søndag 30. august 2009

karma's a bitch, eventuelt ikkje.

når eg tenker meg om, så er alt ganske fint. Det er kanskje heilt dustete, men eg føler at karma er litt logisk. Ikkje sånn at du kjem til å vinne ein million i lotto berre fordi du hjelper ei dame over vegen, men dersom du tar intiativ og prøvar, så får du det tilbake. Akkurat det har eg forstått utrulig godt denne veka og eg likar det. Så framover skal eg gjere som terapauten seier, eg skal tørre å ta sjansar og tørre å ta intiativ sjølv om det er omtrent 20% sjanse for at eg blir skuffa. Og om eg blir skuffa, så må eg berre prøve det igjen. Best av alt, det følest heilt fantastisk når du ikkje blir skuffa.

Det er to veker til bursdagen min, og ei veke sidan Guro reiste. Eg hatar søndagar. Dei er så kjedelige. Dei to tinga eg vil gjere, kan eg som oftast ikkje gjere. Å reise på bunnpris og bruke opp alle pengane mine og å reise på mix og leige alle filmane eg vil sjå. Er berre det at mamma ikkje har lyst å køyre meg rundt. Errh, eg vil ta lappen NO. Angåande det å bli 18 osv, eg har allerede no fortalt alle som har bursdag i perioden januar - mars at eg sikkert kjem til å bli bestevennen deira. Altså, det må då vere heilt greit? Dei får ein venn, eg får det eg vil ha.

Ellers har eg så fått kyssesjuka. Planen er: smitte alle eg er glad i, sånn at vi kan ha tidenes sosiale sammenkomst. Visst ikkje det høyrest smart og kjekt osv ut, så veit i allefall ikkje eg.

PUSS PUSS *lagar kysselydar*

lørdag 29. august 2009

all I need are cigarettes and alcohol

så då satt eg her, med klissvått hår og i berre trusa, og sutra over det her. Det er ikkje som om eg ikkje visste det kom til å skje, men no? ååh.
Planen for kvelden er først å late som ingenting, sjå det der komi-showet med mamma og pappa, før eg sutrar meg igjennom Lord don't slow me down.

fredag 28. august 2009

give me one more chance to love you



ååååh, Bloc Party - One more chance

onsdag 26. august 2009

we can dance in our frontroom again

ellers har eg fått ein ny hobby. Å sjå på bilder. Sånn om og om igjen.


CHRIS CRAYMER

JONATHAN LEDER

søndag 23. august 2009

and every occasion once more its called the funeral

og så gjekk det plutselig opp for meg og. Den mest fantastisk jenta i verda, nei den mest fantastiske personen i verda, har gjort det eg har grua meg til i lang lang tid. Guro reiser til USA i morgon, og eg begynner faktisk å grine berre ved å skrive det her. Sjølv om eg er så utrulig glad på hennas vegne og ikkje minst stolt og misunnelig, så skulle eg mest av alt ønske at ho ville vere her i Norge dette året også. Eg gler meg så utrulig til å sjå ho igjen, og eg savnar ho allerede no. Tenk at eg ikkje skal sjå bestevennina mi på nesten eit år? Det er jo ein heilt forferdelig tanke og eg veit at det kjem til å bli like forferdelig i virkeligheten også. Det verste av alt er kor eg gruar meg til å plutselig komme på at eg ikkje kan snakke med ho ansikt til ansikt, ikkje kan le av tullete ting saman med ho, ikkje gjere nåke så kjedelig som å drikke vatn med ho eller berre sjå i taket med ho. Eg veit jo selfølgelig at eg kjem til å bli vant til det, og det er utrulig mange andre eg og kan gjere desse tinga med, men det blir ikkje det samme. Det er jo ingen som er akkurat som ho, og at det ikkje blir oss fire (Marita, Monica, Guro og eg) på eit år er heilt merkelig. Og det er så rart å tenke på kor glad eg har blitt i ho berre i løpet av desse fire åra og korleis vi var bestevennar nesten med ein gang. Eg trur nok at det beste som har skjedd med meg er det at eg kom i 8A på FUSK, at eg møtte Monica for første gang og blei godt kjent med Guro og Marita.
Eg trur ikkje at eg kjem til å orke å leite igjennom alle bildene av oss på dataen fordi eg veit godt at det kjem til å gjere alt verre. Men eit bilde må eg ha med, og eg må ha med den sangen som av ein eller annan grunn passar best i verda til denne dagen. Akkurat det har eg tenkt på i ca 150 dagar(ja, eg har talt) og grunnen er at første gangen eg høyrte akkurat den sangen var eg hos Guro. Heilt sidan eg fekk vite at Guro kom til å reise har eg tenkt på akkurat det kvar gang eg høyrer sangen og då dei spelte den på Øya 09 trudde eg faktisk at eg skulle spy. Sjølv om det var så utrulig fint, ville eg berre vekk derfrå og aldri høyre den igjen. Det er jo heilt rart, men eg veit ikkje.
Guro, eg er så glad i deg at det gjer vondt!!!!!!!!!!!



Band of Horses - The funeral

ahhaahaaahaaa

(det der var ikkje latter, men eit forsøk på sånn puste-greie som er dritkult)
o em ge, det er berre 3 veker til eg har bursdag. Med andre ord, eg er 16 år, 11 månadar og ei veke gammal. Kor kult er ikkje det? Ellers blir jo bursdagar kjedeligare og kjedeligare for kvart år som går, og denne gangen er eg så heldig at eg har bursdag på ein søndag! Awesoooome... eventuelt ikkje. For å gjere akkurat dette ganske ålreit, bør eg få awesome gåvar. OG alle veit jo at for å få awesome gåvar, må ein sende ut ønskeliste gjerne eit år i forvegen. Er litt sein på akkurat det der, men halla alla, tre veker får vere ok.

Her kjem den, i ei varierande rekkefølge.
1. Macbook Pro 13" 4 GB ram
2. iPhone 3GS 16 GB
3. Neglesaks
4. Kattunge. Den kan vere hårlaus, lilla, grå, svart, oransje, kvit eller grønn. Eg bryr meg ikkje så lenge den er villig til å kose med meg både dag og natt.
5. Life, spelet altså. I u-elektronisk form.. lykke til med det.
6. Gossip Girl sesong 2
7. Alle sesongane av Seinfeld
8. Bøker. Absolutt alle frå "litterære drops" i allefall.
9. Fisheye-objektiv til Nikon d40x, ingen anelse kass.
10. Valgfri dagbok/planleggarHERfrå.
11. Samsung tv!!!!!! åhhr 37" trur eg.
12. Oppskrifta på Nordensmoothien som eg forelska meg i på Øya 09.
13. Brune auger for life.
14. Alkohol i dei fleste former.
15. Elgepasta
16. Ny bestevenn
17. Pengar
18. Muffins!!!!!
19. After Eight-sjokolade.


deil og fett

fredag 21. august 2009

abcdefg

Herregud så kjedelig det er å ha fritime midt på dagen. Absolutt ingenting å finne på sidan dei fleste har timar. Eg og Linn sitter her på kvar vår pc og leser om alt og alle. Eg burde vel egentlig ha gjort enten spansk eller engelsk, men eg orkar ikkje. Som vanlig tenker eg at eg tar det på søndag.. nåke som mest sannsynlig ikkje skjer. Det spørst selfølgelig masse på laurdagen. Eg både gledar og gruar meg. Eg gledar meg fordi det kjem til å vere skikkelig koselig saman med nåken av dei eg likar best, men eg gruar meg fordi det betyr at Guro skal reise. Eg har prøvd å ikkje tenke så masse på det, men æsj. I går kveld når pappa henta oss i Angedalen klarte eg ikkje å slutte å tenke på at det er siste gangen på eit år at akkurat det skjer. Eg gruar meg, og eg veit ikkje heilt korleis ting kjem til å bli no, men eg trur det skal gå fint etterkvart. Eg veit i allefall at Guro kjem til å ha det heilt fantastisk, og at det kjem til å bli ganske så fantastisk når ho kjem heimatt. I mellomtida skal det jo skje masse rart her heime i Førde og. Eg har jo mange andre utrulig fine å vere med, men det blir nok ikkje det samme. No orkar eg ikkje å skrive meir om det i og med det gjer meg litt(eventuelt veldig) deppa, såå...
Eg svir skikkelig på tunga fordi eg (som vanlig) har klart å skade meg. Denne gangen er det ikkje pga ein is, men eit drops. Veldig usakelig, eg veit det, men det er liksom ikkje så veldig masse anna å fortelle. Vi har tatt bilder på skulen i dag då. Fotografen var teit, så eg bestemte meg for å vere teit mot han. Er eg skikkelig heldig så velger han vel ut det bildet eg ser teitast ut på. Kjempekjekt!!!!!
Å, ja! I dag har eg ikkje kjent den "nesten-besvime-følelsen" nesten!! Det er i allefall kjempekjekt. Great newz lizm.
No orkar eg ikkje blogge meir, Linn skriver med ein slik hottttttttasianboy på facebook og eg kjenner at eg må ta del i det.
SNAKKZ

mandag 17. august 2009

det er så fint

å tenke på at denne hausten ikkje blir så gale som eg trudde den ville bli, å vere klar over at eg har mange nok dagar igjen saman med Guro til å gjere ting vi vil, å snart skulle sove ei heil natt utan å vakne, å tenke på at eg snart skal sjå menneske eg ikkje har sett på to månadar, å tenke på kor masse fint eg har sett og gjort og høyrt den siste veka og sist, men ikkje minst, det er så utrulig fint å tenke på at eg har ein som gjer meg skjelven kvar einaste gang han kyssar meg.

ååååååå

fredag 7. august 2009

mandag 3. august 2009

can i hold you one last time to fight the feeling that is growing in my mind

i dag tidelig vakna eg med linsene klistra til armen, halvt påkledd og med putene på golvet. Og når eg skriver tidelig, så meinar eg tidelig. Eg var utkvilt kvart over 8! Akkurat dette er det verste eg veit, for det er så kjedelig å ligge i senga og gjere ingenting i fleire timar. Heile dagen har eg egentlig brukt på å gjere ingenting, men det har ikkje vore så gale som eg frykta. Eg har dusja lenge, eg har lakka negler, eg har sett tre filmar, høyrt på utrulig masse musikk, oppdatert facebook altfor mange gangar og lest omtrent alle bloggane eg kunne adressa på. Ein heilt ok dag, med andre ord. Imorgon skal eg på jobb, og sjølv om det ikkje er før elleve så er eg litt stressa. Derfor skal eg no sette på vekkarklokka og høyre på The Kooks til eg sovnar.



flickr, plumerousse

The Kooks - One last time