søndag 30. august 2009

karma's a bitch, eventuelt ikkje.

når eg tenker meg om, så er alt ganske fint. Det er kanskje heilt dustete, men eg føler at karma er litt logisk. Ikkje sånn at du kjem til å vinne ein million i lotto berre fordi du hjelper ei dame over vegen, men dersom du tar intiativ og prøvar, så får du det tilbake. Akkurat det har eg forstått utrulig godt denne veka og eg likar det. Så framover skal eg gjere som terapauten seier, eg skal tørre å ta sjansar og tørre å ta intiativ sjølv om det er omtrent 20% sjanse for at eg blir skuffa. Og om eg blir skuffa, så må eg berre prøve det igjen. Best av alt, det følest heilt fantastisk når du ikkje blir skuffa.

Det er to veker til bursdagen min, og ei veke sidan Guro reiste. Eg hatar søndagar. Dei er så kjedelige. Dei to tinga eg vil gjere, kan eg som oftast ikkje gjere. Å reise på bunnpris og bruke opp alle pengane mine og å reise på mix og leige alle filmane eg vil sjå. Er berre det at mamma ikkje har lyst å køyre meg rundt. Errh, eg vil ta lappen NO. Angåande det å bli 18 osv, eg har allerede no fortalt alle som har bursdag i perioden januar - mars at eg sikkert kjem til å bli bestevennen deira. Altså, det må då vere heilt greit? Dei får ein venn, eg får det eg vil ha.

Ellers har eg så fått kyssesjuka. Planen er: smitte alle eg er glad i, sånn at vi kan ha tidenes sosiale sammenkomst. Visst ikkje det høyrest smart og kjekt osv ut, så veit i allefall ikkje eg.

PUSS PUSS *lagar kysselydar*

3 kommentarer:

Helene sa...

.. og eg har svineflu'. Sosial sammenkomst - ok!
Fin avslutning. Herlich.

Sunniva sa...

puss puss! vi kan vere søte sammen. Sjå på flotte tv-seriar etc.
Men serr, har du svineflu????

maren sa...

jaaa, men har ikke råd til de nå :( men fikk jobb ista da, så kanskje!