onsdag 9. desember 2009

oh please stay just this once

bestemte meg for å sove i dag, istadenfor å kjede meg på skulen og klage over au-arm. Det var nok det smartaste valget på lenge, for eg fekk tid til å rydde masse, ete masse, lese masse aviser, sjå masse på tv og gjere slike ting ein gjer når ein har fri. Eg dusja på eit langt kvarter og smurte meg inn med kokos i sofaen og smilte litt og slikt. Ikkje berre det, eg har spelt sims og det var fantastisk gøy. Så langt har eg to familiar going on, og eg kitlar i tærne fordi eg er så glad i dei allerede. Men eg har sånn skadefryd, så sjølv om eine jenta er gravid med kjærasten sin så skal eg få ho forelska i ein annan mann som allerede har ein unge frå før. Han er nemlig naboen hennas og ser litt emo ut så dette blir dritgøy. Han bur saman med bestemora si eller noko, i love it.
Dessutan har dei fått orkideear på sims, og eg elskar jo den blomsten like masse som tykkis.

Grunnen til at eg er så positiv akkurat no er at i dag har det skjedd sånne ting som gjer at eg endelig kan puste skikkelig ut og ikkje trenger å sjekke i avisa kva som går på tv før eg trykker på "på"-knappen(for å unngå mareritt). Og så har eg jo lest masse på hjartesmil.blogg.no og det er nok ingen ting i absolutt heile verda som gjer meg like forleksa og glad som det. At det går an? Eg får lyst til å klemme ho og tvinge ho til å lage meg kaker og gløgg og drikke gullflak og danse i blomsterkjolar sjølv om det er iskaldt.
Dessutan har ho "hjartepost" på gang no, og eg tenker at eg vil melde meg på. Tenk så fantastisk kjekt. Kva om eg får ei venninne i Alta som eg kan sende brev til og tenke på kvar gang eg ser postbilen? jo det skal bli fint.

eg trur eg skal lage ei "glade-sunniva" speleliste på spotify snart, og så skal eg vise den til Helene som elskar 'alt' eg lagar der og til resten som blir leie av at eg kun snakkar om noko dei ikkje veit om.
ein liten smakebit:

3 kommentarer:

Helene sa...

Lag den spelelista! meen, dei sangane der har vi jo allereie på www. Eg stemmer for ei roskilde speleliste der vi legger til musikk frå artistane som skal komme etterkvart!!

Sunniva sa...

Jaaaja, men du skjønar kva eg meinar.
Hmm! That may be. kva skal den heite?

Helene sa...

telt & gru spedlelisto