søndag 21. mars 2010

where did all the love go


eg har vore så lenge vekke at eg har gløymt korleis ein brukar tastaturet på macen, har ikkje lyst til å trykke på ein einaste sang på spotify og det er eit ork å lese bloggar. Eg vil tilbake til Barcelona, varmt vær og vin til 50 kr flaska.
Men herregud, det er deilig å vere heime igjen også. Senga er mjuk, toalettet har lås og maten er ikkje berre loff og appelsinjuice. Best av alt er selfølgelig å vere med han fine igjen for eg veit at han savna meg litt også, sjølv om han ikkje har grene seg i søvn slik som eg forventa. Som vanlig viste eg min kjærlighet ved å sove og kjefte. Snillaste.

Kofferten stinkar røyk og eg har så kjøpt så masse at eg ikkje hugsar det engang. Ettersom eg ikkje kunne betale 8 euro med kortet på fredag vil eg tru at eg nærmar meg konkurs. Flaks at det berre er 20 dagar igjen til lønning..........
Nei, men positivitet!!! Mamma og pappa er så glade for å ha meg tilbake at dei sikkert vil betale litt forskjellig. Og eg har jo ein femtilapp...




torsdag 11. mars 2010

gi meg noe gass



homofili. hei, eg skal no skrive om martine og det svært kjente fenomenet homofili. eg har nettopp hatt matteprøve og eg bør Vaffal få sekx. "Eg har lyst å få ein kjæreste også dør han".





Litt sånn emo-love liksom. Det eg gler meg til er jo å bli 90 år, sitte i sofaen saman med mannen min og ete nystekte wienerbrød og slurpe kald kaffi.


Men homofili ja. Som sagt eit svært kjent fenomen. Alle veit kva det er, kva det går ut på, og dei fleste er jo ok med det(burde vere det i allefall).




Denne kvinna er i allefall ok+! (no virka eg lesbix)


Men Martine ja. Flott ung kvinne med mange tankar og kjensler. Den verste personen ho har møtt? MEG. Jepp, eg går ho på nervene kvar dag, men likevel held ho ut kvar einaste lunsjpause med meg, lar meg snakke kvar einaste sosiologi-time, it-time og engelsk-time. Flott jente med andre ord. Tema ho likar å snakke om? sminke, hudpleie, sex, kjensler, mat, hennas framtid som sexolog, gutar som på ein eller annan måte er fine, internett, hildechristina.com, vennskap og anti-mobbing. Sidan dette også er tema som interesserer meg (litt) så kozar me oss mykje i kvarandre sitt selskab(det norske selskab 2).




nuss

mandag 8. mars 2010

silver equals gold

no har eg selfølgelig sett første episode av Paradise Hotel. Som alltid brukte eg og Sigrid 90% av tida på å le av alle dei ekle menneska, enorme puppane og sleske hårsveisane. Det er så fantastisk! aahhaahahahahhaaha. No er det jo berre å vente på det resten av Norge (i allefall Jessica) også ventar på - sexscenene. Det er då ein sitter skamflau, fniser og seier "herreguuud så teit". Gledar meg svært.

Det verste med Paradise Hotel er jo selfølgelig at ein blir heilt avhengig. Eg må sjå det kvar kveld, og med det forsvinner jo mitt sosiale liv(facebook). I tillegg er eg jo i Barcelona om ei veke! Fysj. Får sjå alt på tv3.no etterpå(hehehehehhehehe "neida").
Og ang Barcelona, i dag har eg laga pakkeliste og greier. Den blei selfølgelig "litt" for lang som vanlig. I tillegg veit eg ikkje når eg liksom skal pakke. Det er kun fredag eg har tid til å kjøpe ting eg må ha med, laurdag skal eg jobbe og søndag skal eg jo sove heeeeile dagen.

No må eg sove, men først vil eg klage på spotify. No har eg høyrt 2(!!) sangar og reklamen er her igjen, jjjjesus.




søndag 7. mars 2010

the pains of being pure at heart

gahh, eg er heime etter nok ein mislykka kveld der eg skulle bli såå full og ha det såå gøy. Viser seg at å reise ut virkelig ikkje er min ting. Det er så masse bedre å ligge i armkroken til han fine og sjå på dritt på tv. Mislikar sterkt at eg har blitt ein av dei som heller vil vere med kjæresten kvar kveld enn ute og vere fin på vin med venninner, men åååå det er så herlig. Ein trenger ikkje å pynte seg, finne vors, fryse, ha vondt i beina på grunn av høge hælar og dø av hodepinen dagen etterpå. Ein kan ligge rett ut på sofaen og glede seg til eit god natt-kyss når kvelden er over istaden for å legge seg utslitt i ei seng og risikere å ikkje hugse eit snev av kvelden før.










fredag 5. mars 2010

wuhuuuu toroborgen is super kind and so ooon

greeit, så eg er lei av å vente på teite iPhone.
gå inn på www.toroborgen.com og sjå den videoen her:


gjer det han seier og så er du med i trekninga om ein Nokia n97mini til 5000,- !!!!!!!