onsdag 6. mai 2009

ttthheee ppaarrtttyy

Når eg kom heim frå skulen i dag var det ein skummel mann i stova vår. Han var der selfølgelig berre for å innstallere ovnen vår, men no til dags veit ein jo ikkje kva dei kan finne på, så eg tok saka i eigne hender og bega meg ut på ein tur. Først gjekk eg til sjukehuset der eg hadde tenkt å ta ut litt pengar. Det var lettare tenkt enn gjort, for når eg kom bort der var det seriøst så masse folk at eg ikkje turte å gå inn. Merkelig. Etterpå bestemte eg meg for å gå på Vie og bruke minst 20 minutt på å kjøpe nåke, men eg brukte berre 5, der var det nemlig INGEN. Følte meg lite kul der eg traska rundt mellom hyllene og såg desperat etter nåke å kjøpe. Endte opp med madagaskargryte til 35 kr(DYRTTT!T!T!T!). Så sprang eg lystig heim igjen i håp om å endelig få vere litt aleine, men den gang ei. Han var her fortsatt, så eg lista meg opp på rommet. Har kun vore nede ein gang etter at eg kom, så eg veit ikkje eingang om han fortsatt er her. Tør ikkje sjekke. No skal eg smile litt med tanke på at mattetentamen er over, før eg søv i 2 timar +++++.
Eg skal forresten høre denna eit par gangar først.
GODNATT!

Ingen kommentarer: