søndag 4. oktober 2009

don't think that im pushing you away when you are the one ive kept closest

Er eg gal om eg seier at eg egentlig skulle ønske det var skule imorra? Eg har ikkje lyst på ferie, for eg gjer aldri det eg planlegger. Dei tre-fire vekene før ferien begynner har eg liksom alt planlagt. Eg skal gjere det og det, eg skal dit og dit og eg skal vere med den og den. Vel, akkurat no har eg ingen anelse, og eg hatar at det er slik. For det er alltid slik. Ferien har ikkje engang begynt, men eg har tatt eit eviglangt bad og fiksa neglene mine(det trengtest) og alt det der. Sett på SATC og ete is, det vanlige. Eg kunne ha betalt 3000 kr for å hatt macen her i fanget mitt her og no. Berre for å ha nåke å gjere på. Herregud så materialistisk eg er. Sist eg hugsar at eg var skikkelig skikkelig glad var vel faktisk då eg fekk iPhonen i mars. Ikkje at eg ikkje er glad ellers for det er eg jo. Eg er glad når eg ler, når eg er med han der, når eg ser på fine ting på tv, når Zorro legger seg frivillig i senga mi, når folk rundt meg smiler, når eg høyrer på musikk og alt det der, men nei. Men eg blei ganske glad i stad, då eg plutselig ikkje var aleine i badekaret. Plutselig var der ein søt, blå pusekatt!!!!

(eg trur det er fysisk umulig å bli meir hekta enn eg er. Eg elskar når det skurrar litt i øyra fordi eg har den så altfor høgt på. Også er teksten så altfor riktig og fin)

Ingen kommentarer: