fredag 21. august 2009

abcdefg

Herregud så kjedelig det er å ha fritime midt på dagen. Absolutt ingenting å finne på sidan dei fleste har timar. Eg og Linn sitter her på kvar vår pc og leser om alt og alle. Eg burde vel egentlig ha gjort enten spansk eller engelsk, men eg orkar ikkje. Som vanlig tenker eg at eg tar det på søndag.. nåke som mest sannsynlig ikkje skjer. Det spørst selfølgelig masse på laurdagen. Eg både gledar og gruar meg. Eg gledar meg fordi det kjem til å vere skikkelig koselig saman med nåken av dei eg likar best, men eg gruar meg fordi det betyr at Guro skal reise. Eg har prøvd å ikkje tenke så masse på det, men æsj. I går kveld når pappa henta oss i Angedalen klarte eg ikkje å slutte å tenke på at det er siste gangen på eit år at akkurat det skjer. Eg gruar meg, og eg veit ikkje heilt korleis ting kjem til å bli no, men eg trur det skal gå fint etterkvart. Eg veit i allefall at Guro kjem til å ha det heilt fantastisk, og at det kjem til å bli ganske så fantastisk når ho kjem heimatt. I mellomtida skal det jo skje masse rart her heime i Førde og. Eg har jo mange andre utrulig fine å vere med, men det blir nok ikkje det samme. No orkar eg ikkje å skrive meir om det i og med det gjer meg litt(eventuelt veldig) deppa, såå...
Eg svir skikkelig på tunga fordi eg (som vanlig) har klart å skade meg. Denne gangen er det ikkje pga ein is, men eit drops. Veldig usakelig, eg veit det, men det er liksom ikkje så veldig masse anna å fortelle. Vi har tatt bilder på skulen i dag då. Fotografen var teit, så eg bestemte meg for å vere teit mot han. Er eg skikkelig heldig så velger han vel ut det bildet eg ser teitast ut på. Kjempekjekt!!!!!
Å, ja! I dag har eg ikkje kjent den "nesten-besvime-følelsen" nesten!! Det er i allefall kjempekjekt. Great newz lizm.
No orkar eg ikkje blogge meir, Linn skriver med ein slik hottttttttasianboy på facebook og eg kjenner at eg må ta del i det.
SNAKKZ

Ingen kommentarer: