onsdag 22. juli 2009

kom vi visar dom att det är vi men det visste alla redan

Hola! Så sat eg her igjen, sjølv om eg har planar om å sove innan halv 1. Då har eg nemlig 7,5 timar med søvn før eg må opp og rett på jobb igjen. Det er ikkje så gale egentlig, å jobbe meinar eg. Greit, eg tenker "jaaa, no er det berre 4 timar og 37 minutt igjen så er eg ferdig!!!!" ganske ofte, men så har eg det jo litt kjekt og. I dag har eg i allefall vore på "hugget" og vore så heldig at eg fekk stå i kosmetikken. Altså, det er fem ting eg likar med jobben min og dei er:
- Gamle søte menn/kvinner som kjøper wienerbrød til seg og sin kjære for så å bli heilt i ekstase når eg spør etter medlemskort. "ÅH DU ALTSÅ! Det er no så flott at dåke spør etter sånt, eg gløymer det jo alltid". Av og til får eg lyst til å klemme dei, sjølv om dei er gamle, rynkete og ekle.
- Kosmetikken. Eg meinar.. åhhhh. Det finst ikkje bedre enn å stå der og sette på plass shampoo, balsam, deo og tannkostar. Hadde det vore opp til meg hadde vi kun hatt kosmetikken og ..
- .. vaskemiddelavdelinga. Det luktar fantastisk, rett og slett. Eg innhalerar lukta frå tøymyknarane så ofte som mulig og eg er sååå langt ifrå å smake på dei.
- Å hjelpe kundane med å finne ting. Dette er selfølgelig kun når eg er 100% sikker på kvar varene er. F.eks: kvar er melka? Knekkebrødet? Osten?... Kvar er fyrstikkene? Deen sliter eg fortsatt med.
- Samhaldet mellom vi ansatte. Heilt seriøst, eg er sikker på at dersom ein frå.. Metallica hadde begynt å jobbe der - så hadde vi blitt bestevennar på sekundet. ALLE ER SÅ GLADE I KVARANDRE, og det er så gøy.

Så no veit du altså det! Er dessverre ikkje så glad i alt det andre, og derfor siklar eg etter den beste jobben i verda. Men den er hemmelig(og ganske obvious) for tenk om du tek den? arrrhh. Kan nevne at der finnest både klede i massevis og kosmetikk i fleng. Intet tøymyknar då. Får sjå kva eg finn ut av til hausten.

Ellers har eg begynt å tenke på ein ting eg tenkte 24/7 på før. Nemlig Tokyo. Altså, for 6 mnd sidan var det det eeeeinaste eg ville etter VGS. Eg trur mamma kan skrive under på at eg masa på ho om det så fort eg fekk sjansen til det. Kva fag eg måtte ta, kva eg burde gjere, kven eg måtte snakke med, kva skule eg måtte gå vidare på osv osv. Eg har jo fortsatt utrulig lyst, men på same tid er det så masse anna eg og vil. Eg meinar, 1 år i utlandet? EG?
Men så kjem eg jo på at det er meg vi snakkar om. Sunniva som skulle bli advokat, frisør, stylist, ingeniør og alt anna. Min siste plan er å bli nåke eg ikkje veit navnet på eingang, men ein kan visst tene masse pengar og reise til Egypt. Eg har ikkje så lyst til Egypt, men faen heller. Vingle-Sunniva. Er det rart at eg går på allmenn? Forresten, eg måtte google det ordet for å sjekke at eg stava det riktig. Nei, det er ikkje rart. Nåke som er rart er at eg svir nåke sjukt på auga mine.. Eeeefff.. eg har gløymt å ta av linsene mine. Og snakk om linser, hehhhhhh. Eg/Sigrid/Elin har store planar om brune linser no. Eg har brukt den siste halvtimen på å google det, men eg trur det er best å kjøpe på butikken. Tenker at eg skal finne ut av det så fort som mulig. Kan du sjå for deg meg med brune auge? Eg er redd for at eg ikkje kjem til å sjå meg sjølv eingang.

men no, seriøst. Klokka er 01:20 og det er masse musikk å høyre før eg skal sove.



åhhh, drittmusikkvideo, men fantastisk sang.

2 kommentarer:

Malene sa...

under di "kule barna" dine må du legge til "www.malenenu.blogspot.com" :D:D:D

Helene sa...

Mm, nydelig. Og det trur eg drillpikene synst óg! Ha det kjekt på jobb!!