søndag 31. mai 2009

zåo mani greit deis in a røøuv. (so many great days in a row)

hei og hallo i stugo. Dersom det i det heile tatt er lovlig å skrive.
No har eg nettopp laga meg ei flott speleliste på iTunes. Vi snakkar rolig musikk som ellers ville ha gitt meg brekningar av råmantizke tekstar. Grunnen er ganske enkel; det kjennest ut som om hodet mitt skal eksplodere dersom eg høyrer på anna. I tillegg til forkjølelse hostar eg no som ein hund. Pappa sa tilogmed at han blei BEKYMRA av hosten min. Kanskje eg tilogmed skal til legen imorra? Det hadde jo vore sjempesjekt.
Kjenner at aidsen slår inn for fullt.

ELLERS kan eg jo fortelle ei strålande nyhending. Eg har tilbrakt så masse tid i sola i dag at eg innbiller meg farge på låra. Kan godt hende det berre er sololja som får "pelsen til å skinne". Ikkje veit eg. Anyroad, det var ganske så kjekt. Hadde store, om ikkje enorme, planar om å ete meg rullande feit idag og starta ganske greit med grændiz til frukost. Heile opplegget blei avbrutt då eg fekk ein SMS av Monica midt i dusjen(i tillegg til 2 telefonanrop, hallo?????????!) som rett og slett var endå meir fristande. Klokka 4 var vi begge to på veg til campingplassen der vi så fint koza oss med Marita. Og som om det ikkje var nok at vi fekk både kake, pizza og brus der - så gjekk vi søren meg på planthasjen og kjøpte is til middag. Har tilogmed vore i 2 hagar og "zola" oss i tillegg til å sett på 3 fine kattar.

Imorra skal eg vere smart og gjere matte, no prøver eg å finne ut om eg skal sove eller sjå film. god natt min skatt <<<<<4

Ingen kommentarer: