onsdag 18. august 2010

you shimmy shook my bone leaving me stranded all in love on my own

Ettersom eg ikkje taklar å vere meir sosial enn det eg er på skulen for tida, så har eg funne ein ny hobby. Eller eigentlig er det vel praktisk talt tre. Sove, sitte på macen og snike på alt og alle og til slutt... å lese bøker. Mandag kl 6 kjente eg det på kroppen at NO(!) måtte eg lese. Så tideligare i dag blei eg ferdig med ei bok på 400 sider, og gjekk selfølgelig rett på biblioteket rett etter skuletid. Herregud så deilig det er å tenke på andre sine liv enn mitt triste og patetiske.

Eg syns jo det er ok å vere litt patetisk, men eg har jo faktisk planar om å vere det i 10 mnd framover, og det er jo veldig veldig veldig lenge. Flaks at det blir mange bøker og nye ord i vokabularet, slik at det kjem eit eller anna positivt ut av dette marerittet.

1 kommentar:

Helene sa...

<3
nye ord i vokabularet er alltid greitt, veit du.