mandag 24. mai 2010

i wont stop falling like raindrops because i like it when you loose control


eg er så glad no/i dag/for tida at det gjer vondt i ansiktet pga all smilinga. Det gjer vondt å innrømme det, men sola gjer meg nok litt glad. Sjølv om den kan irritere meg heilt villt, så gjer den alt så innmari masse enklare.
Sidan sist eg blogga, 5 mai, altså nesten 20 dagar sidan, så har det skjedd ganske så masse. Eg har vore på Kreta i ei veke, komt opp i skriftlig eksamen og hatt det himla gøy. I/på Kreta hadde eg sjølvsagt mange angstanfall( fordi eg var så redd for at eg/alle skulle bli drept), men det var ganske ok å stå opp kl 9, ta på seg ein shorts og ei t-skjorte og springe ned til ein ferdig frukost med alt ein kan tenke seg. Det var også ok å ligge i sola og lese dagenlang, ete pasta kvar kveld i ei veke, le av Sigrid som blei forelska i svenskar, å svi av solbrenthet og å kjenne kor masse eg savna å vere heime. Og på onsdagen kom eg opp i engelsk skriftlig, som var akkurat det beste som kunne skje. Eg hoppa opp i taket eit par gangar, smørte meg inn i solkrem og reiste til Chania og kjøpte to ting eg hadde ønska meg LENGE som endå ei belønning:)
Menmenemne, nok sydenprat. Dagen eg kom heim(evt morningen kl 8:14) var det 16 mai! Med andre ord hadde eg og sjuripuzzekat 1 år, det var ein festaften og tid for å mase rundt på alle etter vors. Kvelden blei flott og fin med svært mange bilturar og vener som blei litt vel berusa. Sånn det skal vere, med andre ord.
No kjem eg ikkje på så veldig masse å sei, eeee. Men i går kveld hadde eg og Jessica ein hot date, noko eg vil sjå på som ei slags unnskyldning til ho(for det du veit jessica..). Så vi åt ris på kinaen til 15/20 kr, dessert på peppes og kjøpte film og sprinta til bussen for å sjå dei hos ho. Og når eg skulle ta bussen heim igjen, så stoppa søren meg ikkje den dustebussen! Eg måtte gå frå Grovene, jesus.
I dag har eg lest pittelitt engelsk(eksamen på onsdag), ommøblert og vaska og rydda rommet mitt, køyrt litt bil, laga mat og......... sett ferdig Skins. HERREJESUS den serien. Eg blir så kvalm, glad, lei meg av den og eg hatar at den får meg til å bli skikkelig badass. Men fy søren så fin den er også. Er "litt" glad for at eg har "fått" alle vennane mine til å sjå på det, slik at vi alle kan diskutere ting!!!
Og så ser eg SATC om igjen <3<3<3<33<3<3>

Det er tre sangar som går om og om i hodet mitt no, og dei er SJØLVSAGT stolt av;
og ein tysk greie eller fransk greie som Linn nesten begynte å grine av når ho fekk høyre at eg også likte den. Skal finne det ut imorra elnz.


onsdag 5. mai 2010