lørdag 12. desember 2009

my mind is turning into clay

No er eg kjempedårlig på grunn av litt for masse smågodt. Grunnen til at eg momsar så masse er vel fordi eg sitter her heilt aleine og ser på American Pie. Ganske kjedelig, men eg finn liksom ikkje på så mykje anna å gjere. Kan jo pakke inn julegåver, men eg orkar liksom ikkje.
Tenker på å sove, men eg har endå ikkje lagt på nytt laken etter at pusen spydde der.. tenker at eg sover i Sigrid si seng i natt.

I dag var omtrent halve Førde på jobben, og eg blei så utrulig sliten. Og så var det ein slik søt mann på 40, stakkars, som måtte betale heile 4000,-. Sånt gjer meg så trist, for eg vil egentlig sei "det blei 15,50", slik at dei blir glade. Mannen var så herlig glad og sa til meg "du er no snill, veit du det?" også fniste eg litt og gav han heile to kvitteringar slik at han var heilt sikker på at han hadde garanti på ovnen sin. Sånne menn vil eg klemme (litt).

Det er deilig å ikkje vere trøytt i dag, sånn som eg veit at eg ville ha blitt dersom eg var ute på eventyr i går. Det einaste som irriterar meg er at eg har blitt ein av dei eg ler av, dei som heller sitter inne med kjærasten sin istaden for å vere ute og fnise til langt på natt. Men herregud, det er så herlig. Slepper å fryse, vakne opp flau og dårlig. Masse bedre å vere med den finaste i verden.
No skal eg sikkert ikkje ut før sånn.. om evigheter og det er deilig.

no skal eg høyre den her(no veit eg om ein som blir glad) omtrent ti tusen gangar til og tvinge pusen til å komme inn.