mandag 29. juni 2009

greetings from Stavanger

hallo hallei, det er inge som ringe'.
Eg har masse masse masse å fortelle, men eg tvilar sterkt på at eg klarar å hugse å skrive alt.
Køyreturen gjekk heldigvis ikkje som eg frykta, den gjekk nemlig ganske så fort og eg sov omtrent heile turen. Var ikkje framme før 7, om eg hugsar rett, og vi reiste jo klokka 10! Anyroad, så stoppa vi jo mange plassar då. Ikkje minst, vi tok gassferje, nåke som var ganske så skremmande. Kvifor? Fordi dei hadde skjermar med sikkerhetsinstruksjonar på. Eg meinar, på ei FERJE? Treng ein det der? Eg skal aldri meir bevege meg ut på havet i allefall. Med andre ord, hadet til Oslo, Bergen og omtrent alle andre interessante byar. jaja.

I dag vakna eg av smellet som kom frå mobilen som traff bakken, og ikkje lenge etterpå satt eg ikledd berre jumpsuit i frukostsalen. Og herregud for ein frukost. Vi snakkar all slags ost, frukt, grønsaker, yogurtar osv osv. Ikkje minst, SVELER. mmmmm. SÅ trilla vi "ned" til sentrum, eller kva ein skal kalle det. Etter at eg forelska meg i ein by Malene Birger kjole til den nette sum av 3599 kr blei plutselig alt anna stygt. Det gjorde faktisk VONDT å etterlate kjolen (og eit fantastisk par sko frå Chloé til 2199 kr), men eg kunne jo ikkje akkurat kjøpe den(dei). Etter masse masse trøsteshopping fant eg plutselig nåke som toppa det heile. Dei mest fantastiske skoa eg har sett på leeenge. Åh GUD så fine dei er. Best av alt, eg har dei på meg no. Gjer det vondt? JA. Er eg glad? JAAAAA! Wonderful, og akkurat no bryyyr eg meg ikkje om eg ser snobbete ut (...).
Ellers har eg ete ein halv boks Ben & Jerry's cookie dough i dag. Det var godtH.
Konklusjon: eg er eigar av ein vaksande garderobe og eit fantastisk skopar, og ikkje minst forelska. Kan det bli bedre? NEPPE!

I morra skal eg på Kvadrat, som tydeligvis er eit svææært kjøpesenter(aka heaven). Der skal eg svi av endå "litt" meir pengar, og no når eg nettopp såg at dei hadde platekompaniet der, blei eg endå litt lykkeligare. Onsdag skal vi visst på preikestolen, og dersom eg ikkje svarar på sms/anrop, så har eg nok mest sannsynleg kasta meg utfor/falt utfor.
No svir det på låra(eg har eit nytt skjørt på meg, ihihihihi) og eg kjenner at ryggen og føttene mine verker. Med andre ord skal eg skru av pcen.
HADETBRAAA og send meg gjerne ein sms sidan eg mine einaste samtalepartnarar er for tida butikkmedarbeidarar og famile. Eg treng anna sosial kontakt.


det er her eg sikkert seier mitt siste ord!!!!! skummelt? jaaaneeeijoookaasnkje.

Ingen kommentarer: