fredag 5. desember 2008

Promise me she's not your world..

Vi hadde lots and lots of volleyball i gymmen i dag. Eg hadde faktisk gleda meg (!!) litt til det, men det gikk søren meg heilt skeis. Eg var så dårlig at eg nærmast vurderte å berre gå frå timen. Herre Gud og Jesus.
Ellers har dagen vore ganske finfin pga at eg hadde gjort ALLE leksene vi skulle ha gjort i dag. Tjohei! Einaste var at eg holdt på å dø av mageknip i engelsk-timen pga angsten min for at eg måtte lese opp høgt. Vi skulle nemlig skrive et personlig brev om ein teit tekst vi "las" engang. Eg trur eg misforstod ganske kraftig, i og med eg aldri har lest den teksten.

Vel heime var eg teknisk. Eg innstallerte anti-virus på gamle dataen vår! I've missed you old mister Fujitsu. Medan den innstallerte heile 40 oppdateringar, las eg i veg i det gjevandet bladet C!
Det var sikkert dårligaste utgaven eg nåken gang har lest. Utapå stod det: Vi gir deg tipsene til julefestene, et eller anna. Det var berre en haug med stygge kjola og rart tilbehør som ikkje passa litt til.
Sånne ting irritera meg! Heilt ekstremt og.

Istedetfor å sitte der å gremme meg satte eg på Prison Break. Sjølvsagt.
Som vanlig klarte eg kun å sjå ein episode. Det har nesten blitt et ritual for meg å kun sjå ein episode på fredaga. Og eg veit IKKJE kvifor.
Eg såg heller O.C, for å bli litt meir lystig. Men midt i episode 4 var eg så kvalm at eg rett og slett ikkje klarte å sitte oppreist på Yoga-ballen! (nei, eg hadde ikkje brillene på, dvs eg må sitte nærmt inntil TV'n)
Eg gikk berre å la meg, og sov til klokka var halv 9. Eg hadde håpt på å sove for alltid, men nei.
Lurer på korleis det kjem til å gå i kveld, når eg faktisk SKAL sove.

Eg veit ikkje om eg grua meg eller gleda meg til jobb i morgon. Gleda meg i allefall til kvelden!
Håpa det blir ei chill helg. Eg skjønna ikkje heilt koffer alle masa om å gå ut i helgene, og styra som galne for å finne ein plass å vere. Eg er heilt utmatta etter vekedagane, og eg elska å sitte inne og berre slappe av mens fulle ungdomma springe rundt i det kalde været ute.

No skal eg lese en milliard andre blogga, ete litt nonstop og så legge meg!
Guten nacht!

Ingen kommentarer: