mandag 29. juni 2009

greetings from Stavanger

hallo hallei, det er inge som ringe'.
Eg har masse masse masse å fortelle, men eg tvilar sterkt på at eg klarar å hugse å skrive alt.
Køyreturen gjekk heldigvis ikkje som eg frykta, den gjekk nemlig ganske så fort og eg sov omtrent heile turen. Var ikkje framme før 7, om eg hugsar rett, og vi reiste jo klokka 10! Anyroad, så stoppa vi jo mange plassar då. Ikkje minst, vi tok gassferje, nåke som var ganske så skremmande. Kvifor? Fordi dei hadde skjermar med sikkerhetsinstruksjonar på. Eg meinar, på ei FERJE? Treng ein det der? Eg skal aldri meir bevege meg ut på havet i allefall. Med andre ord, hadet til Oslo, Bergen og omtrent alle andre interessante byar. jaja.

I dag vakna eg av smellet som kom frå mobilen som traff bakken, og ikkje lenge etterpå satt eg ikledd berre jumpsuit i frukostsalen. Og herregud for ein frukost. Vi snakkar all slags ost, frukt, grønsaker, yogurtar osv osv. Ikkje minst, SVELER. mmmmm. SÅ trilla vi "ned" til sentrum, eller kva ein skal kalle det. Etter at eg forelska meg i ein by Malene Birger kjole til den nette sum av 3599 kr blei plutselig alt anna stygt. Det gjorde faktisk VONDT å etterlate kjolen (og eit fantastisk par sko frå Chloé til 2199 kr), men eg kunne jo ikkje akkurat kjøpe den(dei). Etter masse masse trøsteshopping fant eg plutselig nåke som toppa det heile. Dei mest fantastiske skoa eg har sett på leeenge. Åh GUD så fine dei er. Best av alt, eg har dei på meg no. Gjer det vondt? JA. Er eg glad? JAAAAA! Wonderful, og akkurat no bryyyr eg meg ikkje om eg ser snobbete ut (...).
Ellers har eg ete ein halv boks Ben & Jerry's cookie dough i dag. Det var godtH.
Konklusjon: eg er eigar av ein vaksande garderobe og eit fantastisk skopar, og ikkje minst forelska. Kan det bli bedre? NEPPE!

I morra skal eg på Kvadrat, som tydeligvis er eit svææært kjøpesenter(aka heaven). Der skal eg svi av endå "litt" meir pengar, og no når eg nettopp såg at dei hadde platekompaniet der, blei eg endå litt lykkeligare. Onsdag skal vi visst på preikestolen, og dersom eg ikkje svarar på sms/anrop, så har eg nok mest sannsynleg kasta meg utfor/falt utfor.
No svir det på låra(eg har eit nytt skjørt på meg, ihihihihi) og eg kjenner at ryggen og føttene mine verker. Med andre ord skal eg skru av pcen.
HADETBRAAA og send meg gjerne ein sms sidan eg mine einaste samtalepartnarar er for tida butikkmedarbeidarar og famile. Eg treng anna sosial kontakt.


det er her eg sikkert seier mitt siste ord!!!!! skummelt? jaaaneeeijoookaasnkje.

søndag 28. juni 2009

Lurar jag mig själv med huvudet i sanden, tänker gå hem till dig

eg er så sliten at eg ikkje får sove. istaden høyrer eg på familjen, som eg har gjenoppdaga.
Har møtt fleire som kom heim frå hove i dag. Han eine var så brun og sliten at det virka heilt fantastisk, han andre var så glad og snill at han faktisk tvinga meg til å la han bære alle korgene for meg. Skummelt og flaut? JA. Deilig? JA
Må forresten fortelle om min lille situasjon. Istad når eg sprang rundt i høge hælar, med musikk på full guffe og prøvde å pakke alle klea mine ned i kofferten, forstod eg plutselig at det her måtte det bli slutt på. Einaste grunnen til at eg gler meg til Stavanger er jo shopping(og hotellfrukost.. og hotellsenger.. oog å reise vekk litt), men med ein stappfull koffert(og to stappfulle vesker) er det litt vanskelig å ta med så masse heimatt. Kva gjer ein? Eg har ingen anelse. Eg er nemlig sikker på at ein treng 10 bhar på 5 dagar, og ikkje minst 15 t-skjorter og sokkar. Dette gjer eg forresten kvar gang, eg må nærmast alltid sette meg på kofferten for å få den igjen, spesielt når eg skal heimatt. Då er vi ofte to eller tre oppå kofferten (unnskyld pappa).
Ellers så er eg sikker på at dersom ein hadde lagt til _litt_ tristare musikk, eit par cm til på hælane mine, pøsregn og litt fleire tårer, så hadde det blitt ei ganske så perfekt filmscene. Kult.. eventuelt ikkje.

nei, men no begynner det å svi litt i auga mine(nei, eg griner ikkje og nei det er ikkje augebetennelsen). EG ER TRØYTT og det er deilig.
Til sist, veersåsnill og bli hekta på denne sangen HER og spre det vidare til heile Førde, eller Norge om du vil. Kvifor? då kan eg høyre den i heile sommar hos alt og alle.


vi skal ikkje ta oss ein tur til Danmark då?

lørdag 27. juni 2009

torsdag 25. juni 2009

hei, mitt navn er klisje-Sunniva



i like the way that you talk, i like the way that you walk

onsdag 24. juni 2009

there is beauty in the breakdown




Cassie Ainsworth / Hannah Murray
ok, gi meg ein fin kjole, ballerinas, ei flaske sjampis og ein sigarett! åååå.
Kvifor er det ingen som ser på Skins?

tirsdag 23. juni 2009

2+2=5

det har eg lært på Coop extra, men det viser seg at dei ikkje har lært det på Ica Maxi, HA!

neineienenieneineeineneeinein, eg har intet å fortelle anna enn at eg har ete enorme mengder nøtter, drukke enorme mengder, jobbe i enorme mengder, brukt enorme mengder, ledd i enorme mengder, blitt påført smerte i enorme mengder, tenkt i enorme mengder og vore glad i enorme mengder.

ser omtrent sånn her ut for tida:


Legg til og med eit passande soundtrack til bildet, WOHO.

I'm sexy, I'm cute! I'm popular to boot!
I'm bitchin', great hair! The boys all love to stare!
I'm wanted, I'm hot! I'm everything your not!
I'm pretty, I'm cool! I dominate this school!

Who am I? Just guess! Guys wanna touch my chest!

I'm rockin'! I smile! And many think I'm vile.
I'm flyin', I jump! You can look but don't you hump! Whoo!
I'm major, I roar! I swear I'm not a whore!

We cheer and we lead! We act like we're on speed!
Don't hate ate us cause we're beautiful well we don't like u either!
We're cheerleaders! We are cheerleaders! ROLL CALL!


PEACE! også snakkast vi på kuup.

lørdag 20. juni 2009

i am he as you are he as you are me and we are all together

Across the Universe er den finaste musikalen eg har sett, ååh.
HØYR



fredag 19. juni 2009

chloe sevigny


akkurat no trur eg ikkje at ting kan bli stort bedre. eg har sommarfuglar i magen og om så ikkje altfor lenge skal eg ete brownies, farge hår og fnise med to fine jenter.

the longer i wait the harder i'm gonna fall

ååå, du veit.

torsdag 18. juni 2009

rrrrregn

Når du står opp og ser at himmelen ser sånn ut
og vinduet ditt ser sånn ut

kan du ikkje gjere nåke anna enn å skru på The Verve - Bittersweet Symphony
og smile av tanken på at det er 3 timar til du skal på jobb
og at du har god tid til å kose deg med ei fin bok
og fin musikk

no skal eg få i meg litt mat og haste avstad til jobb.
Eg veit forresten ikkje om eg skal ut eller ei i kveld, så fortell meg kva eg skal gjere.

i lost my choos

OOH MY GOD! JIMMY CHOO OG H&M!!!!!!!!!!!!!
les HER. gler eg meg? tjaaajooooo..... JA

onsdag 17. juni 2009

stop playing with my delirium



trur ikkje eg har hatt så lyst å vere 20 sidan .. vel, sidan Bloc Party spelte før i år.

kiss me properly and pull me apart

har eg hatt så masse å finne på for tida at eg rett og slett ikkje har hatt tid til å blogge? Nei, men eg har ..

vore med to fine jenter
Sett Jeux d'enfants
endelig kjøpt espadrillos

mandag 15. juni 2009

typisk meg? tjaaa

Aktivitet når du kjedar deg:
kutt opp eit heilt eple og dytt det ned i ei flaske, prøv så å få bitane opp att.

LYKKE TIL!

The Stone Roses - I wanna be adored

i feel on top of the world

vel, det er sommarferie og eg føler at det er greit å køyre stil med eit skikkelig, SKIKKELIG overfladisk innlegg. Eg har nettopp høyrt Pussycat Dolls - Top of the world (ja, faktisk)x antall gangar no og eg har så sjukt lyst til å sjå the City at det faktisk gjer vondt i magen min. Nei, eg har ikkje blitt gal - det er berre det at sangen minnar meg sånn om the City.

KVIFOR?






bortsett frå fantastiske leiligheter, fantastiske jobbar, fantastiske sko, fantastiske vesker, fantastisk sminke, fantastiske kle, fantastiske festar, fantastiske muligheter, fantastisk utseende og fantastiske liv generelt sett .. så har dei vel ikkje nåke anna enn det eg har.

søndag 14. juni 2009

i told you once, you're breaking into seperate parts

det er når munnen din kjennes ut som ein ørken, du stinkar sjølv om du dusja for eit par timar sidan, du kun får opp eit auge og du halveis ser opp i taket og lurer på kvar i effff du er - du kjenner at du virkelig er i live.
når du derimot ser anropslista di, du kjenner at du er usikker på om du i det heile tatt klarer å reise deg opp, du ser kva statusen din er på facebook, du høyrer "I kissed a girl" og får merkelige flashbacks, du hugsar alle som plutselig var beztizane dine og du ser dei flotte bilda du aldri kan hugse å ha tatt - du kjenner at du tok begrepet "å leve livet" litt for seriøst.

men, lat oss sjå på det positive - du er i live og har plutselig x antall friendrequests på facebook.


no skal eg sove, dusje endå ein gong og, sist men ikkje minst, sjekke om lommelegen.no har gode tips mot augebetennelse! SNEIKS

Donkeyboy - Ambitions

fredag 12. juni 2009

i just want your kiss, boy

nok ein gang er det bevist at Førde er ein flott stad å bu. Då Helene spurte meg om vi ikkje skulle rømme til Oslo for alltid, kunne eg nesten ikkje tru at eg måtte sei nei. Eg er jo nesten klar for det då. Eg har jo kjøpt meg ein FRAKK/JAKKE/KÅPE/POSE til Øyafestivalen. Ein slik vanntett ein, med tigermønster. Trur eg er litt forelska i den.

Forresten, eg trur eg har fått jernmangelanemi. How cool is that? Grunnen er enkel: eg svir på leppene. Og eg vil gå så langt at eg seier at eg, SUNNIVA, er den siste personen i verda som burde svi på leppene. Eg smører jo leppene mine inn med alt eg finn av lypsylar og lipgloss. Å sei at man er sår på leppene er søtt i og med det som oftast betyr masse masse kyssing, men å faktisk vere sår på leppene er jo ganske forferdelig.


ååååå, dette bildet er så fint.

if you cant hold on - hold on.

no er eg kvalm. Har drukke 3 koppar te i løpet av 24 timar, nåke som er meir enn eg pleier å drikke i halvåret. Også lurer eg på kva som skjer. Eg stod ikkje opp før klokka var 13:45 i dag, og no, omtrent ein time seinare, befinn eg meg fortsatt i senga. Det er ingenting å finne på, ingenting. Det er fri og det einaste eg vil er på skulen.
No skal eg dusje, og muligens grine litt sidan det er så kjekt å gjere det i dusjen, så det så. Forresten, no fekk eg ein sms, og eg elskar smsar. Og no fekk eg dårlig tid.

Arctic Monkeys - 505. ÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅå

mandag 8. juni 2009

heartbeats

drit i José González. Som så utrulig mange gangar før - er originalversjonen best.
The Knife - Heartbeats. ååååå

søndag 7. juni 2009

darling i leave and you wont come along


eg må berre anbefale ein stk fantastisk sang. Familjens remix av Lykke Li - Breaking it up. ÅÅÅÅÅÅÅ

sway

når eg la meg i går kveld klokka 3 var mobilen omtrent fullada, når eg vakna rundt 11 var den omtrent utlada. Kvifor? Fordi eg har høyrt på The Kooks i nesten 8 timar. Eg trur eg kan alle tekstane utenat no. Og ikkje minst, eg er så hekta som eg kan bli, Spotify får virkelig gjennomgå.
Anyroad, i dag har eg tjent 60 kroner på hagearbeid/løfting. Det er søren meg bra no når eg er blakk for første gang på 12 mnd. Berre 3 dagar igjen då, til lønning. Fram til det skal eg leve på vatn og brød, istedet for rundstykker og iskaffi. Det blir hardt, det veit eg.
Men no jenter og gutar(?) skal eg fortelle nåke heilt sjukt. Eg skal rydde rommet mitt!!! wwoooo. Etterpå skal eg lese engelsk også faktisk hjelpe mamma med å bake. Herregud, dette blir ein flott søndag. Visst du har lyst til å redde meg: ta meg med på Hannah montana filmen klokka 18.00 i dag. VÆRSÅCHSNILL.

The kooks - sway

lørdag 6. juni 2009

dont you let me go, let me go tonight


flickr

akkurat no har eg så hodepine at eg rett og slett ikkje veit heilt kva eg skal gjere. Eg har prøvd å sove i 2 og ein halv time, eg har drukke masse vatn, eg har tatt ibux og eg har høyrt på Coldplay. Ingenting fungerar og eg kjenner at eg får litt panikk. Det er så dumt og typisk at sånne ting skal skje på dagar som i dag. Har uansett hatt ein finfin dag med tacokveld hos B. Rart å tenke på at det er laurdag imorra. Kjenner at eg er litt usikker på sommarfest-feiringa. Eg veit at eg enten kjem til å vere tidenes festbrems, eller så kjem Lenene til å 'dra' meg med på diverse som eg kun kan angre på på søndag. Har kanskje mest lyst til nummer to, eg trenger å slutte å tenke så masse. Mest av alt vil eg at nåken skal halde rundt meg og sei at alt skal gå fint.

torsdag 4. juni 2009

take my hand tonight and i think we'll be alright, boy

no kjenner eg at eg begynner å bli frisk igjen og det må feirast med mine yndlingsbilder på flickr. Altså yndlingsbilder for dagen i dag, dei endrar seg jo heile tida.









eg har fått ein skikkelig jentete musikksmak den siste veka, og eg har trua på at det kjem til å bli ein søt sommar.
Kate Nash - Nicest thing
Lykke Li - I'm good, I'm gone
Lykke Li - Tonight
Lily Allen - Who'd have known

eg veit det er støgt, men eg elskar sånne ting så. jaaaaaaaaaaa

1. Når er neste gang du treffer personen som tar pusten fra deg?
- eg veit ikkje, snart?
2. Kan du sove uten dyne?
- ja, i nøden.
3. Har du og bestevennen(e) dine noen tradisjoner?
- ikkje som eg kjem på no, nei.
4. Vil ditt neste kyss være en feil?
- nei
5. Tror du eks kjærester kan være venner?
- neeh
6. Hva var det første du tenkte da du våknet i dag tidlig?
- no MÅ eg vere frisk.
7. Hva plager deg mest?
- halsen min og mine paranoide tankar.
8. Noe som plager deg akkurat nå?
- kombinasjonen av Sims 3 og PC'en min.
9. Hva er din sivilstatus?
- mmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmm
10. Er du fornøyd med det?
- jaa
11. Tror du på evig kjærlighet?
- hahaha, NEI
12. Har foreldrene dine facebook/nettby?
- holy mascara, NEI
13. Når var det noen ringte deg sist?
- Igår, men eg ringte Helene kl 11.47
14. Hvor er din elskede akkurat nå?
- mine elskede, blir rett. Nei, eg veit ikkje heilt eg.
15. Ville du datet en fra en annen by?
- mmmmhm.
16. Liker du kosing?
- "nei". Ja, selfølgelig.
17. Når var sist du ville dra til en person?
- no.
18. Hva var det siste du gråt for?
- ingenting spesielt, det blei vel egentlig berre for masse for meg.
19. Har du noen gang mottatt en veldig lang unnskyldning?
- ja, det har eg.
20. Hva innså du i dag?
- at det er på tide med ein mac.
21. Navngi tre personer som fikk deg til å smile i dag?
- Berre tre? Guro, Sjur, Helene
22. Leid hånden til noen i det siste?
- siste og siste.
23. Hva gjorde du 07.45 i dag tidlig?
- satt i bilen på veg til skulen.
24. Hva skal du gjøre i morgen?
- sove, handle og bbq
25. Har du gidd noen en klem den siste uken, hvem?
- Vanessa, faktisk. Og det er TORSDAG. (hint!!!!)
26. Har du ketchup på eller oppå pommes fritsen ?
- Ved, fordi eg som oftast ikkje et den.
27. Hvor er du om en time?
- her, i senga mi.
28. Har du facebook?
- jaa
29. Har du noen gang bitch slapet noen?
- ja! kick.
30. Hva er det nærmeste du har på deg som er blått?
- bh'en.
31. Har du noen gang kysset noen i garasjen?
- ikkje i min garasje, men i ein garasje ja.
32. Bryr du deg om hva ex-en din tenker om deg?
- neeh.
33. Har du noen gang vært så sur, at du har begynt å gråte?
- om eg har, JA.
35. Mener du selv at du er en bra person?
- egentlig ikkje.


Lykke Li - Dance dance dance, mmmmmmmmmmmmmmmmmm

tirsdag 2. juni 2009

you are blowing my mind


lelove

Når klokka var kvart på ni og eg stod på skuledoen og brakk meg, fann eg ut at det var på tide å gå heim. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal forklare den følelsen eg får når eg plutselig ikkje får puste pga hosteanfalla, men det gir meg skikkelig panikk. Eg griper tak i det første eg får tak i og berre klemmer til alt eg kan. Ekkelt.
På veg ut døra møtte eg Guro som hadde kjøpt øyredobbar til meg. Dei var så fine, dei var rett og slett akkurat sånn som eg ville ha dei. Fjær.
Uansett, når eg endelig kom heim måtte eg berre kaste meg på sofaen. Trur aldri eg har vore så sliten etter å berre ha gått heim før. Etter at eg hadde sett The Football Factory og laga brownies følte eg meg plutselig skikkelig bra igjen og klarte å sovne på sofaen. Sigrid kom selfølgelig heim og vekte meg, så eg måtte legge meg i senga igjen etterpå. Vakna opp med ein kjekk ung herremann, Paulo Nutini, som sang i øyret mitt.
Bortsett frå alt det har eg høyrt om og om igjen på In Rainbows, som må vere verdas beste album, stirra ut vinduet og tegna/skrive masse rart. Det har eg gjort masse i det siste, føler meg nesten litt emo når eg sitter på badegolvet(av alle plassar) og rablar ned ting eg tenker på.
No har eg skikkelig dårlig samvittighet for at eg ikkje har øvd matte, eller i det heile tatt sett på matteboka. Trur egentlig ikkje at eg kan ta prøven imorra uansett.

Ein siste ting, er det ikkje rart at ein sang som handlar om nåke så stygt, kan vere så fin? snakkar selfølgelig om House of cards.

mandag 1. juni 2009



det burde ha vore ulovlig.