tirsdag 12. mai 2009

be my baby, one more time

Idag har eg drukke 1L(!!!!!!!!!!!) iste med limesmak. Eg har sove ganske lenge, høyrt på finfin musikk og tenkt på fine ting/personar. Ikkje berre det, eg har drukke slush, laga vafler, vore på kino OG lest naturfag i timesvis.

sida det var sminkefri-dag på skulen idag, tenkte eg at eg skulle legge ut eit FLOTT bilde av Guro og eg. Vi var så vakre og vene, minn meg på å legge ut fleire sånne flatterande bilder.



note to self: takke Sjur for DIZ ZÅNG.

søndag 10. mai 2009

bhabhjxna




Istad, når eg egentlig skulle lese til samfunnsfagprøva, tok eg meg tid til å slette div e-postar frå mobilen. "Smart" tenker du nok no, men det var det i allefall ikkje. For i samme slengen bestemte eg meg for å "mikse" all musikken på mobilen min. Endte opp med å høyre Belle and Sebastian - Funny little frog OM og om igjen, og som om ikkje det var gale nok, så klarte eg heller ikkje å slutte å synge på den.

I don't dare to touch your hand
I don't dare to think of you
in a physical way
and I don't know how you smell
you are the cover of my magazine
you're my fashion tip, a living museum
I'd pay to visit you on rainy Sundays
and maybe tell you all about it, someday.

lørdag 9. mai 2009


I see you need me
I know you do


glasvegas - geraldine

onsdag 6. mai 2009

ttthheee ppaarrtttyy

Når eg kom heim frå skulen i dag var det ein skummel mann i stova vår. Han var der selfølgelig berre for å innstallere ovnen vår, men no til dags veit ein jo ikkje kva dei kan finne på, så eg tok saka i eigne hender og bega meg ut på ein tur. Først gjekk eg til sjukehuset der eg hadde tenkt å ta ut litt pengar. Det var lettare tenkt enn gjort, for når eg kom bort der var det seriøst så masse folk at eg ikkje turte å gå inn. Merkelig. Etterpå bestemte eg meg for å gå på Vie og bruke minst 20 minutt på å kjøpe nåke, men eg brukte berre 5, der var det nemlig INGEN. Følte meg lite kul der eg traska rundt mellom hyllene og såg desperat etter nåke å kjøpe. Endte opp med madagaskargryte til 35 kr(DYRTTT!T!T!T!). Så sprang eg lystig heim igjen i håp om å endelig få vere litt aleine, men den gang ei. Han var her fortsatt, så eg lista meg opp på rommet. Har kun vore nede ein gang etter at eg kom, så eg veit ikkje eingang om han fortsatt er her. Tør ikkje sjekke. No skal eg smile litt med tanke på at mattetentamen er over, før eg søv i 2 timar +++++.
Eg skal forresten høre denna eit par gangar først.
GODNATT!

mandag 4. mai 2009

I want a boy who's so drunk he doesn't talk

neida. Men høyr Bright Eyes - Lover I don't have to love.

Frå og med i dag begynner mattehelvetet, også kalla mattetentamen-førebuing. Eg likar det svært lite, men eg skal gjere mitt beste, som alltid. Klokka 17.00 idag skal pcen ligge på golvet og der skal den ligge til klokka blir minst 21.00 i kveld. Det same skal skje tirsdag, men onsdag skal eg sitte klistra igjen. Då er det nemlig norskinnlevering som gjeld, dvs at eg må skrive to tekstar på ein kveld. Skyt meg!

søndag 3. mai 2009

null nada

eg har egentlig ingenting å blogge om for tida, men eg kan jo alltids fortelle at eg gler meg meir og meir til Øya for kvar dag som går. Spesielt i dag, for no fann eg ut at Glasvegas var over middels bra. Og ja, høyr Bait av The Little hands of Asphalt og.
Ellers kan eg jo sei at eg leser bloggen til Noel Gallagher som aldri før, han er utrulig flink.

Forresten, krefthåret er no blitt endå verre, om det er mulig. Eg syns jo det er over middels flott, då.

this is for lovers




For min del er denna sangen den einaste grunnen eg trenger for å gifte meg med Pete Doherty.

tirsdag 28. april 2009

ozlo


no skal eg skrive nåke eg EGENTLIG burde ha skrive på sms til Guro, men fordi eg er fattig OG fordi andre og skal få sjansen til å by seg fram, så skriver eg det her.
Kan ikkje vi ta oss ei helg i Oslo snart? Eg begynner å få tvangstankar om fullstappa vesker, tusenvis av handleposar og gnagsår. Eg vil ha det, NO!

vivid



mandag 27. april 2009

søndag 26. april 2009

blablablabla

You want me?
Fucking come on and break the door down
I'm ready


det har vore ei lang og slitsom, men utrulig fin helg. Det er nesten så eg gledar meg til å begynne på skulen igjen, trur veka skal gå fort. Mandag blir det til optikaren igjen, tirsdag er det førebuing til engelsk-tentamen, onsdag er det engelsktentamen, torsdag er det skule, lege, jobb og ut, fredag er det fri og Elin, Nath + Martin kjem heim. Herregud som eg gler meg.
No skal eg prøve å hoste vekk siste rest av "stemmefeilane" mine, eg vakna nemlig opp idag utan stemme, før eg og Guro skal sjå enten Lovlig Blond eller SATC.
Eg gler meg til å sove i kveld, for eg er så utrulig trøtt.

Electable




torsdag 23. april 2009

You look so tiredunhappy,



men det gjer ikkje eg! Eg er så glad, alt er berre supert for tida. Samme sekundet som spanskprøven var over, fekk eg sms om at billettar til Øya var i boks. Eg gledar meg vilt, og eg har nesten begynt å planlegge ka eg skal gå i tilogmed, hahaha.
No skal eg legge meg, lese litt i C! og høyre fantastisk musikk. Kjøpte "Junior" av Røyksopp istad, og no gledar eg meg til å høyre. Vurderar nesten å høyre på discman, kun fordi det gir ei koslig stemning.

onsdag 22. april 2009




I wish it was the sixties
I wish I could be happy
I wish, I wish, I wish that something would happen.

tirsdag 21. april 2009

Mew

am I wry? no
eg hadde glømt kor fin den var, og no vil eg berre danse!

dadadada-dadada

Fantastisk kjedelig dag. Dagens høgdepunkt var nok då eg fekk ta ein evigvarande dusj og høyre på musikk. Det var ganske så kjekt etterpå og, når eg såg at krefthåret mitt var verre enn nåken gang. Har litt(les: egentlig ikkje) lyst på frisørtime på lørdag, men eg veit ikkje heilt endå. Eg burde virkelig gjere nåke med det, men eg er sikker på at dei enten skinnar meg eller klipper meg kjempestygt. Må bleike det, men då får eg berre endå meir krefthår, det er ein ond sirkel.
Og ja, mamma har endelig bestilt synstest på fredag. Eg tippar at eg har minus 4738 no, men det går heilt greit for meg det. Må få meg linser, eg trenger det virkelig. Det er mildt sagt flaut å drive å stirre ubevisst på alle heile tida.

No tenker eg at eg skal prøve å innta litt føde, altså mat, men eg er usikker på korleis det kjem til å gå. Detta er vel dag 5 eller 6 med konstant kvalme. Etter maten skal eg selfølgelig sjå frustrerte fruer, også skal eg nok legge meg. Har litt lyst å lese ei bok, og så finne ein person å snakke om den med. Eg eelskar å diskutere bøker, men det virkar som om ingen leser lengre.

Eg har lært eit nytt spansk ord. Vino = vin.
(hahaha, no la eg merke til at eg høyrer på The New Wine på Spotify! Tilfeldighet? Neppe)

søndag 19. april 2009

livet er herlig





I dag har eg sove lenge og eg har gått rundt i pysjamas til klokka vart både 2 og 3. Eg har høyrt på pop i fleire timar, og eg har sunge med sjølv om eg ikkje har ein anelse på ka teksten er. Eg har blitt kvalm av saft med isbitar og godterihjerter.
Greit, livet er kanskje ikkje så herlig. Men sola skinner, og eg har ikkje litt skyldfølelse for å sitte inne eingang, for eg flassar nemlig i panna. Og eit godt bevis på at man har vore ute i sola, jo det er flass(æsj, for eit ord). No høyrer eg på Røyksopp - Happy up here, og smiler fortsatt av tanken på Tazte Priv.

Klokka halv 9 skal eg og Guro på kino, The boat that rocked, og eg gler meg. Skal straks ta meg eit bad og høyre på Radiohead. Det finst ikkje nåke meir avslappande enn å gå på kino søndagskveld, og det er den beste avslutninga man kan tenke seg. Då kan man lett gjere ingenting dagen lang. Uansett kor kjekk kvelden kan vere, så har eg jo for lengst funne ut at søndagen er den verste dagen i veka, så eg har bestemt at neste søndag skal eg ikkje tilbringe aleine! Ikkje søren. Ingenting er kjedeligare enn å vakne opp aleine ein søndag og tenke: ka skal eg gjere idag? Det er nesten like kjedelig som å våkne opp dagen derpå og lure på ka man har gjort kvelden før. Derfor elskar eg når Guro blir med meg heim etterpå.

ssssssssssss

allah, jesus og moses. Eg har glømt å fortelle om vekas høgdepunkt. Eller nei, ÅRETS høgdepunkt. Min store kjærleik, Stian Grimset, smilte til MEG på fredag. Eg trudde eg skulle døy. Eg ringte selfølgelig mamma på flekken og fortalte om hendinga. Ho lo, og syns heile greia var flott. Det syns eg og.
.. og ja, eg smilte sjølvsagt tilbake!
(no tenker eg at Monica er misunnelig.)


edit: når eg tenker meg om, så syns kanskje ikkje mamma det var så flott. For eg skal jo tross alt gifte meg med.. ka heitte han igjen Monica? Han i Angedalen i allefall, med bondegård og greier.

knives out

eg har vore kvalm tre dagar på rad no, og å sjå på desse bilda her gjorde meg ikkje mindre kvalm for å sei det sånn. Det gjorde heller at eg savna å ete eplerrr dag og natt, men no er eg for kvalm til det og. Tenk deg korleis det er å sitte 6 timar på ein matbutikk.

lørdag 18. april 2009

hadde aldri trudd eg skulle sei det, men ..



denna sangen gir meg frysningar frå topp til tå. Og denna minnar meg så vilt om sommar, sol og evigvarande køyreturar. Eg har aldri tatt så mange bilder i løpet av ein så liten periode. Når eg no ser på bilda, så får eg skikkelig abstinens etter å ta eit bilde, og kjenne at eg er fornøgd med det. Sist gang eg brukte speilreflekskameraet mitt var vel for eit par veker sida, hos Guro. Då blir det meir "åh, duh, tah eth bihlde avh megh i badehkarhret, ihhihih!!"-bilder.
Denna får meg til å tenke, herregud som eg kjem til å få frysningar, dersom eg ser dei live i sommar.

Forresten, eg har begynt å få litt panikk når eg ser på kalenderen, og ser at tida til Guro reiser kjem nærmare og nærmare. Det er akkurat som om tida plutselig stoppar opp og eg ikkje får puste. Eg har ingen anelse om ka eg skal gjere uten ho.
All den musikken eg har begynt å høyre på gjer alt verre.