fredag 30. oktober 2009

is it still me that makes you sweat? am i who you think about in bed?

omg. Eg er seriøst blitt ei husmor. Eg likte følelsen av å skrubbe og tørke til armane mine brant av smerte. I allefall fram til hendene mine svei av for masse varmt vatn og til eg var stiv i skuldrane. Badet skinner seriøst, klea mine er bretta, eg kan sleike golvet og eg kan sjå meg sjølv i speilet. Ikkje minst har eg laga middag, og som eg forutsa, pappa sa sjølvsagt "HO! dette var sterkt!". LOL no.

No skal eg og H til Førde by og gjere dei siste innkjøpa før halloweenaftenen. Blir utrulig stress imorra, men tenker at det blir flott likevel. I allefall om eg ikkje frys til is, skremmer alle vekk frå meg eller reiser heim aleine. Lets get these teenhearts beating faster faster! Ettersom eg elskar dagar der eg alltid gjer noko, så var tirsdag lett den beste dagen denne veka.

suzz


onsdag 28. oktober 2009

dont kill me liksom

Til Sjur - omg. Og til alle andre, burde eg vere flau over at Valiumsvalsen har vore yndlingssangen min i altfor lang tid no? Pappa syns i allefall at det er greit. Han har begynt å nynne med.


well shes not bleeding on the bathroom floor just for your attention

drittdag+.
Eg har mista Ole som kom i posten, eg har fått sinnsjukt dårlig syn og Sigrid har nesten sett ferdig Gossip Girl. Flaks at eg har to søte små egg/eos-lypsylar, ein søt og snill optikar som gav meg gratis synstest og mange timar Gossip Girl framfor meg.
Meir dritt er vel at Spotify har hore-klikka. Det stoppar opp
heile tida og eg døyr snart(not, eg er berre emo). Når eg får lønning skal eg ruse meg på Marc Jacobs - Lola parfymen og leve lykkelig aleine(nesten).
No skal eg rydde badet, rydde rommet, trøstebake(og så trøstespise) og til slutt sjå tenne 123455666 stearinlys og sjå Gossip Girl(og bli forelska i Chuck Bass og Blair Waldorf).

ÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅ!!!!!!!! eg vil ha bursdag eller jul no og ønske meg ting. gief me s0mthinn'!!!!!!



mandag 26. oktober 2009

hei wænen og sjente menzker

eg blir seriøst gal av å vere her heime no. Eg låser meg inne på rommet mitt og kan nesten ikkje sjå Gossip Girl etter skulen engang fordi Sigrid har vore på stova heile dagen og 'basillert'. Åh, eg er så drittlei av rommet mitt. Trur faktisk eg skal vaske det... NO!!!!!!!!! Då blir det i allefall ingen basilluskar her. Namhh. (nei, dette betyr ikkje at du skal komme her og invadere... eller jo)
Ellers vurderer eg å gå i kyrkja på søndag. Gud og Jesus og Posten var nemlig så snille at dei sendte meg Ole Henriksens Fresh Lips i posten i dag. Passa ganske perfekt det, for eg har hatt leppe-rehab i dag og ikkje smurt dei inn med nåke som helst. Flinka.
Var ganske flink til nåke anna i dag og, då eg gjekk av bussen altfor altfor tidelig i dag. Gjekk av på sjukehuset. Distre? EG? aldri.

men no høyrer eg på Phoenix og eg kjenner at eg ikkje har lyst til det. Må lage ei rydde-zpelelizte istaden for å høyre på Lisztomania. Også MÅ eg ha nåke på leppene mine.. kjenner at det luktar sweet mint her.
(omg, eg trur kanskje at eg allerede er smitta... av kugalskap)

BTW: I LOVE PRIVAT REGN AV KRÅKESØLV.

søndag 25. oktober 2009

no matter what you do i cant shake off this fling.


vel, det viser seg at eg ikkje trengte å sjå ein trist film for å forstå at eg har det ganske bra, og eg er ganske så "lissis" inni meg akkurat no.


i left my heart in tokyo


No har Sigrid (mest sannsynlig) fått swine flu. Med andre ord må eg halde meg på rommet mitt eller rømme. Eg nektar å bli sjuk, for det er så sjukt masse som skjer framover som eg berre må ha med meg. Så, eg tar ikkje i dørhandtak, nektar å snakke med ho, pustar/er ikkje i samme rom som ho, vaskar hendene mine heile tida og har ganske angst. Eg vil ikkje dø av svineinfluensa i ein alder av 17!!!!!! Så, please, kan eg flytte inn hos deg?????
flaks at eg har it-boka, smågodt og mac å koze meg med.

Mordi... vennen din er MANN

lørdag 24. oktober 2009

seventeen and dumb, look at me i know right from wrong

I dag likar eg å stå heilt i ro, Briskeby, surt smågodt, ananas(sjølv om det svir i munnen etter alt smågodtet), vanilllacoke, å strekke beina fordi det gjer så utrulig vondt, farmville, mac, kaninøyre-hårbøylar, kvite kjolar, snille jenter som seier at det er greit når du klagar, hjartesmil.blogg.no, tanken på Spotify utan reklamen, min nye eos-lipbalm og å slikke meg på leppene.

Ellers så er eg litt kvalm og det svir i auga. Eg har ete fajitas for første gang, eg har drukke cherrycoke for første gang og eg har sett mange mange menneske i Førde for første gang.
Dessutan har eg kjøpt ein fantastisk fin kjole, fått rare blikk fordi eg har sagt ting som "herregud, eg er så sliten i rumpa" og prøvd hanskar som ser ut som om dei kjem frå hore.no.
No gler eg meg berre til neste helg, og til å kose meg saman med fine jenter igjen.
Men først skal eg tvinge Sigrid til å sjå ein grinefilm slik at eg igjen kan forstå at eg egentlig har det ganske så greit. (Og eg skal høyre denne sangen om og om igjen)

kyss med smak av 'summer fruit' og eit snev av 'sweet mint'.


onsdag 21. oktober 2009

cravings

Etter å ha lukta på Martine sin lille papirbit med lukta hundre gangar, måtte eg berre få min eigen. Og no? vel, eg er hekta.

Jeg er fri! av Magne Skåden og om Magne Skåden. Google det og grin.

now its just too late to wrap a smile around my face

nevermind.

tirsdag 20. oktober 2009

ahahaha og litt ååhåhååå

OMG! eg trur eg har fått eit seriøst problem. Om eg ikkje sitter med EOS-lipbalmen i hendene, så tenker eg på den og får angst om eg ikkje kjenner at eg har den i lomma. Eg berre må ta på nye lag heile tida og i går kveld gjekk eg utan i fleire timar. Det gjorde vondt (nesten). Eg må gnikke beina mine sammen fordi eg gler meg slik til å kjøpe endå ein. Det med å gnikke beina sammen, det gjer eg visst eg er skikkelig glad, forleksa eller gler meg til nåke.

Ellers så er eg drittlei av strekninga Førde-Jølster og eg syns seriøst synd på alle dei som køyrer den kvar einaste dag. Ikkje berre er det langt, men så skurrar søren meg P3 omtrent heile vegen. Heldigvis er eg så mandig at eg holdt ut og passa på å sei "dette bandet har eg sett live" til kvar einaste sang eg høyrte. k00l. Mamma fortalte at ho ikkje forstod korleis eg kunne hugse navnet på alle artistane og sangane, og det var kult. Då følte eg meg kul og snill. Snill fordi eg informerte ho og sånt.

Og ja, IT er seriøst det beste faget i heile verden. Det er då ein kan skrive teite statusar, kommentere på stygge bilder og seie "pen" og ikkje minst google ting som "emo boys" "emo kiss" og diverse sjukdommar. Ein kan også redigere auge inn i panna til Ida Wulff, fortelle hemmlighetar, snakke dritt og sjå på fantastisk søte bilder av menneske i badekar. Seriøst, IT-timen er då ein kan virkelig slå seg laus. I allefall på rekka til Helene, Martine og eg. KJEMPEKJEKT, det er det vi har. BTW, det er Martinelover//mi læidi som kjem på kva vi skal google......

Til slutt:



NÅR BLEI DETTE FLØYEL?????????

"tenk så deilig då. Å berre sitte der og kose seg" - Helene


søndag 18. oktober 2009

fordi du er heit og så er du kald

visst alle andre kan, så kan eg og.

SUPAH COOL
- EOS og alt det der som er godt for leppene, lagar mjuke lepper, smakar godt og luktar godt.
- Spotify. Eg brukar forever på å lage fantastiske spelelister og høyrer på dei heilt til eg blir lei.
- Gutar og jenter som handlar på coop extra. Gjerne nyforelska og dritredde for å miste ned ting fordi dei trur at alt er over då. Eg ler, og blir nesten forheksa i dei fordi det er så søtt.
- Norge. Pengar, fine bygningar og slike ting.
- Fritid. Undervurdert.

NOT SO COOL
- Teite folk som brukar EOS og berre "buhu dette er så bra" når dei også seier at den nye foundationen deira frå Makestyle.com er bra.
- Spotify fordi eg tenker "å den sangen skal eg høyre" når eg traskar i veg heim frå skulen før eg kjem på at eg ikkje har den på iPhonen.
- Gutar og jenter som handlar på coop extra. Gjerne nyforelska og ikkje redde i det heile tatt. Heller ekstremt opptatte av å ta på kvarandre og beføle kvarandre utan å vise omtanke til alle dei andre som står og måpar av forskrekkelse.
- Norge. Posten, tollen, lovane, aldersgrensene osv.
- Lite fritid/lekser/jobb

marley & me

Vel, no har også eg cried my heart and loungs out. Seriøst, når ein ser ein vaksen mann grine pga eit dyr, så er det faktisk fysisk umulig å ikkje hulke.
Ellers? Vel, eg var jo liksom "så opplagt" og alt det, men no svir det i auga. Om det er pga tårene veit eg ikkje, men eg skal gjere alt eg kan for å halde meg vaken til 10 i allefall. Så skal eg sove i nesten 9 timar, herregud så godt det blir. Denne helga har eg nemlig sove så masse at eg muligens har blitt avhengig.
Fredag var ein fin dag, og eg var seriøst dritglad heile dagen. Kjøpte masse masse fint, fekk låne kortet til pappa og kjøpt "livsviktige" ting. Tips til andre fattige: ikkje bli venn med Martine, ho får pengane til å renne ut av lommeboka di(/til foreldra dine)! Og så har eg selfølgelig ete sjuke mengder is, sett altfor mange drittfilmar og sendt sånn 0 smsar. Flink jente.
No skal eg ete og lese historie, for eg elskar historie.

tirsdag 13. oktober 2009

åååååååå

Herregud, har du sett nåke så søtt?

søndag 11. oktober 2009

he's just not that into you

er eg fjortis visst eg seier at He's just not that into you muligens er ein av dei beste filmane eg har sett? Eg lo, var flau og grein. For å sei det sånn, eg lese boka.



lørdag 10. oktober 2009

c00l kidz # 2

much deeper a sleeper

og vips! så var heile den helga øydelagt og. Så langt i allefall.
Heldigvis har eg denne sangen å trøste meg med.

fredag 9. oktober 2009

how should i hold this boyfriend as tight as i ever could

Det siste døgnet har vore eit av dei verste døgna på veldig veldig lang tid. Takk gud for legar som gir ut medisin utan å vere sikker på kva som feilar deg. Denne dagen skulle liksom vere så fin, men istaden endte eg opp med å ligge i senga heile dagen og sutre. Akkurat no skulle eg jo liksom vere med han der fine, ikkje ligge her i senga og lese dei mest uinteressante bloggane i verda. MEN, medisinen fungerar og eg håpar at det blir nåke av overnatting i angedalen likevel. Og ja, macen har komt. Herregud så fantastisk fin den er, og eg tør nesten ikkje å gjere nåke som helst - i tilfelle den blir øydelagt. Hadde det ikkje vore for at eg ser halvdød ut og det gjer vondt å le, så hadde eg nok tatt bilder av meg sjølv i Photobooth til langt på natt. Men, no skal eg drikke endå litt meir av juicen min og stjele druer.

onsdag 7. oktober 2009

the hottest love has the coldest end

akkurat no gledar eg meg til at Marita, Helene og Malene kjem heim att frå Sydenland. Kvifor? Fordi Helene har ei 2 timers lang speleliste som ventar på ho som eg har laga. Ho likar del 1, og vel, del 2 er endå bedre. Faktisk så bra at eg har høyrt på den i ei veke no.
Fordi Malene og Marita skal lære meg alt mulig om macbook og fordi dei er så innmari søte.
Og så gledar eg meg til at macbooken faktisk kjem, til å begynne på skulen igjen, til å sove, til å kysse, lukte, sjå, tenke på han der fine igjen, til å få lønning på fredag, til å få mjuke lepper pga EOS-lipbalm og til å møte igjen alle dei fine fine fine menneska som gjer at eg smiler.

c00l kidz # 1




søndag 4. oktober 2009

this goes for my dominos

er ikkje denne sangen med i alle filmar og alle tv-seriar? Og ang tv-seriar.. visst du er snill og søt og slikt så kan du: kjøpe Gossip Girl sesong 2 til meg ELLER laste det ned for meg ELLER finne ei internettside der eg kan sjå det på for meg. Då lovar eg å vere snill og søt tilbake.

don't think that im pushing you away when you are the one ive kept closest

Er eg gal om eg seier at eg egentlig skulle ønske det var skule imorra? Eg har ikkje lyst på ferie, for eg gjer aldri det eg planlegger. Dei tre-fire vekene før ferien begynner har eg liksom alt planlagt. Eg skal gjere det og det, eg skal dit og dit og eg skal vere med den og den. Vel, akkurat no har eg ingen anelse, og eg hatar at det er slik. For det er alltid slik. Ferien har ikkje engang begynt, men eg har tatt eit eviglangt bad og fiksa neglene mine(det trengtest) og alt det der. Sett på SATC og ete is, det vanlige. Eg kunne ha betalt 3000 kr for å hatt macen her i fanget mitt her og no. Berre for å ha nåke å gjere på. Herregud så materialistisk eg er. Sist eg hugsar at eg var skikkelig skikkelig glad var vel faktisk då eg fekk iPhonen i mars. Ikkje at eg ikkje er glad ellers for det er eg jo. Eg er glad når eg ler, når eg er med han der, når eg ser på fine ting på tv, når Zorro legger seg frivillig i senga mi, når folk rundt meg smiler, når eg høyrer på musikk og alt det der, men nei. Men eg blei ganske glad i stad, då eg plutselig ikkje var aleine i badekaret. Plutselig var der ein søt, blå pusekatt!!!!

(eg trur det er fysisk umulig å bli meir hekta enn eg er. Eg elskar når det skurrar litt i øyra fordi eg har den så altfor høgt på. Også er teksten så altfor riktig og fin)

torsdag 1. oktober 2009

repeaterbeater

hodet mitt dundrar, dataen nektar å samarbeide, eg savnar han der fine, eg fryser muligens ihjel snart, eg er ikkje trøytt fordi eg har sove så altfor masse i dag, eg skal ha coopertesten imorra og eg er fattig. Elskar livet mitt med andre ord.
Men så kjem eg på at det snart er ferie, at det er fredag i morgon som betyr at eg endelig skal sjå han der fine igjen, at det ikkje er så altfor lenge til ein mac kjem på døra, at eg har masse bra musikk å høyre på medan eg spring som få i morgon og at eg tross alt har det ganske greit. Då blir plutselig ting ganske ok igjen.