tirsdag 29. desember 2009

when we both sleep in different beds and dream of sex and loneliness with warm but shallow breath

herregad, den siste veka har sikkert vore den beste veka sidan 1997(alt i 2009 er det beste sidan 1997) og eg blir kvalm av glede når eg kjem på at det er nesten ei veke att med ferie. Einaste eg gruar meg til no er: nyttårsafta og 3.jan. Nyttårsafta er eit stress og eg dævva av det. Enten er eg sikkert edru eller spyr eller fryser og griner. 3.jan er det vareopptelling på jobb. Æsj. Flaks at eg tener omtrent 2000 kr på det.

herregad, no begynner eg å sutre sjølv om eg hadde tenkt å skrive alt mulig positivt. Liksom.. la meg forklare den siste veka.

tirsdag: var med Sjur og kjefta og slikt.
onsdag: lillejulafta! Halve slekta kom på besøk og eg åt. heile tida.
torsdag: julafta! farga håret grønt/oransje og åt endå meir.
fredag: spelte wii, såg på julegåvene mine og var dritglad.
lørdag: var ikkje ute, men var heller med Sjur og kjefta og slikt(filma).
søndag: true blood maraton med Jessica og Martine og sjukt masse mat.
mandag: jobb til 5 og var med Sjur og kjefta og slikt.
i dag: skal til angedalen og vere med Marita og Monica.
i morgon: trygle alle over 18 etter omtanke og tenke og tvinge Sjur til å vere med meg eller noko.

love my life. no skal eg legge ut bilder som viser det einaste ting eg gjerne vil innta asap


lørdag 26. desember 2009

listography


vel, eg er hekta



i wonder what keeps us so high up


snow, hey oh! Vel, då var årets begivenhet forbi og eg sit tilbake i godstolen med koppen full av noko svart gørre og med pipa i munnkroken. Neida, vennendin er ikkje mann ENDÅ.
Faktisk så trur eg ikkje at det skjer på ei stund. Eg har hatt tidenes jente-jul og omtrent kvar einaste ein av julegåvene mine er kun for jenter(eller gutar som likar å lukte jordbær og andre deilige ting). Med andre ord er eg svært, SVÆRT, fornøgd. Eg veit ikkje om det er årets julefangst som gjer meg så glad, eller om det er årets fangst(han eg snakka om ein gang før).
Eg har i allefall hundre timar med tv-sjåing foran meg, lange bad og er sikker på ei flott og
pyntelig leilighet framover(fekk te-lys).
Og ang det så er mitt prosjekt "finne ut kvar eg vil bu i Oslo" godt i gang. Eg har strøke ut Gamlebyen og Sentrum, og det er nok Grünerløkka som fristar mest. Men alt til sin tid(not, eg har seriøst, omtrent i allefall, alt planlagt). Først må eg jo få pengar, jobb/skule/utdanning/ting og nokon å bu med. Dvs, visst Guro ein dag finn ut at ho heller vil flytte saman med ein casanova frå Finnmark eller noko anna teit. EG skal i allefall ha ei kvit leilighet med tregolv, sånn krone-ting i taket og store og breie vindu. Gler meg ikkje litt engang......(jo).

ELLERS så må eg fortelle om den fantastiske gaven eg fekk av Helene (ikkje at ikkje dei andre gavane var fantastiske, men eg kan jo ikkje nevne alt sant).. ein video. Eg har omtrent grene meg igjennom videoen sånn 15 gangar no. Eg snakkar sjølvsagt om "Div Førde og Oslo". Hulket på slutten der det står "Meir filming på roskilde? - Ja!" kjem kvar gang. Eg trur ikkje det er PMS, så kva det er .. nei det veit eg ikkje. Det er skummelt.
Og ja, eg fekk også ein sånn hode-tingtang av ho. HEILE(ja HEILE) familien gjekk heilt crazy. Plutselig gjekk greia på omgang og ein gjeng på 8 satt og fekk ståpels fordi det var så herlig.

No er eg trøtt. Er heilt sikkert fordi eg har vore så aktiv i dag. Stått på skøyter og greier.
Men er fortsatt ein halvtime til eg kan rope "FILIPINE" og sjå på at Sigrid spring rundt huset barføtt. Klarer nok å vente såpass!
Plan for morgondagen: spele wii, rydde endå meir på macen, slappe av og lakke negler. Pluss at eg skal vere slem mot han eg nevnte i stad, og nekte han å reise ut. KJÆRLEIK.

Og ja, har eg nevnt at eg har fått brunt/oransje/grønt hår OG downs syndrom? hardt liv




onsdag 23. desember 2009

søndag 20. desember 2009

lost!

etter intens hoderekning har eg funne ut at eg virkelig er fattig no. Eg har i allefall ikkje råd til å reise ut meir enn ein gong denne jula, og det blir vel nyttårsafta. I tillegg skal eg farge håret, kjøpe ein stor julegåve til og, most likely, leige filmar og ete snop med store og små. Det er sånne ting som gjer at eg får heilt panikk! Eg har så fantastisk lyst på SMUG-mag, LOLA-parfymen og meir enn berre ein tur ut. Såå.. ei flaske vin eller to tas imot med takk, hehh. Men seriøst.
Eg kjøpte ein fantastisk søt kjole i dag, og gjett kva, eg kjøpte den i str 34. Det var fantastisk! ååå. Kan endelig glede meg litt til jul. Litt.

Og ja! Eg og Jessica tok oss ein tur på Førdes stolhet i går; Førdehuset. Vi såg sjølvsagt Avatar og halve "sirkelen". Sa eg halve? Meinte sånn 90%. Førde er sjukt.
Anyroad, etterpå GJEKK vi heim i snøen. Tøffe som vi er, gjekk vi derfor i vegen. Eller, J gjorde i allefall det. Eg var så kald på beina at eg holdt på å krepere, og beina mine er jo istappar når eg er
inne!
Bedre blei det ikkje av at eg møtte resten av Førde i eit busskur. Snøvlande "bli med på fest då?" er liksom ikkje så fristande, sjølv om det er dei personane du måpar av på skulen/ i Førde.

Uansett, eg skal sove no. Sosiologi-øving i HEILE morgon. Love my life.

søndag 13. desember 2009

lørdag 12. desember 2009

my mind is turning into clay

No er eg kjempedårlig på grunn av litt for masse smågodt. Grunnen til at eg momsar så masse er vel fordi eg sitter her heilt aleine og ser på American Pie. Ganske kjedelig, men eg finn liksom ikkje på så mykje anna å gjere. Kan jo pakke inn julegåver, men eg orkar liksom ikkje.
Tenker på å sove, men eg har endå ikkje lagt på nytt laken etter at pusen spydde der.. tenker at eg sover i Sigrid si seng i natt.

I dag var omtrent halve Førde på jobben, og eg blei så utrulig sliten. Og så var det ein slik søt mann på 40, stakkars, som måtte betale heile 4000,-. Sånt gjer meg så trist, for eg vil egentlig sei "det blei 15,50", slik at dei blir glade. Mannen var så herlig glad og sa til meg "du er no snill, veit du det?" også fniste eg litt og gav han heile to kvitteringar slik at han var heilt sikker på at han hadde garanti på ovnen sin. Sånne menn vil eg klemme (litt).

Det er deilig å ikkje vere trøytt i dag, sånn som eg veit at eg ville ha blitt dersom eg var ute på eventyr i går. Det einaste som irriterar meg er at eg har blitt ein av dei eg ler av, dei som heller sitter inne med kjærasten sin istaden for å vere ute og fnise til langt på natt. Men herregud, det er så herlig. Slepper å fryse, vakne opp flau og dårlig. Masse bedre å vere med den finaste i verden.
No skal eg sikkert ikkje ut før sånn.. om evigheter og det er deilig.

no skal eg høyre den her(no veit eg om ein som blir glad) omtrent ti tusen gangar til og tvinge pusen til å komme inn.







torsdag 10. desember 2009

fgy3jbgdru

hei vener og bekjente. Det er heile fire minutt til matfriminuttet og det stinkar vafler i omtrent heile bygget. Kjenner at eg skulle ønske at eg blei heime i dag og, men må ein på jobb så må ein på jobb.
Endå meir typisk, minnepennen min vil selfølgelig ikkje fungere her på skulen, så eg må vente endå lengre med å få levert norsktekstane. Hatar å måtte krangle meg til utsettelsar sånn som det, æsj.
Kjenner at eg mååå ha vafler no, halleluja. Og der ringte klokka! Wihu. Tennene mine kjem til å knekke, og eg trur det fluorfyllet eg fekk i tanna mi allerede har forsvunne. Flink.

Vil til Oslo. NO.

i could sleep forever these days cause in my dreams i see you again




onsdag 9. desember 2009

oh please stay just this once

bestemte meg for å sove i dag, istadenfor å kjede meg på skulen og klage over au-arm. Det var nok det smartaste valget på lenge, for eg fekk tid til å rydde masse, ete masse, lese masse aviser, sjå masse på tv og gjere slike ting ein gjer når ein har fri. Eg dusja på eit langt kvarter og smurte meg inn med kokos i sofaen og smilte litt og slikt. Ikkje berre det, eg har spelt sims og det var fantastisk gøy. Så langt har eg to familiar going on, og eg kitlar i tærne fordi eg er så glad i dei allerede. Men eg har sånn skadefryd, så sjølv om eine jenta er gravid med kjærasten sin så skal eg få ho forelska i ein annan mann som allerede har ein unge frå før. Han er nemlig naboen hennas og ser litt emo ut så dette blir dritgøy. Han bur saman med bestemora si eller noko, i love it.
Dessutan har dei fått orkideear på sims, og eg elskar jo den blomsten like masse som tykkis.

Grunnen til at eg er så positiv akkurat no er at i dag har det skjedd sånne ting som gjer at eg endelig kan puste skikkelig ut og ikkje trenger å sjekke i avisa kva som går på tv før eg trykker på "på"-knappen(for å unngå mareritt). Og så har eg jo lest masse på hjartesmil.blogg.no og det er nok ingen ting i absolutt heile verda som gjer meg like forleksa og glad som det. At det går an? Eg får lyst til å klemme ho og tvinge ho til å lage meg kaker og gløgg og drikke gullflak og danse i blomsterkjolar sjølv om det er iskaldt.
Dessutan har ho "hjartepost" på gang no, og eg tenker at eg vil melde meg på. Tenk så fantastisk kjekt. Kva om eg får ei venninne i Alta som eg kan sende brev til og tenke på kvar gang eg ser postbilen? jo det skal bli fint.

eg trur eg skal lage ei "glade-sunniva" speleliste på spotify snart, og så skal eg vise den til Helene som elskar 'alt' eg lagar der og til resten som blir leie av at eg kun snakkar om noko dei ikkje veit om.
ein liten smakebit:

tirsdag 8. desember 2009

gi meg!!!!!!!!!!




!!!!!!!!!!!!!!!!!!TRYKK HER!!!!!!!!!!!!!!45
og gi meg.

moahhh

er det normalt å få tårer i auga pga ein epost eg har fått av ei jente eg aldri har sett i heile mitt liv? No må eg bruke sånn 10 år på å skrive fint tilbake, og liksom, bry meg.

Det eg faktisk virkelig bryr meg om er at eg er i live. Sjølv om eg har tatt ei sprøyte, frivillig. Eg holdt på å knipe av fingrane til Martine, men vi overlevde begge to. OG eg har hatt min siste time på Skei(i allefall fram til nyttår) og det skal bli deilig å kunne sleppe å bruke 3 timar på det kvar onsdag.

No er eg aids-svolten(ikkje som i at eg har lyst til å ha sex med ein person med aids/få ein person med aids til å smitte meg ved å f.eks sprøyte sitt blod inn i meg, men som i at eg er så svolten at det er aids-svolten) OG eg har litt smålyst til å gjere norsk. Berre bli ferdig med norsken slik at eg slepp å bekymre meg meir for det.
Seinare skal eg på brannøving på Coop Extra, og eg gledar meg som ein liten unge. Eventuelt ikkje, i og med eg har litt angst for slikt. Går nok greit, så lenge nokon vil bære armen min.
Men før det så tenker eg at eg skal øve på å bli god i Need for speed. Kanskje for god. Så skal eg utfordre ein viss gutt med eit navn som begynner på S og sluttar på jur. Visst du endå ikkje forstår kven eg snakkar om, så kan eg fortelle at om du i nærmaste framtid ser ein gutt med mørkt hår og lilla t-skjorte med enhjørningar på.. det er han. Jepsipepsi.

omg no blei armen min tung igjen. brb, dør.

mandag 7. desember 2009

omg


Vel, visst eg hadde vore gutt hadde eg aldri tatt til takke med nåke mindre enn Kate Moss. Jummie!

søndag 6. desember 2009

phantom

i dag har eg tenkt. Eg har tenkt på kor fantastisk fint eg egentlig har det, men som eg alltid klarer å øydelegge, eg har tenkt på alt eg skal fram mot jul og på ting eg hatar å tenke på. Eg er sliten i heile hodet og augene mine er raude fordi eg har brukt (for svake) briller i dag. Og det gjer vondt inni meg for eg angrar alltid slik på ting eg seier. Ofte er dei orda sånne ord eg gler meg til å seie, for då kjem alt til å bli bra, tenker eg. Men dei gjer som oftast til at eg får den største klumpen i halsen og legger meg alt for seint og blir ukonsentrert og alt blir berre teit. Det burde jo ikkje vere sånn no, ikkje i dag. Vi har spansk fagdag i morgon, og alle veit at eg virkelig ikkje kan dette "eksotiske og spennande" språket. Eg syns det er vanskelig, og eg vil heller ligge i senga mi og lese bøker og høyre på Owl City. Men det skal eg vel gjere når juleferien kjem. Og apropos juleferien, det er jo ikkje litt lenge igjen engang. Fram til det skal eg på fjortisfest på Badabing, eg skal handle ferdig julegåvane, klippe meter på meter med julepapir og juletråd og skjære meg på fingrane, eg skal på juleverkstad, to av dei finaste eg veit om skal komme 'heim' og eg skal tvinge dei eg er glade i til å vere med meg. I tillegg må eg gjere nåke smart snart. Eg har endå ikkje fått sett ein einaste julefilm, og eg trenger å sjå Elf, Grinchen og Love Actually snart. Hjelp meg?

Og så blei eg kjempe skuffa istad når eg fant ut at den skulen eg hadde litt planar om å gå på, ikkje var nåke å satse på likevel. Sånne ting er så himla irriterande, men eg er glad for at eg fant det ut omtrent 1,5 år før eg plutselig må bestemme meg. Akkurat no har eg så mange ting eg vil, men alle retningane er så like og eg vil alle like masse. Æsj, kanskje endar eg opp som sjukepleiar og ser innsida på ting eg ikkje vil sjå innsida på?(he-he-he, Martine).

errrhhh..No skal eg drikke endå litt meir gløgg og stjele julekakene eg og mamsen lagde istad.

lørdag 5. desember 2009

starfucker

omg. No har eg nettopp brukt ein halvtime på å forstå blogg.no, men herregud så vanskelig det er? Eg forstår i allefall ikkje korleis andre klarer å forstå det. Har i allefall klart å få Sigrid sin blogg til å sjå heilt forferdelig ut. Snilla.

Ellers så har eg i dag kjøpt heile 4 julegåver. Eg trudde eg var fattig som Omir Bhatti, men neida. I tillegg gjekk eg og Martine på den romantiske daten på Peppes Pizza, ntåå. Fekk til og med stor pizza sjølv om vi bestilte medium. Eg har fortsatt vondt i magen av metthet.
Men i dag har eg nok ein gang forstått kor lite Førde er. Vi var på JC tre gangar, HM minst 2 gangar og brukte sikkert 30 min på BIKBOK. Det er jo litt koselig, men eg er så redd for å møte dei eg kjøper gåver til. Er det berre meg eller er det litt flaut? Eg likar ikkje å sjå skuffelse i ansikta til dei eg glad i. Gjekk flott i dag, då, men eg har jo fortsatt mange julegåver igjen. På fredag SKAL eg bli ferdig med alle. Åjada, fredag blir nok ein flott kveld. Kjenner eg meg sjølv rett er eg enten den partypooperen klokka 10 eller dritafull og hengande rundt halsen på ei eller annan for å fortelle at eg er sååååå glad i ho. Gler meg! Mest gler eg meg selfølgelig til dagen etterpå, då eg skal jobbe frå 12 til 19. Love my life.

No er eg ganske trøytt, men eg er så utrulig redd for å legge meg. Natt til i dag hadde eg eit mildt mareritt. Eg fekk ein baby, men eg gløymte den heile tida. Eg visste ingenting om den, hadde ingen anelse kven som var faren og fekk ikkje med meg fødselen engang. Det var heilt forderdelig og eg visste ikkje korleis ein skulle amme, men turte heller ikkje å la mamma lære meg det. Kvifor? Fordi eg var så redd for at mamma skulle sjå puppane mine. Og så satt eg i eit eller anna hus saman med Jessica og Sjur, og plutselig så kom eg på at eg hadde gløymt igjen ungen min heime. Og eg var så trist og sliten, for eg hadde så dårlig samvittighet. Ein skal jo liksom forandre seg når ein har unge sant. Tenk om det egentlig er sånn då? Herregud.
Hatar drømmane mine for tida, eg klarer ikkje å sjå på ein viss lærar pga ting eg har drøymt om han.. eg spyr.
Note to self: slutt å sjå på filmar der alle blir gravide, slutt å sjå på Unge Mødre, slutt å sjå på 16 And Pregnant, slutt å sjå på fødslar på youtube og berre.. eg veit ikkje.

Elskar kveldar som dette. Når ein ete mat sjølv om ein er mett, drikker dritmasse brus og berre dør innvendig.... nei, eg likar det ikkje. Kanskje også eg skal forelske meg i ein 20 år gammal gayz frå Sør Afrika? Hmm.
Menmenmen, eg gler meg så til i morgon. Eg skal bake kjeks, som egentlig ikkje er så gode, og eg skal øve spansk. Mitt favorittfag!!! not. Eg skjønar ingenting, men eg skal bruke minst 5 timar på det.

Og ja, www... irriterar meg. Eg likar omtrent kun musikken EG legger innpå no, og eg brukar dritmasse tid på å hoppe over alt mulig som Jessica og Helene legger inn. No virkar eg slem, men eg fekk plutselig litt negativitet over meg. erhrhrhrhhrr. Korleis klarer Nøttelise å vere så forferdelig forelska og glad kvar dag når ho ser kjæresten sin 1 gang i månaden og brukar meir tid på å poute på bilder enn å ha eit sosialt liv? hore.

torsdag 3. desember 2009

sjukt fail

dette er liksom humøret mitt sant. Akkurat no stønnar eg og er dritttsurrrr