søndag 23. august 2009

and every occasion once more its called the funeral

og så gjekk det plutselig opp for meg og. Den mest fantastisk jenta i verda, nei den mest fantastiske personen i verda, har gjort det eg har grua meg til i lang lang tid. Guro reiser til USA i morgon, og eg begynner faktisk å grine berre ved å skrive det her. Sjølv om eg er så utrulig glad på hennas vegne og ikkje minst stolt og misunnelig, så skulle eg mest av alt ønske at ho ville vere her i Norge dette året også. Eg gler meg så utrulig til å sjå ho igjen, og eg savnar ho allerede no. Tenk at eg ikkje skal sjå bestevennina mi på nesten eit år? Det er jo ein heilt forferdelig tanke og eg veit at det kjem til å bli like forferdelig i virkeligheten også. Det verste av alt er kor eg gruar meg til å plutselig komme på at eg ikkje kan snakke med ho ansikt til ansikt, ikkje kan le av tullete ting saman med ho, ikkje gjere nåke så kjedelig som å drikke vatn med ho eller berre sjå i taket med ho. Eg veit jo selfølgelig at eg kjem til å bli vant til det, og det er utrulig mange andre eg og kan gjere desse tinga med, men det blir ikkje det samme. Det er jo ingen som er akkurat som ho, og at det ikkje blir oss fire (Marita, Monica, Guro og eg) på eit år er heilt merkelig. Og det er så rart å tenke på kor glad eg har blitt i ho berre i løpet av desse fire åra og korleis vi var bestevennar nesten med ein gang. Eg trur nok at det beste som har skjedd med meg er det at eg kom i 8A på FUSK, at eg møtte Monica for første gang og blei godt kjent med Guro og Marita.
Eg trur ikkje at eg kjem til å orke å leite igjennom alle bildene av oss på dataen fordi eg veit godt at det kjem til å gjere alt verre. Men eit bilde må eg ha med, og eg må ha med den sangen som av ein eller annan grunn passar best i verda til denne dagen. Akkurat det har eg tenkt på i ca 150 dagar(ja, eg har talt) og grunnen er at første gangen eg høyrte akkurat den sangen var eg hos Guro. Heilt sidan eg fekk vite at Guro kom til å reise har eg tenkt på akkurat det kvar gang eg høyrer sangen og då dei spelte den på Øya 09 trudde eg faktisk at eg skulle spy. Sjølv om det var så utrulig fint, ville eg berre vekk derfrå og aldri høyre den igjen. Det er jo heilt rart, men eg veit ikkje.
Guro, eg er så glad i deg at det gjer vondt!!!!!!!!!!!



Band of Horses - The funeral

Ingen kommentarer: