søndag 20. desember 2009

lost!

etter intens hoderekning har eg funne ut at eg virkelig er fattig no. Eg har i allefall ikkje råd til å reise ut meir enn ein gong denne jula, og det blir vel nyttårsafta. I tillegg skal eg farge håret, kjøpe ein stor julegåve til og, most likely, leige filmar og ete snop med store og små. Det er sånne ting som gjer at eg får heilt panikk! Eg har så fantastisk lyst på SMUG-mag, LOLA-parfymen og meir enn berre ein tur ut. Såå.. ei flaske vin eller to tas imot med takk, hehh. Men seriøst.
Eg kjøpte ein fantastisk søt kjole i dag, og gjett kva, eg kjøpte den i str 34. Det var fantastisk! ååå. Kan endelig glede meg litt til jul. Litt.

Og ja! Eg og Jessica tok oss ein tur på Førdes stolhet i går; Førdehuset. Vi såg sjølvsagt Avatar og halve "sirkelen". Sa eg halve? Meinte sånn 90%. Førde er sjukt.
Anyroad, etterpå GJEKK vi heim i snøen. Tøffe som vi er, gjekk vi derfor i vegen. Eller, J gjorde i allefall det. Eg var så kald på beina at eg holdt på å krepere, og beina mine er jo istappar når eg er
inne!
Bedre blei det ikkje av at eg møtte resten av Førde i eit busskur. Snøvlande "bli med på fest då?" er liksom ikkje så fristande, sjølv om det er dei personane du måpar av på skulen/ i Førde.

Uansett, eg skal sove no. Sosiologi-øving i HEILE morgon. Love my life.

3 kommentarer:

Helene sa...

meen, vi kom jo fram til at du faktisk kan dra 2 eller 3 gongar ut denne jula?? det kan du:)

Sunniva sa...

nei, for eg kom på fleire ting!!!! det var eit eller anna eg hadde gløymt nemlig:(

Helene sa...

Ååh, kjipt!!
Men då er vi kule og sit heime 2 juledag då. Tjohei! Spillparty hos meg!