hola hola! Er endelig heime frå Stavanger, og det kjennest deilig. Det viser seg at det var omtrent dobbelt så varmt her heime, så dagen i dag har blitt brukt på å svette. Mmmm, hot.
Har vore på stranda i Erdalen med Monica og Malene leenge i dag, og det var flott (og varmt). Målet mitt for 2009 var jo selfølgelig å ikkje bade, men kva skal ein gjere når ein står med vatn til livet og berre døyr etter å bli endå litt kaldare? Det var så gale at eg måtte gi etter for fristelsen og endte opp svømmande. JAJA, då får eg berre gjere alt eg kan for å nå mitt andre mål; ikkje sykle i løpet av heile 2009.
Så no ligg eg her, øm og stiv i heile kroppen, svett og ekkel, solbrent og fregnete og har eit nytt kloremerke/skrapemerke på magen som svir. Men det går fint, alt er nemlig fint når ein høyrer på "Youth Novels", som forresten er fantastisk.
Har absolutt ingenting å skrive akkurat no, eg er nemlig så trøytt at det svir i auga.
<3<3<33<33<<3
Lykke Li - Little bit
1 kommentar:
Ai like u swimmin' <3
Legg inn en kommentar