torsdag 14. mai 2009

...,.,..,.,.,.

no er det så varmt at eg VURDERAR å ta av meg cardiganen. Og det skjer sjelden, veldig sjelden. Eg hatar at det skal vere sol heile tida, eg frustrerar meg rett og slett over det. Det er altfor varmt, russen skal absolutt vere så teit, man får sola i auga, får hodepine, må gå i lite kle, det luktar gras, det luktar/ har lukta gylling, man bør vere ute, alle andre er ute, det er masse å gjere som vanlig, det er vanskelig å puste, drittungar overalt og snart kjem vel "skal vi bade?"-smsane. DÅ, DÅ smeller det. Då skal eg kjøpe absolutt alle sesongane av Seinfeld og vere innelåst på stova fram til det pøsar ned igjen.

JA, eg er i dårlig humør. NEI, vi kom ikkje opp i engelsk skriftlig. JA, det er norskinnlevering. JA, eg skal på jobb imorra. JA, det er gym imorra. NEI, det gjekk ikkje supert på naturfagprøva.
Ein dag skal eg hyre inn 200 menn/kvinner som skal gjere alt for meg. Vi snakkar vaske håret mitt, børste håret mitt, sminke meg, kle på meg, vekke meg, rydde for meg, ta telefonane for meg, opne døra, gjere ALT skulearbeid for meg, ete for meg, drikke for meg.

JA, eg likar "," og "." idag. Egentlig alltid, når eg tenker meg om.


avsluttar med eit fint bilde av George.

2 kommentarer:

Helene sa...

DEILIG bilde .. mm.

Sunniva sa...

han er faktisk hot!