onsdag 27. mai 2009

ser ut som om eg ikkje er den einaste med god musikksmak, eheheh

BERRE SJÅ HER!!!!!!!!!!45

ellers kan eg fortelle at eg nettopp har ete opp nøtter til 20 kr, at eg nettopp har brukt 500 kr på HM, at eg nettopp har tvunge mamma til å kjøpe gul saft(kun pga eg blir så sinnsjukt frista kvar gang Malene drar opp den flaska si) og at eg høyrer på fin musikk. Klokka er snart 7, men eg har absolutt ingen planar. Har faktisk lyst til nåke ganske så sjukt. Eg har lyst til å ta på meg treningstights og JOGGE. Ikkje at det kjem til å skje då.
Istedet trur eg at eg skal lage ein avtale med søstra mi om at ho skal "dra ut hår" frå stripe-hetta mi dersom eg spør ho i matte. Altså, det er jo ein vinn-vinn situasjon? Mamma kjem til å få angstanfall og sei: "det er no ikkje rart at håret ditt dett av Sunniva!". Men det er greit altså, eg er jo vandt til akkurat den delen. Og jaaa, medan eg ventar på at håret skal bli kvitt/gult trur eg faktisk at eg skal sjå litt på Yesman(Yes man?) som eg lasta ned igår.

nei, men no må dåke koze dåke veldi mazze med å zjå på ein teit kamp på TV.

2 kommentarer:

theotherfool sa...

burde eg føle at den siste kommentaren var til meg?

Sunniva sa...

Følte du deg truffen? Hahah, eg trur den var til alle som såg kampen, faktisk!