søndag 28. juni 2009

Lurar jag mig själv med huvudet i sanden, tänker gå hem till dig

eg er så sliten at eg ikkje får sove. istaden høyrer eg på familjen, som eg har gjenoppdaga.
Har møtt fleire som kom heim frå hove i dag. Han eine var så brun og sliten at det virka heilt fantastisk, han andre var så glad og snill at han faktisk tvinga meg til å la han bære alle korgene for meg. Skummelt og flaut? JA. Deilig? JA
Må forresten fortelle om min lille situasjon. Istad når eg sprang rundt i høge hælar, med musikk på full guffe og prøvde å pakke alle klea mine ned i kofferten, forstod eg plutselig at det her måtte det bli slutt på. Einaste grunnen til at eg gler meg til Stavanger er jo shopping(og hotellfrukost.. og hotellsenger.. oog å reise vekk litt), men med ein stappfull koffert(og to stappfulle vesker) er det litt vanskelig å ta med så masse heimatt. Kva gjer ein? Eg har ingen anelse. Eg er nemlig sikker på at ein treng 10 bhar på 5 dagar, og ikkje minst 15 t-skjorter og sokkar. Dette gjer eg forresten kvar gang, eg må nærmast alltid sette meg på kofferten for å få den igjen, spesielt når eg skal heimatt. Då er vi ofte to eller tre oppå kofferten (unnskyld pappa).
Ellers så er eg sikker på at dersom ein hadde lagt til _litt_ tristare musikk, eit par cm til på hælane mine, pøsregn og litt fleire tårer, så hadde det blitt ei ganske så perfekt filmscene. Kult.. eventuelt ikkje.

nei, men no begynner det å svi litt i auga mine(nei, eg griner ikkje og nei det er ikkje augebetennelsen). EG ER TRØYTT og det er deilig.
Til sist, veersåsnill og bli hekta på denne sangen HER og spre det vidare til heile Førde, eller Norge om du vil. Kvifor? då kan eg høyre den i heile sommar hos alt og alle.


vi skal ikkje ta oss ein tur til Danmark då?

Ingen kommentarer: