søndag 6. september 2009

love my life

i dag stod eg opp klokka 1, klokka halv 2 og klokka halv 4. Eg er heilt utslitt etter å ha sove så masse, og no gledar eg meg kjempemasse til å gjere spansk og lese historie! Eventuelt ikkje. Eg vil heller kle på meg dongeribukse og ein stygg gensar, for så å legge meg under dyna og sove til i morgon. Nei, eg vil forresten stå opp klokka ti, gå ein lang tur i regnet og så legge meg igjen. Veit ikkje heilt om eg orkar den der turen egentlig, har fortsatt KOLS/AIDS-smerter og eg døyr inni meg kvar gang eg pustar. Er det normalt, eller skal eg bli avholds for livet? ååå, eg er dritredd.

Eg såg 2:37 igår. Ein av dei verste og beste filmane eg har sett. Beste som i ein sånn film du hugsar, som har meining på ein måte. Verste som i at eg fekk vondt inni meg, og at tanken på at folk har det så gale og gjer så gale ting gjer meg kvalm. Eg ser for meg ho jenta i den ekle bloddammen på golvet, åååh.. Eg trur ikkje at eg skal sjå den igjen, egentlig. Sjukt dårlig trailer,æsj, men sjå den uansett - HER. Eg skal i allefall aldri, aldri vere slem mot nåken igjen.

3 kommentarer:

Helene sa...

Den filmen har vi jo! Utrulig bra.

Helene sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Sunniva sa...

Selfølgelig har dåke den, pappaen din har jo alle filmar.