søndag 7. mars 2010

the pains of being pure at heart

gahh, eg er heime etter nok ein mislykka kveld der eg skulle bli såå full og ha det såå gøy. Viser seg at å reise ut virkelig ikkje er min ting. Det er så masse bedre å ligge i armkroken til han fine og sjå på dritt på tv. Mislikar sterkt at eg har blitt ein av dei som heller vil vere med kjæresten kvar kveld enn ute og vere fin på vin med venninner, men åååå det er så herlig. Ein trenger ikkje å pynte seg, finne vors, fryse, ha vondt i beina på grunn av høge hælar og dø av hodepinen dagen etterpå. Ein kan ligge rett ut på sofaen og glede seg til eit god natt-kyss når kvelden er over istaden for å legge seg utslitt i ei seng og risikere å ikkje hugse eit snev av kvelden før.










Ingen kommentarer: