lørdag 26. desember 2009

i wonder what keeps us so high up


snow, hey oh! Vel, då var årets begivenhet forbi og eg sit tilbake i godstolen med koppen full av noko svart gørre og med pipa i munnkroken. Neida, vennendin er ikkje mann ENDÅ.
Faktisk så trur eg ikkje at det skjer på ei stund. Eg har hatt tidenes jente-jul og omtrent kvar einaste ein av julegåvene mine er kun for jenter(eller gutar som likar å lukte jordbær og andre deilige ting). Med andre ord er eg svært, SVÆRT, fornøgd. Eg veit ikkje om det er årets julefangst som gjer meg så glad, eller om det er årets fangst(han eg snakka om ein gang før).
Eg har i allefall hundre timar med tv-sjåing foran meg, lange bad og er sikker på ei flott og
pyntelig leilighet framover(fekk te-lys).
Og ang det så er mitt prosjekt "finne ut kvar eg vil bu i Oslo" godt i gang. Eg har strøke ut Gamlebyen og Sentrum, og det er nok Grünerløkka som fristar mest. Men alt til sin tid(not, eg har seriøst, omtrent i allefall, alt planlagt). Først må eg jo få pengar, jobb/skule/utdanning/ting og nokon å bu med. Dvs, visst Guro ein dag finn ut at ho heller vil flytte saman med ein casanova frå Finnmark eller noko anna teit. EG skal i allefall ha ei kvit leilighet med tregolv, sånn krone-ting i taket og store og breie vindu. Gler meg ikkje litt engang......(jo).

ELLERS så må eg fortelle om den fantastiske gaven eg fekk av Helene (ikkje at ikkje dei andre gavane var fantastiske, men eg kan jo ikkje nevne alt sant).. ein video. Eg har omtrent grene meg igjennom videoen sånn 15 gangar no. Eg snakkar sjølvsagt om "Div Førde og Oslo". Hulket på slutten der det står "Meir filming på roskilde? - Ja!" kjem kvar gang. Eg trur ikkje det er PMS, så kva det er .. nei det veit eg ikkje. Det er skummelt.
Og ja, eg fekk også ein sånn hode-tingtang av ho. HEILE(ja HEILE) familien gjekk heilt crazy. Plutselig gjekk greia på omgang og ein gjeng på 8 satt og fekk ståpels fordi det var så herlig.

No er eg trøtt. Er heilt sikkert fordi eg har vore så aktiv i dag. Stått på skøyter og greier.
Men er fortsatt ein halvtime til eg kan rope "FILIPINE" og sjå på at Sigrid spring rundt huset barføtt. Klarer nok å vente såpass!
Plan for morgondagen: spele wii, rydde endå meir på macen, slappe av og lakke negler. Pluss at eg skal vere slem mot han eg nevnte i stad, og nekte han å reise ut. KJÆRLEIK.

Og ja, har eg nevnt at eg har fått brunt/oransje/grønt hår OG downs syndrom? hardt liv




2 kommentarer:

Helene sa...

Aaaa, du har skrive om meg!!! vel, så koselig at gaven falt i smak & blei flittig brukt:)

Og SUNNIVA, HÅRET DITT, fantastisk!!!!! eg vil møte deg og sjå det "live".

Sunniva sa...

jaaaa, snella mig!!! :)

HAHAHH det er dødt og gyselig faktisk :(