lørdag 18. april 2009

Eit særdeles sært innlegg

Ja, det er akkurat det eg vil kalle det, nemlig. Helene ville nok ha kalla det funky, og Linn alternativt. Men det får stå til, for eg syns det er SÆRDELES SÆRT!

For å komme til poenget, eg kom nettopp pågrunnen til at eg har så merkelige smerter i armane og magen/ribbebeina! Vi hadde jo gym i dag! Vil sei meg ganske fornøgd med dagens prestasjon, eg såg i allefall ikkje ut som en hemmis som fekk epleptisk anfall (..). Det var fint etterpå, for då var plutselig den klumpen i magen borte vekk! Då var på en måte det verste med dagen over.. trudde eg! I midtfri kom eg nemlig på at vi hadde spansk i dag. Og eg som er så "heldig" og sitter med Jonas, var jo ikkje så altfor gira på akkurat det. MEN! sidan vi begge bestemte oss for å vere positive, så gjekk det fint. Han fortalte om sin tårevåte hendelse i går, og eg fekk snakke dritt om alle joggebukse-brukarar. Inkludert han sjølv, selfølgelig.

Og ja, må fortelle om min nye tvangstanke. Eg SKAL bli avhengig av iskaffi. Grunnen er at vanlig, varm, kaffi smakar groteskt, og eg må jo i allefall late som om eg er vaksen, sånn som 5% av klassen min. Idag kjøpte eg tillegg ei AVIS, så eg såg jo ut som ein 40 åring. Det var ganske kult. No høyrer eg på My iron lung, og det er ganske så kult og. Nåke som er ganske så ukult, det er at eg skal på jobb frå klokka 14.00 - 20.00 imorra. Med andre ord, så kjem alle andre til å ha det supert imorra kveld, medan eg sit heime og sutrar og angrar på at eg ikkje lagde ein avtale.


berre for å illustrere kor kul eg er, på en måte. pølsesmil er forresten dritdeilig.

2 kommentarer:

Helene sa...

Så flott bilde! Du mangla berre den kringlekaka baki der, så hadde du vert max voksen. Eller, gammal...

Og ja, nokken får epileptiske anfall, andre ikkje, sånn er livet:-(

Sunniva sa...

Er enig der! Gammal, helst.

Du har rett, og det var lit synd at du skulle vere den uheldige!