mandag 5. april 2010

bla bla jada jada

hola! Påskeferien er over og eg er omtrent 90% sikker på at eg har lagt på meg 50 kg. Når ein har brukt 4 dagar hos bestemødre som seier "ta no litt til" og gir deg dådyrauge ved kvart einaste måltid, så er det liksom litt vanskelig å sei nei. Og så er det jo dette påskeegget som eg åt opp på ca ein time. Ca. Kjenner at eg faktisk blir litt kvalm no av å tenke på godteri, men kjenner eg meg sjølv rett så er den kvalmen over innan klokka er halv 4.

Ting som faktisk gjer meg kvalm er spansk-prosjekt og gymprøve. Eg har ein klump i magen som heile tida minnar meg på at eg MÅÅ begynne snart. Eg har lest 1/3 av gymteorien, og eg har ikkje eingang åpna powerpoint for å begynne på spansk-presentasjonen. MEN! planen er: gymteori i dag og spansk i morgon. Planlegging, det er nemlig det einaste gøye med skule/prøvar/osv.
Eg har faktisk gjort nåke så drastisk som å rydde i 4 skuffer som ikkje har blitt sett i på 5-6 år. Herregud så masse rart eg fant, og herregud så deilig det er å ha kasta ein heil søppelsekk med bøker og ark frå 8.klasse. Neste prosjekt er ... OMØBLERE. Kanskje det gøyaste eg veit, og kanskje det vanskeligaste eg veit. Når ein har eit rom på størrelse med eit kott, er det svært lite ein kan gjere. Eg føler at eg har prøvd alle mulige variasjonar før, men no har eg ikkje omøblert på eit år(!!??!!!) så eg dør av kjedsomhet her. Hatar at hyller og sånne ting gir meg tusen begrensingar. Målet er i allefall å ha senga midt i rommet, for det er så fint og deilig.

Men no må eg lese 22 sider til gym, og så skal eg ut på tur med Sjur sidan det liksom var så "fint vær ute". Vel no ser det ut som om det skal til å regne. HORE!!!!!!!!!!

1 kommentar:

Guro sa...

LAST OPP ET BILDE AV ROMMET DITT OG FORTELL MEG KA DU FANT I SKUFFENE + KA DU KASTA!!

Ja? pliiiizzz? :))