

Høyr THE PARTY

No skal eg, Sigrid og Maria sjå SATC-filmen. Eg er egentlig ganske lei av den.. Men whatever, eg har ikkje masse anna å gjere på akkurat!
Seee yaaaaaaa

All I've got is insane!



Eg har fått meg nye jakker. Begge to er frå Bikbok, faktisk.
Hadde ikkje tenkt å kjøpe nåke i dag, men eg endte opp med:
* Nytt headset(øreproppar).
* To stk strømpebukser frå Pierre Robert (svart og kvit).
* To puter (julegavarrr.)

Akkurat no knaskar eg Operamint og ser på The Hills sammen med Sigrid.
Eg klarer ikkje å unngå å vere hekta på The Hills, sjølv om det er fake og oppdikta. Lauren er berre den kulaste, uansett. Ikkje minst Whitney då, herregud! Skulle ønske eg hadde deira stil! Men no har i allefall eg og jakker som eg kan vere varm i i vinter. Har 5 jakker no som eg kan bruke i vinter, så får i allefall variert litt.

Men no begynner The Hills igjen, so go have fun!

Welcome to the good life. Gymmen i dag innholdt innebandy, ja innebandy. Eg forstår at du kan kjenne spysmaken i munnen, for eg gjorde det samme då eg fekk vite at det var det vi skulle ha. Men hey! det var då ikkje så gale. Då gymtimen var over tenkte eg berre: allerede? Sånn kan det gå! Eg trur eg har blitt hard.
Faktisk så hard at eg har sunge på Slipknot og Satyricon heile veka. For ein time sida måtte eg berre sette på litt Slipknot, for eg faktisk LENGTA etter det, fy faen. Det er til å skamme seg over.
Ellers så har eg faktisk vore på nattope i dag, dvs til klokka er 12. Fekk uvanlig nok ikkje kjøpt NÅKE ting, fytti. Men det var så utrulig masse folk at eg rett og slett ikkje klarte å kjøpe nåke, trur eg skal prøve igjen i morra. Det kan bli bra, veit du.
Var så utrulig masse småunga i førde i dag, skulle tru dei aldri hadde vore med på butikkar før. Dei sprang rundt som om dei var høge på kokain eller nåke. Sjølv om det sikkert var fun-saft eller cola(eller battery, for dei hardaste).

Søskenbarnet mitt, Maria, skal sove over i morra og - det blir nok kjempekoslig!
No skal eg sove ut litt, også skal eg få ein fin dag i morra, det må eg berre.

Vil du sjå kordan været er her no? Allright, get ready!


VILT!

Put on that record!

















Er det for tidlig å sei at eg er hekta?

torsdag 20. november 2008

Her kommer den kalde fine tida!

Sjå ka eg fekk i postkassa i dag!


Woho!
Pakken inneholdt sjølvsagt filmane og cd'en frå Bloc Party.
Har ikkje fått høyrt den endå, men eg gleda meg.
Såg nettopp Notting Hill. Den er så koselig, og for kvar gang eg ser den, så lika eg faktisk Julia Roberts bedre og bedre.

I morra er det nattope, og eg tenkte at eg skulle kjøpe meg ei ny jakke. Eller kanskje to. Har lyst på ei svart og ei lilla. Ei lilla som faktisk can matche den blågrønne hua eg har(det blir faktisk ganske kult altså!).
Gidder ikkje å legge ut bilde av kordan eg ser for meg at det skal bli, men dersom eg kjøper meg ei jakke, så skal eg legge ut bilde.
Ellers så har eg lyst på nåken høge svarte støvletta. Helst uten hel. Dei skal vere sånn ca litt under kneet, sånn at eg kan ha strømper til! Det er så kult, finst utrulig mange forskjellige i butikkane no - og eg leita etter en unnskyldning for å kjøpe tusen stk.
Eg er glad at eg har ettervekst som grunn til mange huer i år.

No skal eg legge meg i senga mi og fortsette lesinga. For tida går det i den første boka om Jarle Klepp(Eller Jarle Orheim om du vil). Den heiter Kompani Orheim og er skreve av Tore Renberg.

(I dag har det snødd så masse at mamma seier at eg må gå i vinterjakke i morra.. Eg vil ikkje!!)

Skal du gå i vinterjakke når vinteren er komme for fult? Sånn svææær jakke altså, sånn som du nesten er garantert varm i 17 minusgrader? Og ka syns du om boblejakker(spy!)?

mandag 17. november 2008

Intimacy




Phu! No har eg, mamma og Sigrid vore på Cdon.com i ca ein time for å velge ut 3 filma for kun 99 kr. Haha, vi har så fritids! Først sleit vi i eit kvarter for å velge ut ein dobbeldvd til 69 kr, men så plutselig "ropte" mamma: Sjå! Her kan man få 3 filma for 99! Endte opp med: Notting Hill, Livet på 1.klasse og The Football factory. Eg gledar meg til å få dei i posten, wooho.
Også kjøpte eg meg BLOC PARTY - Intimacy <3 Eg gledar meg mest av alt til å få den.

No ventar eg og Sigrid på Top Model, og i mellomtida skal eg lese gjennom nokre bloggar og lage meg nåke å ete.
På onsdag har vi matteprøve. Eg sliiite.

søndag 16. november 2008

we're fading to pretend

Kva er det verste du veit? Som er så ekkelt, flaut eller trist at du rett og slett ikkje veit ka du skal gjere?
Eg er egentlig ganske usikker, men eg veit at nåke av det verste som finst - jo det er å fortelle folk dårlige nyheter.
Det som eg tenker på no er sjølvsagt berre en filleting, men det gjer vondt.
Mamma kom heim frå Copenhagen(Coopen, for deg som vil) i dag med ein slags genser-kjole(vel, ho hadde kjøpt den på Gina Tricot). Den var grå, med hals og lange arma. Den var egentlig ganske fin, men eg visste med ein gang at den IKKJE passa meg i det heile tatt. Eg lette desperat etter nåke å matche den med, men eg hadde ingenting. Og no veit eg ikkje ka eg skal gjere. For det første, eg har virkelig ingenting som passa til og eg kjem ikkje på nåke som kan gjere det heller. For det andre har eg ikkje samvittighet til å sei at den ikkje passa, og at eg ikkje vil ha den.
Eg føler meg så dum, og bortskjemt.



Ellers har helga vore superduper.
Fredag satt eg heime med hodepine og gjorde ingenting. Før eg la meg satt eg i 1-2 tima på badegolvet og las diverse bloggar. Kvifor? Fordi der er VARMT!
Lørdag stod eg opp klokka 7 og gjekk ned til Førde for å henge på Førde sport saman med resten av Førde Kommune ++.
Eg og Helene stod i kø i heile 1,5 tima før vi i det heile tatt slapp inn!
Kjøpte meg ei kvit flisjakke + ein stygg, men nødvendig, svart umbro gensar.
Ellers kjøpte eg meg ingenting, men eg leigde to filmar som eg har sett i dag(sundag).
Guro kom på besøk i 7-tida. Vi spiste pizza og inntok litt forskjellig før kvelden var forbi. Eg må innrømme at eg grua meg litt til telefonrekninga kjem ..

Dagen i dag starta klokka halv 1, då eg og Guro bestemte oss for å stå opp og ete frukost. Vi følte oss verkeleg sunne, og bestemte oss for å gå tur i sjukehusparken. Det var så friskt at guro fekk tårer i auga. kult.
Vel heime såg vi ein film som var så utrulig lite morsom at den kunne vore sci-fi like vel som komedie.
Etterpå lagde eg og Sigrid oss middag og rydda huset.
Ellers har det skjedd ingen, ingen, ingenting.
Detta blei ein kjedelig blogg, men det får så vere.

See yaa!

fredag 14. november 2008

Positive tension

Eg veit ikkje om eg skal grine eller smile fordi eg ikkje bur i London, New York, eller i det heile tatt ein storby med ekstreme shopping-muligheta. For seriøst, eg hadde brukt kvart einaste øre eg eigde på kle. Tenk deg det, berre når du nett skal på matbutkken kjem du til å gå forbi fleire vindu med kle du sikla etter!
Hadde eg budd i nærheten av ein Topshop butikk akkurat no, hadde denna hengt i skapet mitt. Ingen tvil!


Kjolen altså.

Eg lika håret til Kate no, og det at ho har klipt seg sjøl er awesome. For f.eks.. Heidi Klum hadde nok ALDRI tørt å klippe seg sjøl, nooo waay. For ikkje å snakke om Vendela Kirsebom. FantastisT.
Kort hår er jo kult, det er jo det.. Men - eg vil ha hairextentions. Eg vil ha langt hår som eg kan surre fingrane i. Som henger laangt nedover jakka, og som eg kan ha i ei langlang flette der ikkje ALT håret detter ut etter 20 min. Sånn som det gjer no, altså.
Eg vil så gjerne kjøpe meg nokre KLYSER på www.rapunzelofsweden.com. Eg har tilogmed valgt ut farge og alt.


Prisen er kun 181 kr for 20 lokkar på 40 cm. Eg ville nok ha kjøpt 60. Altså 3 pakka. Dvs at eg hadde betalt 543 kr. Altså - ingenting!
Men eg hadde jo gått til frisøren og hengt det på, for å vere sikker på at alt blir rett, og at eg får klipt det skikkelig til. Kjem nok aldri få lov, men det skada aldri å prøve!

Ellers så har eg vore på www.gojane.com i dag. Eg sikla over dei fantastiske skoa der, og ikkje minst prisen! Alt er jo så ekstremt billig.. Det einaste er at det kosta 30$ å sende til Norge. Altså meir enn det skoa kosta.. Eg trur nok heller eg ville ha kjøpt masse sko til en høgre pris, og betalt f.eks 35$.
Tør eg forresten å bestille sko på internett?

Ka syns du om å bestille kle, sko, eller i det heile tatt nåken ting på internett? Eg syns det er litt skummelt.

Detta har egentlig vore ein kjempekoselig dag. Eg lika meg rett og slett meir og meir i klassen vår.



her er eit bilde av NESTEN alle i klassa vår. (internt)

onsdag 12. november 2008

We are in a state of.. BLOC PARTY!




4 søte gutar som lagar.. søt musikk.
Men ikkje søt som i Gavin DeSHIT, men som i kul, søt og litt indie inspirert musikk. Med eit innslag av litt elektronisk musikk. Eg elska det!
Dei begynte i 2002 og har hittil laga 3 cd. Den siste kom ut no i høst, og eg gleda meg til å kjøpe det.

3 favorittar av Bloc Party;
Flux
Hunting for withches
Like eating glass

.. gode "gamle".

Fear keeps us all in place

Ja, eg er klar over at dykk nærmast tok sjølvmord grunna det lite detaljerte forrige innlegget mitt. Men, no eg har tatt mot til meg og prøver att.
Det heile byrja med ein ganske (u)normal fredag. Det var gym. Ja, gym. Det faget som faktisk kan få meg til å vri meg i senga torsdagskvelden, kun av angst.
Eg og Malene heiv oss ut på joggetur(dersom du i det heile tatt kan kalle det det) og kom tilbake i tide til å nyte synet av friske ungdommar som spring etter ein ball over ei grasmatte. Ja, du skjønar kva eg meinar.

Dagen fortsatte med ei vellykka samfunnsprøve der eg blei ferdig minst 20 minutt før tida. Ja, eg var mildt sagt fornøgd.
Resten av dagen gjekk som ein vind, i allefall nesten.
Etter skuletid(altså halv 3) heiv eg, Linn og Helene oss i veg mot sentrum. Eg fekk kjøpt den vakraste kjolen i verda, eg og Vanessa fekk kjøpt gåve(gavekort) til Malene og eg fekk sikla på diverse sko. Gjevande.

Vel heime dusja eg i ein fart og gjorde meg klar til kveldens begivenhet.
Kvart på 5 satt fire spente jenter på ein buss til Vadheim. Eg, Vanessa, Linn og Helene snakka om skrekkelege hendelsar, nydelege gadgets(iPhone) og diverse. Vanessa klarte som alltid å skremme vettet av meg ved å fortelje at det er kl 3 om natta spøkelsa kjem.
Då bussen stansa i Vadheim sprang vi nærmast inn på hotellet, det var så iskaldt ute at det var ei skam!
Inne på hotellet var det full fest, og på kjøkkenet stod glade piker og stekte kjøttdeig og lagde klar salat.
Når alle var stasja opp og klare satte vi oss i spisesalen og inntok taco, MED ananas. Middagen var etterfølgt av kongen av alle dessertar, brownies og is. Finst det egentlig bedre? Det virka ikkje sånn for oss i allefall.

Etter ein kveld full av latter, dans, musikk, gåing(catwalk førj fan) og mykje, mykje meir satte vi oss på bussen heim til Førde.
Vel tilbake i Førde by halvsov eg medan eg såg "Tears of a Clooney". Som forøvrig er min yndlingsepisode av American Dad.


Kjolen. Dei klåfingra hendene tilhører forøvrig Beate.

Laurdagen byrja med at eg vakna i 11 tida og sendte melding til Vanessa, Helene og Linn. Vi hadde nemlig bestemt oss for å reise til sentrum og traske.
Etter mykje om og men blei det eg, Linn og Helene som traska rundt til klokka var heile halv 6. Gjevande.
Eg kjøpte endå ein kjole, og meir. Men det hugsar eg dessverre ikkje, sida hovudet mitt var passe rusa på ibux.
Uansett avtalte vi endå ein date, same kveld.
Klokka kvart over 7 var vi alle samla hos Helene. Klare for ein kveld med fyll og fanteri(data og spelemaskiner).
Eg og Linn imponerte med våre flotte soloar på Guitar hero, alle saman med våre interessante dansebevegelsar på dansematte og kunnskap om korleis å køyre ein bil med supermario. Det var i det heile tatt utruleg kjekt.
Ikkje minst hadde vi(dei) nokre flotte samtalar med gjevne menn på skype. Vi blei utestengt frå jippii, derfor var skype det einaste valget vi hadde.
Når eg kom heim klokka 2 var eg rett og slett utslitt etter 2 heilt fantastiske daga, og eg sovna på null tid.

Sjekk ut: www.helenenb.blogspot.com for å lese eit flott blogginnlegg vi skreiv i dei seine nattetimar.


er vi ikkje deilige?

Søndag stod eg opp klokka 2 og gjekk rundt i morgenkåpe ca 60% av dagen. Resten hugsar eg dessverre ikkje.

Dei tre siste dagane har rett og slett inneheldt berre skule, jobb og lekser.
Unnskyld. Håper dåke er glade for at eg tok meg tid til å skrive dette flotte innlegget her. Tre ord: blod, svette og tårer.

mandag 10. november 2008

Well, I would really miss you!

Eg har hatt ei sinnsjukt fin helg, virkelig! Det var så gøy at, ja.
Gidder ikkje å skrive nåken ting egentlig, for no må eg gjere klar sekken og diverse. Så skal eg legge meg, det blir deilig!

mandag 3. november 2008

Lil'guten

"Av og til får du meg til å føle meg som eit stykke kjøtt Grane, at slik sextrakkasering skulle komme frå deg.. Hadde eg ikkje forventa! Eg trudde vi var i same båt eg! Eg og du og vi to seglar i ein tresko veit du."

For å sei det sånn, hadde alle vore like morosame og fritt vilt som Annelin, jo då hadde verda vore ein betre stad å leve!
Lenge leve Lil'Wayne.



flott bildevalg sa du?

I know a girl with a golden touch




I dag blir Malene 16 år! Derfor sang vi for ho på skulen, og eg vil faktisk sei at det var nåke av det styggaste eg har høyrt. Det var rett og slett heilt jævlig!
I løpet av dagen har dei fleste i klassen "pressa" Malene til å feire bursdagen sin, stakkars. Men eg håper ho har tenkt å gjere det, for det hadde vore kjempekoselig.
Dersom ho skal gjere det blir det trulig på fredag, nåke som virkelig gjorde meg både stressa og sur. Kvifor? Fordi eg hadde tenkt meg til sentrum på lørdag og få kjøpt den fantastiske kjolen, farge håret og stusse håret. Men det blir truleg ingenting av då, unless visst eg tar det på torsdag. Som eg forsåvidt kan gjere.. Tvila, sida eg då må øve til samf-prøve.

lørdag 1. november 2008

omigod

Oasis skal til Norge.
Eg er gal.
Pappa er sur.
Eg er sur.

all laced up and ready to go

Ingen kommentarer:

Where are your friends tonight?

.. vel, dei sitter i allefall ikkje og tasta på mobilen!

Eg føler meg bedratt. I heile dag har eg faktisk ikkje fått ein EINASTE sms! Den siste sms'en i innboksen min inneholder orda: "ops, sendte feil.". Ja, ja faktisk! Om ikkje det svir, så veit ikkje eg.
Ka har skjedd med at man sender sms berre man ser faren til en fyr du en gang likte på rema? Nei, ikkje veit eg. Men det skjer i allefall ikkje lengre - dessverre.


No sitter eg å venta på Løvebakken, og gomla sjølvsagt godteri. Jumjum!




Sway


Sway by Sungra

Eg vil ha Chanel-veske!!

easy now