tirsdag 21. april 2009

dadadada-dadada

Fantastisk kjedelig dag. Dagens høgdepunkt var nok då eg fekk ta ein evigvarande dusj og høyre på musikk. Det var ganske så kjekt etterpå og, når eg såg at krefthåret mitt var verre enn nåken gang. Har litt(les: egentlig ikkje) lyst på frisørtime på lørdag, men eg veit ikkje heilt endå. Eg burde virkelig gjere nåke med det, men eg er sikker på at dei enten skinnar meg eller klipper meg kjempestygt. Må bleike det, men då får eg berre endå meir krefthår, det er ein ond sirkel.
Og ja, mamma har endelig bestilt synstest på fredag. Eg tippar at eg har minus 4738 no, men det går heilt greit for meg det. Må få meg linser, eg trenger det virkelig. Det er mildt sagt flaut å drive å stirre ubevisst på alle heile tida.

No tenker eg at eg skal prøve å innta litt føde, altså mat, men eg er usikker på korleis det kjem til å gå. Detta er vel dag 5 eller 6 med konstant kvalme. Etter maten skal eg selfølgelig sjå frustrerte fruer, også skal eg nok legge meg. Har litt lyst å lese ei bok, og så finne ein person å snakke om den med. Eg eelskar å diskutere bøker, men det virkar som om ingen leser lengre.

Eg har lært eit nytt spansk ord. Vino = vin.
(hahaha, no la eg merke til at eg høyrer på The New Wine på Spotify! Tilfeldighet? Neppe)

Ingen kommentarer: