søndag 19. april 2009

livet er herlig





I dag har eg sove lenge og eg har gått rundt i pysjamas til klokka vart både 2 og 3. Eg har høyrt på pop i fleire timar, og eg har sunge med sjølv om eg ikkje har ein anelse på ka teksten er. Eg har blitt kvalm av saft med isbitar og godterihjerter.
Greit, livet er kanskje ikkje så herlig. Men sola skinner, og eg har ikkje litt skyldfølelse for å sitte inne eingang, for eg flassar nemlig i panna. Og eit godt bevis på at man har vore ute i sola, jo det er flass(æsj, for eit ord). No høyrer eg på Røyksopp - Happy up here, og smiler fortsatt av tanken på Tazte Priv.

Klokka halv 9 skal eg og Guro på kino, The boat that rocked, og eg gler meg. Skal straks ta meg eit bad og høyre på Radiohead. Det finst ikkje nåke meir avslappande enn å gå på kino søndagskveld, og det er den beste avslutninga man kan tenke seg. Då kan man lett gjere ingenting dagen lang. Uansett kor kjekk kvelden kan vere, så har eg jo for lengst funne ut at søndagen er den verste dagen i veka, så eg har bestemt at neste søndag skal eg ikkje tilbringe aleine! Ikkje søren. Ingenting er kjedeligare enn å vakne opp aleine ein søndag og tenke: ka skal eg gjere idag? Det er nesten like kjedelig som å våkne opp dagen derpå og lure på ka man har gjort kvelden før. Derfor elskar eg når Guro blir med meg heim etterpå.

Ingen kommentarer: