fredag 6. februar 2009

Ti ting jeg hater ved .. meg.

Kom ikkje på ein meir passande tittel.

Eg syns det er så kjekt å få uventa sms!
"Hadde tenkt å ringe deg i kveld. Klokka vart plutselig så mykje her. Er trøtt etter ein lang dag, så ringer i morra istedet. Stor klem."
.. men får det aldri.

Eg lika å kjenne meg kvalm eller få mageknip av musikk. For tida gjelder det Bloc Party, på høgste nivå. Har du det aldri sånn at du berre må lukke auga?

Eg skulle ønske at eg var ein sånn person som følte meg heilt fri. Sånn at eg kunne ha sprunge rundt i berre trusa når eg var heime aleine. Med musikken på full guffe, uten bekymringa om at nåken skal komme heim og sjå meg. Eg nekta nærmast å skifte forran andre.

Eg skulle ønske eg hadde sjøltilliten til å kunne gå i akkurat ka eg vil. Eg vil gå i høge hela, søte gensarar og tjukke strømpebukser...

Eg hata å få blikk frå dei som berre ikkje veit. Dei som trur dei veit alt, men sannheten er at dei veit ingenting. Dei som trur dei kan sei alt dei vil, og at eg skal føye meg. Dei som seie stygge ting om meg, akkurat så vidt høgt nok til at eg skal høyre det.

Eg elska folk som "passa på meg". Som beskytta meg mot sånne ovanfor. Dei som ber personane om å sei unnskyld, dei som smiler til meg når eg trenger det mest.

Eg hata dei som bruka alt mot meg. Dei som skal strø salt i såret, om og om igjen. Dei som snakka høgt om ting som eg angra på, blir flau av og virkelig skulle ønske aldri hadde skjedd.

Eg hata når folk skryter av ting dei har klart, gjort eller skal. Spesielt når dei veit at eg ikkje har gjort det samme.

Eg lika når folk legger merke til sånne små ting eg gjer. Sånne ting som eg gleda meg til å gjere om morningen, som å kle på meg nåke eg har gledd meg til å ta på. Folk som seier at man ser fin ut.

Eg hata å sei til folk at dei ser fine ut, i allefall til dei fleste. Eg klara det berre ikkje, eg syns rett og slett at det er vanskelig.

Eg syns det er frustrerande med folk som gjer alt for å irritere meg. Ikkje berre for å tøyse, men for å virkelig berre såre meg eller på pur faen.




I can be as cruel as you,
fighting fire with fireworks.
Fighting lies with lies.

4 kommentarer:

Helene sa...

Sweet bilde!

Sunniva sa...

sexy!!

Anonym sa...

Eg kan passe på deg:) og btw, du ser fint ut:)

Sunniva sa...

Snill du er då :-)
men det er jo et selfølge!