søndag 23. august 2009

ahhaahaaahaaa

(det der var ikkje latter, men eit forsøk på sånn puste-greie som er dritkult)
o em ge, det er berre 3 veker til eg har bursdag. Med andre ord, eg er 16 år, 11 månadar og ei veke gammal. Kor kult er ikkje det? Ellers blir jo bursdagar kjedeligare og kjedeligare for kvart år som går, og denne gangen er eg så heldig at eg har bursdag på ein søndag! Awesoooome... eventuelt ikkje. For å gjere akkurat dette ganske ålreit, bør eg få awesome gåvar. OG alle veit jo at for å få awesome gåvar, må ein sende ut ønskeliste gjerne eit år i forvegen. Er litt sein på akkurat det der, men halla alla, tre veker får vere ok.

Her kjem den, i ei varierande rekkefølge.
1. Macbook Pro 13" 4 GB ram
2. iPhone 3GS 16 GB
3. Neglesaks
4. Kattunge. Den kan vere hårlaus, lilla, grå, svart, oransje, kvit eller grønn. Eg bryr meg ikkje så lenge den er villig til å kose med meg både dag og natt.
5. Life, spelet altså. I u-elektronisk form.. lykke til med det.
6. Gossip Girl sesong 2
7. Alle sesongane av Seinfeld
8. Bøker. Absolutt alle frå "litterære drops" i allefall.
9. Fisheye-objektiv til Nikon d40x, ingen anelse kass.
10. Valgfri dagbok/planleggarHERfrå.
11. Samsung tv!!!!!! åhhr 37" trur eg.
12. Oppskrifta på Nordensmoothien som eg forelska meg i på Øya 09.
13. Brune auger for life.
14. Alkohol i dei fleste former.
15. Elgepasta
16. Ny bestevenn
17. Pengar
18. Muffins!!!!!
19. After Eight-sjokolade.


deil og fett

2 kommentarer:

Helene sa...

Wow... koffor i huleste hadde ikkje eg høyrt om personlig almanacka når eg hadde bursdag :(:(:(

Sunniva sa...

der ser du!!!!