søndag 19. oktober 2008

Tell me the truth, is it love or just Paris?


"eg gjer lekser"


No skal eg straks legge meg, og klokka er berre 01.00. Dei siste "helgane" har eg lagt meg kjempetidelig, eg er nemlig så utslitt at eg såvidt klarer å holde auga oppe. All jobbinga og skulen gjer meg meir sliten enn eg faktisk skulle trudd. Kvar dag etter skulen er det einaste eg vil å legge meg ned på sofaen og sove til neste dag, men det blir berre lekser, lekser og lekser alikavell.
Er litt småstressa og akkurat no, for eg har selfølgelig ikkje med meg spansk-ordlista heim og eg burde skrive en spansktekst imorra, en som skal vere inne på torsdag.
Kvifor?
Mandag: Engelsk "heimeprøve".
Tirsdag: Skrive skrive skrive, + masse anna lekser.
Onsdag: Jobb
Torsdag: Spansk gloser.

Det er akkurat som om at eg må velge et fag eg skal fokusere på kvar veke.. Forrige veke var det geografi og litt matte. Kva vil det bli neste veke?

Uansett skal eg kose meg litt imorra og då. Eg skal ta ein lang dusj tenkte eg, og så har eg lyst å prøve å krølle håret mitt. Eg har forresten blitt ganske glad i det korte håret mitt no, det er nemlig så utrulig lett å ta vare på det! Når eg skal vaske det tar eg alltid dobbelt så masse shampoo og balsam i, fordi det er så uvandt! Men det er berre deilig det.
Det eg er mest opptatt av for tida er at håret mitt SKAL skinne. Eg må få det til å bli glansfullt og fint, akkurat som på film. Mamma ler av meg, fordi "alle" veit at man må ta glansvask eller farge det for at det skal skje. Og kvar gang eg forhåpningsfullt seier at håret mitt skinner, kjem Sigrid med et stygt uttrykk og seier "neei?".
Uansett så kjøpte eg meg en ny balsam frå Charles Worthington, London;


Eg har allerede shampoo'en som skal gi deg volum, men eg har på en måte glømt den pga eg fekk serien frå Joico rett etterpå. Etter Joico har eg vore HEILT hekta på Toni & Guy, men no er dei straks tomme såå.. Får ikkje tak i T&G her i Førde heller, og eg orka ikkje å styre rundt så masse.
Tenkte eg skulle prøve en serie frå KMS og snart, men er litt usikker på kass som passa mitt hår. Eg vil jo beskytte det frå varme(hårføner, krølltang, rettetang osv), men på samme tid prøve å gjere det beste ut av håret mitt uten å bruke nåke varme, altså nåke som gjer krøllane/bølgene i håret mitt fine.
Ikkje minst tenkte eg at eg skulle kjøpe meg en skikkelig god hårkur(den frå Joico er kanskje veldig bra, men eg lika den ikkje SÅ godt) no snart, i November. Koffer? Jo, fordi eg har allerede et budskjett i Oktober, og eg har 13 kr dagen.. Vel, vi får sjå kordan det skal gå.
Men no må du ikkje tru at eg går rundt og svoltar og er fattig. Eg har berre lyst å slutte den vanen eg har med å dra kortet 3 ganga daglig, ved å kun bruke kontantar. Og eg har ca 260 kr i kontantar for tida, og eg må dele det heile på resten av oktober.
Wish me luck!

Kass shampoo og balsam bruka du? Er du flink å ta hårkurar og masker?

BTW: Den sangen eg skreiv om i siste innlegg (Oasis- I'm outta time) er faktisk en "tribute" til John Lennon som Liam Gallagher brukte 9 år på skrive. Er ikkje rart eg er så hekta. Den er så trist, men fin på samme tid.



Ingen kommentarer: