fredag 31. juli 2009

i see a storm bubbling up from the sea and its coming closer

hehehehehe, ops! Eg har det med å lyge litt for masse, og det eg no lo av og sa "ops" til var det faktum at eg verken åt popcorn eller såg Alfie igår. Utsatte det til i dag, men plutselig var det Paradise Hotel og eg kunne jo for all del ikkje gå glipp av det! Kjenner at det har vore høgdepunktet kvar dag denne veka, og det seier jo ein del. Og nei, no laug eg ikkje, men "I've gotten so good at lying to myself" (bonuspoeng og premie til den som kjenner det igjen uten å google det) burde ha vore tattovert inn på leggen min.
Uansett, akkurat no et eg/hiv eg i meg POLO. Det er så godt at eg neeesten flyttar til Utlandet med stor U for å innta det oftare. Og når vi snakkar om å flytte, då eg istad fortalte Elin at eg i det siste har hatt ein rar følelse av at eg kjem til å flytte til Oslo i haust svarte ho berre "ja, kvifor ikkje?". Eg svarte selfølgelig med det typiske "eeh, la meg tenke... eg er 16?". Ho meinar nemlig at dette er superflott og at eg selfølgelig må gjere det. Dette skjer selfølgelig ikkje før om 2 år, då eg og Guro skal flytte inn i ei minilita, kvit leilighet på Løkka. Vi skal danse rundt i nattkjolar, vi skal invitere Marita og Monica på besøk i helgene, vi skal ta trikken kun for å sjå på menneska, vi skal bli kjent med merkelige menneske, vi skal fnise av alt vi ser, vi skal finne faren til vår(t/)e framtidige barn og vi skal ha det så storarta som berre to jenter på 18 og 19 kan. Eg skal selfølgelig jobbe på H&M og Guro på IKEA. Herregud, eg gler meg så sjukt, sjølv om dette kun verkar som ein skikkelig fjortizdrømhh.
wow, dette blei så usakelig at eg nesten må ta ein heil pakke polo i munnen på ein gong.





i wish

onsdag 29. juli 2009

you shimmy shook my my bone leaving me stranded all alone in love on my own

om to veker er eg i middelalderparken saman med den beste guten i verda og mange av dei finaste eg veit om. Eg gler meg veldig veldig masse og er veldig veldig stressa med å få alt fiksa til då. Det er så masse å gjere, men så veldig lite tid å gjere alt på. Heldigvis har eg kun 6 jobbdagar igjen og det er så fantastisk deilig å tenke på at eg snart er ferdig. Akkurat no lastar eg ned filmen Alfie og eg har tenkt å kose meg med popcorn når den er ferdig. Eg burde heite Feitiva istaden for Sunniva.
Eg gler meg til imorgon, då skal eg vere med den finaste tanteungen i verda og ei av dei to finaste søstrene. Også gler eg meg veldig til laurdag, det skal bli ein koselig kveld - det må det berre. Mamma trur ikkje at eg får vere med nåken av det motsatte kjønn, men det håpar eg. Berre om det er han som eg snakka om i første setning då.



Kings of Leon - Closer


tirsdag 28. juli 2009

sunniva+guro+facebook+msn



ahahahahahhahahhaha

lykke()li(G)

Vel, denne jobbeveka blei 1234567890 gangar bedre enn eg hadde trudd. Dersom denne veka her blir halvparten så gøy så er eg faktisk veldig fornøgd.
Eg orkar ikkje å ramse opp alt, men onsdag inneholdt litt av kvart. (U)stekt grandiosa, smash og flotte jenter er alltid ein flott kombinasjon. Og saman med ei rosa bok, litt znækz og ein gåtur i mørket blei det endå bedre. Bortsett frå "Omg, det er mamma og pappa!!!!" og "eg er så kvaaalm...." var det ganske så perfekt.
Torsdag var også skøy, men eg hugsar av ein eller annan grunn veldig lite. Såg Harry Potter med to flotte og ein brun. Det var gøy.
Fredag farga ein håret til ei flott ei og laurdag var det bursdag/jentekveld hos Marita. Gøy sa du? I fare for å virke fjortis, (=(=omggg det mååå gjentakast!!!!=)=) for det må det. Søndag var eg (endelig) med han finaste igjen, og i dag har eg vore kjempefjortis saman med to flotte.





dette var forresten eit hint til at eg er med på ALT denne veka.

onsdag 22. juli 2009

kom vi visar dom att det är vi men det visste alla redan

Hola! Så sat eg her igjen, sjølv om eg har planar om å sove innan halv 1. Då har eg nemlig 7,5 timar med søvn før eg må opp og rett på jobb igjen. Det er ikkje så gale egentlig, å jobbe meinar eg. Greit, eg tenker "jaaa, no er det berre 4 timar og 37 minutt igjen så er eg ferdig!!!!" ganske ofte, men så har eg det jo litt kjekt og. I dag har eg i allefall vore på "hugget" og vore så heldig at eg fekk stå i kosmetikken. Altså, det er fem ting eg likar med jobben min og dei er:
- Gamle søte menn/kvinner som kjøper wienerbrød til seg og sin kjære for så å bli heilt i ekstase når eg spør etter medlemskort. "ÅH DU ALTSÅ! Det er no så flott at dåke spør etter sånt, eg gløymer det jo alltid". Av og til får eg lyst til å klemme dei, sjølv om dei er gamle, rynkete og ekle.
- Kosmetikken. Eg meinar.. åhhhh. Det finst ikkje bedre enn å stå der og sette på plass shampoo, balsam, deo og tannkostar. Hadde det vore opp til meg hadde vi kun hatt kosmetikken og ..
- .. vaskemiddelavdelinga. Det luktar fantastisk, rett og slett. Eg innhalerar lukta frå tøymyknarane så ofte som mulig og eg er sååå langt ifrå å smake på dei.
- Å hjelpe kundane med å finne ting. Dette er selfølgelig kun når eg er 100% sikker på kvar varene er. F.eks: kvar er melka? Knekkebrødet? Osten?... Kvar er fyrstikkene? Deen sliter eg fortsatt med.
- Samhaldet mellom vi ansatte. Heilt seriøst, eg er sikker på at dersom ein frå.. Metallica hadde begynt å jobbe der - så hadde vi blitt bestevennar på sekundet. ALLE ER SÅ GLADE I KVARANDRE, og det er så gøy.

Så no veit du altså det! Er dessverre ikkje så glad i alt det andre, og derfor siklar eg etter den beste jobben i verda. Men den er hemmelig(og ganske obvious) for tenk om du tek den? arrrhh. Kan nevne at der finnest både klede i massevis og kosmetikk i fleng. Intet tøymyknar då. Får sjå kva eg finn ut av til hausten.

Ellers har eg begynt å tenke på ein ting eg tenkte 24/7 på før. Nemlig Tokyo. Altså, for 6 mnd sidan var det det eeeeinaste eg ville etter VGS. Eg trur mamma kan skrive under på at eg masa på ho om det så fort eg fekk sjansen til det. Kva fag eg måtte ta, kva eg burde gjere, kven eg måtte snakke med, kva skule eg måtte gå vidare på osv osv. Eg har jo fortsatt utrulig lyst, men på same tid er det så masse anna eg og vil. Eg meinar, 1 år i utlandet? EG?
Men så kjem eg jo på at det er meg vi snakkar om. Sunniva som skulle bli advokat, frisør, stylist, ingeniør og alt anna. Min siste plan er å bli nåke eg ikkje veit navnet på eingang, men ein kan visst tene masse pengar og reise til Egypt. Eg har ikkje så lyst til Egypt, men faen heller. Vingle-Sunniva. Er det rart at eg går på allmenn? Forresten, eg måtte google det ordet for å sjekke at eg stava det riktig. Nei, det er ikkje rart. Nåke som er rart er at eg svir nåke sjukt på auga mine.. Eeeefff.. eg har gløymt å ta av linsene mine. Og snakk om linser, hehhhhhh. Eg/Sigrid/Elin har store planar om brune linser no. Eg har brukt den siste halvtimen på å google det, men eg trur det er best å kjøpe på butikken. Tenker at eg skal finne ut av det så fort som mulig. Kan du sjå for deg meg med brune auge? Eg er redd for at eg ikkje kjem til å sjå meg sjølv eingang.

men no, seriøst. Klokka er 01:20 og det er masse musikk å høyre før eg skal sove.



åhhh, drittmusikkvideo, men fantastisk sang.

tirsdag 21. juli 2009

"It means a love that changes you, that shakes you to your core, after which you're never the same"










åååh, dei altså.
vel, det blei verken sykkeltur eller Wimbledon, men det blei blåbær og Sex and the City.

mandag 20. juli 2009

i can't do it well when i think you're gonna leave me now

PLAN FOR DAGEN
Smile og vere grei med alle kundane på jobb, sjølv om dei irriterar vettet av meg alle saman. Sykle tur i regnet og bli våt heilt inn til kroppen. Tvinge dei andre til å sjå Wimbledon med meg medan vi et blåbær.




right where it belongs

vel, no er sommarferien over. I allefall for denne gang, neste gang eg har ferie er det 10 august og eg reiser til Oslo. Men eg orkar ikkje å tenke så negativt, eg har jo massevis av tid sjølv om eg skal jobbe. Er berre det at eg får heilt panikk av tanken på at to av dei finaste eg veit ikkje lengre skal vere her når eg endelig har skikkelig tid. Men det skal nok og gå fint. Planen er å bli endå feitare og ikkje minst shoppe sjuke mengder på topshop.com som sender til Norge no. Fantastisk. Og eg gler meg litt til skulen igjen, å møte igjen dei andre fine, bruke sjuke mengder pengar på rundstykker, iskaffi og nøtter og til å ha fantastiske samtalar om dei sjukaste ting. Det skal bli fint.

Ellers overlevde eg ganske så lenge i Balestrand, vil eg sei. Der var intet radio, drittv og kjedelige aviser. Ikkje sendte eg mange smsar heller. Flink'a. Men det var fint då. Massevis av grillmat, sol, rosé, sjøluft, båtturar, is og kaker. Det negative var masser av hundehår, iskaldt vatn og myggstikk over heile kroppen. Eg klør og klør. Kjempetur, med andre ord.
Og så har eg høyrt på Nine Inch Nails - Right where it belongs kvar einaste dag. Om og om igjen. Heilt seriøst, det er 5 minutt med .. eg veit ikkje, men det er 5 finfine minutt. Og når vi snakkar om NIN, satt og såg på klipp frå konserten på Øya i 07. Wwwwowwwwww. Eg gler meg sånn til august no! Einaste er at eg ikkje eige kle til å reise, eg kjem til å vere kjempestygt kledd frå dag ein. "åååå, ikkje gidd å sutre då, du kan jo berre kjøpe nåke nytt?" HEHE, kjempemorsomt. Er berre litt vanskelig det, når eg har 3 dagar med fri fram til avreise. Også har eg lite med pengar no, og det eg har skal eg bruke dei dagane i Oslo. Finner nok ei løysning.
Og ja, på onsdag skal eg kanskje kanskje vere med mine to flotte piker, Malene og Helene. Eg er sikker på at det kjem til å gjere meg endå meir reisesjuk, eller kva ein kan kalle det.

nei, æsj. Godnatt.

onsdag 15. juli 2009

herregudherregudherreguuuuuud

RADIOEN ER DØD!!!!! Plutselig var det liksom ikkje sååå masse å leve for lengre. Eg har jo radioen/stereoanlegget på rommet mitt, men det er ikkje det samme. Det første eg skal gjer imorra er å HAMSTRE inn batteri. Eg kjenner at eg gler meg heilt sinnsvakt. Tanken på å kunne høyre dei velkjente stemmene igjen gjer at det kriblar i magen (eventuelt får eg vondt inni meg), åååååh.
Ellers har eg endå ei dårlig/vond/trist/fantastisk nyhet; DATAEN MIN GJEKK AV!!! HAAHHAAH. Med andre ord er macen endå litt nærmare å bli min.
Jejeje, merkar at eg veldig lite å formidle, men deeet. Har ete potetnøtter i dag og det var SKIKKELIG godt. Alt blir bedre når ein sit ved kjøkkenbordet trur eg. Faktisk så trur eg at dei beste samtalane i verda som eg har hatt, har vore ved eit kjøkkenbord. Også tvinga eg Guro til å gjere nåke ho ikkje ville, hihihehehahha. Eller, eg visste at ho ville då. WOW, det høyrtest/såg bedre ut i hodet mitt.
Ogsåå har eg snakka engelsk i dag med ein fyr som i følge Guro var søt i ansiktet. Eg er usikker på om eg er uenig eller ikkje, det einaste eg fokuserte var vel på å svare skikkelig. FAAEN så usikker eg blir av å snakke engelsk. Men eg er i allefall ikkje den som skal bu eit år i USA og kan ikkje kan sei "family" endå... HA!


no skal eg finne eit eller anna kult på google som eg vil dele




berre litt inspo til Malene som.. HAR FÅTT SI EIGA LEILIGHET I DAG!!!!!!!! ÆÆÆÆÆHHHHH
ser det ut som dette her, vel då campar eg på golvet hennas!!!!!!!!!!!

mandag 13. juli 2009

ikkje for å vere kvalm eller nåke, men..

dette her ser jo kjempekoselig ut!!!!! eg vil ha regn.
FOR DETTE REGNVÆRET ER NOE AV DET BESTE JEG VET.

teen lovers, dont wait

i dag har eg endelig fått klipt aids/krefthåret mitt. Eg tek meg sjølv i å dra fingrane gjennom håret eit par gangar meir enn gjennomsnittelig, og det er deilig. Blei jo kortare, men langt frå så kort som eg trudde det skulle bli. Ganske greit det, men ganske kjedelig. Eg har ein ting for å gjere litt drastiske ting, sjølv om det ikkje skjer så ofte. Ironisk nok kom Sigrid heim med "hairextentions" idag, frå NILLE. Hahahah. Det verste var vel det at dei passa litt til håret mitt, så no sitter eg her. Ser ut som ei jente på 14 her, med spikerrett hår og plastextentions. KJEKT

No ventar eg på at Guro skal finne ut at EG er den kulaste Sunnivaen ho kjenner, så vi kan sjå litt, ehhehe, Friends. KJEKT (2)
Er litt lei av å ligge her og COOPE, hohohohohohohohohohoh. neida, joda, neindiandianddejfnei.
eeeeeh, ellers så kan eg jo lage ei liste over kjempekjekke ting eg har gjort i dag:
- kjøpt appelsinjuice på bigbite. Altså, kven gjer vel det?
- Høyrt min daglige dose radio, jaaa.
- Trippa rundt i mine fine fine fine fine fine sko
- rydda rommet mitt
- mentalt forberedt meg på eit par dagar med Sigga uten mamma og pappa. Korleis vil dette gå?
- Fått nåke som ligna veldig på eit allergisk anfall, ææææ
- Endelig tørt å sjekke ut speletidene på Øya, woho. Det gjekk ca fint, men krasj mellom Arctic Monkeys og Fever Ray, buhuhuh
- sett sjuke mengder videoar på youtube.
- funne ut at dersom eg var ein gutt, så skulle eg ha vore LIVELAVALIVE/Mmitchelldaviss på youtube.
- hatt hodepine
- laga tidenes smoothie
- endelig fiksa neglene mine. Har kutta både Guro og Sigrid so far i dag.
- brukt altfor masse pengar på undertøy
- brukt altfor masse pengar generelt sett... faktisk
- endelig høyrt den der sangen til Leighton/Blair. Good girl go bad, or whatever.
- funne ut at Metro Station-guten er BROREN TIL HANNAH MONTANA: AHHAHAHAHAH.

dette var kjedelig. ednefdenfefnenfen

lørdag 11. juli 2009

we are the people

den siste tida har eg gjort ein ting: høyrt på radio. FAEN så skøy det er. Når eg går rundt aleine i huset med radioen under armen.. vel.. då kjenner eg meg HEIL. Eventuelt ikkje, men det er skøy. Vi har ledd, vi har dansa, vi har smilt, vi har fått frysningar og vi har vore flaue. P3 in my heart, tenker eg at eg skal tattovere inn på leggen. Ellers er alt flott og slikt. Eg har fått frisørtime og kjenner eg meg sjølv rett, ender eg nok opp skamklipt. Og ja, då er det greit å trøste meg, for då er eg nok skikkelig lei meg. Ellers(2) har eg sett heile første sesong av Californication. KJEMPEKJEKT!!!!! Ellers (3) er eg lei av dette ordet: PJUSKE. Altså, kva faen betyr det? I allefall er det omtrent det einaste søstra mi seier til meg om dagen. "Sunnivaaaa, pjusk meg".

Empire of the sun - We are the people.
OG!!!
Metro Station - Shake it

greit, la til den siste berre for å virke tvilsom, but hey... shake shake shake shake shake it!!!

søndag 5. juli 2009

asdfghjk

asdfghjk presentert bloggen min på Bloggurat.

lørdag 4. juli 2009

eeeehhhr

greit, fekk ikkje sove, så sit fortsatt her i dongerikjolen min og svettar. mmmmhh. what the fuck is you gonna do about it?
fekk nettopp ei flott melding då, der stod det "Great we pickz u up! Be r4ady! :-* nightx", nååååhhhh.
Og ja, no har eg endå meir hodepine enn i går. Kvifor? Pga den jævla folkemusikkfestivalen. ÅHHR.

Simian Mobile Disco - Hustler (Armand Van Helden Remix)

i think im a little bit, little bit, a little bit in love with you, but only if youre a little bit, a little bit, little bit in love with me

hola hola! Er endelig heime frå Stavanger, og det kjennest deilig. Det viser seg at det var omtrent dobbelt så varmt her heime, så dagen i dag har blitt brukt på å svette. Mmmm, hot.
Har vore på stranda i Erdalen med Monica og Malene leenge i dag, og det var flott (og varmt). Målet mitt for 2009 var jo selfølgelig å ikkje bade, men kva skal ein gjere når ein står med vatn til livet og berre døyr etter å bli endå litt kaldare? Det var så gale at eg måtte gi etter for fristelsen og endte opp svømmande. JAJA, då får eg berre gjere alt eg kan for å nå mitt andre mål; ikkje sykle i løpet av heile 2009.
Så no ligg eg her, øm og stiv i heile kroppen, svett og ekkel, solbrent og fregnete og har eit nytt kloremerke/skrapemerke på magen som svir. Men det går fint, alt er nemlig fint når ein høyrer på "Youth Novels", som forresten er fantastisk.
Har absolutt ingenting å skrive akkurat no, eg er nemlig så trøytt at det svir i auga.


<3<3<33<33<<3

Lykke Li - Little bit