søndag 28. februar 2010

d.ø.r

æsj, er så lei av å vere sjuk no. Etter å ha vore halvdød i ei og ei halv veke har eg forstått at det ikkje hjelper å "late som ingenting" og gjere det eg vil sjølv om det gjer vondt i heile kroppen. Så i dag låg eg i senga fram til klokka blei 15, la meg igjen 18:30, stod opp igjen klokka 21, og no skal eg legge meg igjen. Eg er drittlei av senga mi, og å sove er omtrent umulig. Dessutan orkar eg ikkje å lese og den teite HTC-mobilen eg brukar har to spel. iPhonen er fortsatt død og eg skal levere den inn imorra. Får sikkert ikkje ny før om 2-3 veker.. gahh. Einaste lyspunktet i livet no er at eg har ein sånn mini-daim som eg sparte frå laurdagskveld. Den skal eg seriøst nyyyte som om det var mitt siste måltid no om sånn 5 minutt. NAM.

gahhh, show me mercy

onsdag 24. februar 2010

dddejgnkrjnfl

og ja, forresten. No har jo Helene blitt såååå kul og legger ut fantastiske videoar av sauar og slikt, men eg vil berre forklare korleis det har blitt til. For det er nemlig MIN feil! Eg viste ho www.stumbleupon.com!!!! så var det ute av verden.

never mind what anybody else done

eg er så sjuuuuuk. Og eg har selfølgelig tenkt "vil...døøø" mange gangar i løpet av veka, og det er kun onsdag. Heldigvis finst det nasespray, ibux og sånne som Martine og Sjur som gjer at eg ikkje gror heilt fast i senga eller framfor tven.

Fredag var det "omg-partynite" i Førde, og eg var selfølgelig attending. Ein skulle jo ha trudd etter timar med dansing på chatroulette, gele som smakte litt annerledes enn den ein åt i barnehagen og flasker som skulle gjere meg "sååå glad", så ville eg bli nettopp det. Sååå glad altså. Men det blei eg selfølgelig ikkje, og etter å ha "forført" stakkars gutar på dansegolvet saman med Helene og passa på ei småtrøytt Jessica i eit par timar, måtte eg kaste inn handkleet og ringe papsen som fekk mental-breakdown. Stakkars. Høgdepunktet var teit nok å snakke med puzzzzekattten(sjur) som var tydelig glad (..) for å høyre meg skryte av blåmerka mine. For akkurat det er også det som opptar mest av tida mi. Beina mine er både blå og gule og eg føler meg svært vakker.

Sjølv om denne "omg-partynite" i Førde slo litt feil for min del, så skal eg ikkje gi opp med det første. På laurdag er det "omg-partynite" i Førde/Jølster og eg er, fortsatt, selfølgelig attending. Tanken er å gå som ein sjørøvar og "skyte" alle partypoopers. Problemet er at det sikkert blir eg som sutrar halve kvelden og vil heim og sove. Menmen, er jo flott det at eg er ferdig med morodrikker før eg i det heile tatt har lov å innta det! Føler at det er litt sånn med det meste no, og det er jo litt kjedelig.

Andre ting som også er kjedelig er å jobbe. Spesielt når ein er sjuk og vil dø, som sagt. MEN! pengar er ei viktig sak når ein lev i dette samfunnet, og eg skal faen meg ikkje komme tomhandt/tomhendt(????) heim frå Barcelona. Der er eg om tre veker, og eg har tre ting planlagt i kofferten. Nye joggesko, ballerinas, ei trenchoat/lignande som eg skal ha. Heldigvis går mangelen på Sunniva på "fæææmily-tuuur" til Bergen, ikkje den vegen eg forventa. Eg såg for meg vold og slikt, men i staden vil mamma heller påspandere meg jakke og sko eg har sikla etter og virkelig trengt. Flott!

flott ja, no må eg sove innan 9 min om eg skal høyre vekkarklokka i morgon kl 7........... dør
(dør ikkje av dette. og ja, eg veit at musikken min går i det meste som blir sendt på p3, men kva faen skal eg liksom gjere då?????)


torsdag 18. februar 2010

minor lies

love my life. Eg har selfølgelig klart å bli sjuk, og det rett før vinterferien. Typisk meg å bruke heile ferien på å ligge i senga og tenke "vil... døøø".
Å nyse konstant er liksom ikkje berre flaut, det er fysisk vondt. Det svir i halsen min og eg er rett og slett sikker på at eg allerede no har fått blodpropp i lungene. Trudde nysing var enten 4% eller 1/4 orgasme eg, men neida.
Ettersom Helene gir meg "the evil eye" kvar gang eg nevner at eg kaaaanskje ikkje orkar ut i morra, så må eg vel ut likevel. Klarer ikkje vente. Drita full, vondt i beina, altfor lite kle og altfor mange ekle gutar som trur at å danse vil sei å-gnikke-skrittet-sitt-så-nærmt-jenta-sitt-som-mulig-uten-å-kunne-kalle-det-tørrpuling. Som sagt, klarer ikkje vente.

Nei men no har vi matte, så tenker at eg skal spele litt kabal og fortsette å late som om eg forstår aaalt vi gjer på geogebra.org. Ser rundt meg og ser at det faktisk kun er eg, Linn og Malene som ikkje følger med. Esj.

tirsdag 16. februar 2010

faller inn og ut av kjærlighet

ingenting går heilt min veg for tida og eg har det egentlig best frå klokka er åtte til klokka er tre. då går eg nemlig rundt på skulen og tenker på at snart skal eg heim for å sove, snart skal eg bake bollar med ti kilo rosiner og snart kjem undertøyet (endelig) i posten. vel, dei to siste dagane har eg og Martine/marty brukt på å gå rundt nede i sentrum, eg legg meg ikkje før klokka er ett-to, bollane har eg endå ikkje orka å lage og undertøyet har ikkje komt endå, berre pakkelappen. gahhhh seier eg berre.

men eg har vore flink likevel. trur eg i allefall, for ting føles heilt annerledes enn før.
skikkelig (u)flaks at the xx og la roux skal på øya. med tanke på mine foreldre og min økonomi, så ser det liksom ikkje så strålandes ut om eg skal på roskilde, som eg forresten får mindre og mindre lyst på.

har mest lyst å legge til ein skikkelig emo sang, men det blir faktisk Lars Vaular - rett opp & ned. men hey, det er jo sånn humøret mitt er akkurat no.


lørdag 13. februar 2010

via: leloveimage.blogspot.com

onsdag 10. februar 2010

californiaaaa

eg vil ha O.C.!!!!!! skulle ønske eg var ein mamma, då kunne eg ha fått det til valentinsgave/morsdagsgave. fakghfwegligerugntrhuk tr,khfjgn-egt

lørdag 6. februar 2010

anthem


ostebrød, iskaffi, gele. alt eg får til i løpet av ein dag. det var jo ein emo-dag, men likevel.
stemte to gangar i løpet av mgp prix, ser på pink floyd-ting og no døøør eg sakte, men sikkert.
ting eg tenker på: kvifor er filmar så sinnsvakt billig på play.com? kvifor er det så sjukt dyrt å bu på hotell i ozlo? er folk dumme? om ein har coop-kort kostar det kun 1500 kr for to personar to netter lizz. eg tenker at eg må vekk snart... etter barcelona, that is.
guriland, no skal eg og oasis sove. kyzz




torsdag 4. februar 2010

i crumble completely when you cry it seems like once again youve had to greet me with goodbye

vel, er hekta nok ein gang på 505 av Arctic Monkeys. ein av dei få sangane eg ikkje ville høyre live, men selfølgelig fekk høyre likevel på Øya.