lørdag 24. oktober 2009

seventeen and dumb, look at me i know right from wrong

I dag likar eg å stå heilt i ro, Briskeby, surt smågodt, ananas(sjølv om det svir i munnen etter alt smågodtet), vanilllacoke, å strekke beina fordi det gjer så utrulig vondt, farmville, mac, kaninøyre-hårbøylar, kvite kjolar, snille jenter som seier at det er greit når du klagar, hjartesmil.blogg.no, tanken på Spotify utan reklamen, min nye eos-lipbalm og å slikke meg på leppene.

Ellers så er eg litt kvalm og det svir i auga. Eg har ete fajitas for første gang, eg har drukke cherrycoke for første gang og eg har sett mange mange menneske i Førde for første gang.
Dessutan har eg kjøpt ein fantastisk fin kjole, fått rare blikk fordi eg har sagt ting som "herregud, eg er så sliten i rumpa" og prøvd hanskar som ser ut som om dei kjem frå hore.no.
No gler eg meg berre til neste helg, og til å kose meg saman med fine jenter igjen.
Men først skal eg tvinge Sigrid til å sjå ein grinefilm slik at eg igjen kan forstå at eg egentlig har det ganske så greit. (Og eg skal høyre denne sangen om og om igjen)

kyss med smak av 'summer fruit' og eit snev av 'sweet mint'.


2 kommentarer:

Helene sa...

Det her var eit kjekt innlegg, rett og slett.
Vart ein del stønning i Førde i går ja, men det får så vere! ... og no må du ikkje klage så sterkt over horehanskane du faktisk har tenkt å kjøpe! :)

Sunniva sa...

Neimen takk du!
Hahha, ein del ++.
Nei, horehanskar er fint:)