mandag 20. juli 2009

right where it belongs

vel, no er sommarferien over. I allefall for denne gang, neste gang eg har ferie er det 10 august og eg reiser til Oslo. Men eg orkar ikkje å tenke så negativt, eg har jo massevis av tid sjølv om eg skal jobbe. Er berre det at eg får heilt panikk av tanken på at to av dei finaste eg veit ikkje lengre skal vere her når eg endelig har skikkelig tid. Men det skal nok og gå fint. Planen er å bli endå feitare og ikkje minst shoppe sjuke mengder på topshop.com som sender til Norge no. Fantastisk. Og eg gler meg litt til skulen igjen, å møte igjen dei andre fine, bruke sjuke mengder pengar på rundstykker, iskaffi og nøtter og til å ha fantastiske samtalar om dei sjukaste ting. Det skal bli fint.

Ellers overlevde eg ganske så lenge i Balestrand, vil eg sei. Der var intet radio, drittv og kjedelige aviser. Ikkje sendte eg mange smsar heller. Flink'a. Men det var fint då. Massevis av grillmat, sol, rosé, sjøluft, båtturar, is og kaker. Det negative var masser av hundehår, iskaldt vatn og myggstikk over heile kroppen. Eg klør og klør. Kjempetur, med andre ord.
Og så har eg høyrt på Nine Inch Nails - Right where it belongs kvar einaste dag. Om og om igjen. Heilt seriøst, det er 5 minutt med .. eg veit ikkje, men det er 5 finfine minutt. Og når vi snakkar om NIN, satt og såg på klipp frå konserten på Øya i 07. Wwwwowwwwww. Eg gler meg sånn til august no! Einaste er at eg ikkje eige kle til å reise, eg kjem til å vere kjempestygt kledd frå dag ein. "åååå, ikkje gidd å sutre då, du kan jo berre kjøpe nåke nytt?" HEHE, kjempemorsomt. Er berre litt vanskelig det, når eg har 3 dagar med fri fram til avreise. Også har eg lite med pengar no, og det eg har skal eg bruke dei dagane i Oslo. Finner nok ei løysning.
Og ja, på onsdag skal eg kanskje kanskje vere med mine to flotte piker, Malene og Helene. Eg er sikker på at det kjem til å gjere meg endå meir reisesjuk, eller kva ein kan kalle det.

nei, æsj. Godnatt.

3 kommentarer:

Helene sa...

Jaa, det skal bli fint det.

Malene sa...

Der sie du no! eg har ikkje tenkt liiitttt på ke eg skal ha med meg av kle til oslo! jaja..

men onsdag ja, det mååå bli!! :))

Sunniva sa...

Eg har tenkt masse!! Håpar på masse forskjellig vær, men helst overskya :)
onsdag må bli ja, vi må snakkast om det???