onsdag 28. januar 2009

Love is noise

En dag tok eg ein test/quiz om kass bloggar eg var. Hjertet mitt kom nesten opp i halsen av glede, då eg såg at eg blei Linnea.. eller ikkje. Ikkje at det var negativt, sjølvsagt. Ho er jo min APZELUT yndlingzblågger.

Nakken min er i ein knekkestilling akkurat no, au. Eg er sur i dag, fordi eg hadde kjempe lyst å trene etter skulen, men ingen andre ville. Det er så masse småting som irriterar vettet av meg for tida. PMS, anyone? Eg trur aldri eg har vore sånn før. Ein dag spurte pappa kass dato Guro reiste til USA, og eg holdt på å begynne å grine fordi eg var så sur! Eg begynte å kjefte om at alle spurte dei samme spørsmåla heile tida, og at alt og alle var så teite.
Eg må virkelig skjerpe meg.

No skal eg gjere meg sjøl glad. Eg skal ete MAT og sjå Gossip Girl. Eg har lyst på:
Knekkebrød med leverpostei og agurk. Eller, knekkebrød med fårepølse, eller kremost og tomat. Høyrest ikkje det heilt fantastisk ut? JO. Eg har så lyst på at eg nesten får lyst å trosse brekningsrefleksen som kjem til å slå ut for fullt.
Det blir nok nåke så enkelt som knekkebrød med kvitost. Om nåken ein dag bestemmer seg for å åpne opp magesekken og tarmane mine, så kjem dei kun til å finne to ting: sjokolade og kvitost i ei salig blanding. Namsaker.




Ps. I don't love you.

(forresten eg har funne ut ein bloggtittel for framtida, og eg grua meg. Eg grua meg så inderlig at det gjer vondt. Det er forresten rundt 150 daga til)

(forresten nr 2: eg er glad i dei (u)saklige innelegga til Linn om f.eks dusjing, smykker, Nintendo Ds, rare lukter og diverse!!!)

Ingen kommentarer: