søndag 7. juni 2009

darling i leave and you wont come along


eg må berre anbefale ein stk fantastisk sang. Familjens remix av Lykke Li - Breaking it up. ÅÅÅÅÅÅÅ

5 kommentarer:

Oda sa...

Eg har ikkje Spotify :O Noes!
Skal sjå om eg finn den på YouTube ;)

Sunniva sa...

uff, det må du få deg!

Oda sa...

Ja, det føles ut som om eg er den einaste i universet som ikkje har det!

Eg såg deg på skulen i dag btw! I kantina. Eg gliste stort til deg - skjønt, eg hadde hendene fulle av kaffi og rundstykke... Og det var kø... Så eg følte det ikkje var sosialt akseptert å kaste meg for dine føter! Sjølv om eg hadde veldig lyst.

Veit ikkje om du kjente meg igjen heller. Du såg litt... "Who the f*ck is that retard?" ut. No hard feelings, though! Eg har førebudd meg på gi deg ein klem neste gong eg ser deg. Veit ikkje om du er mottakeleg for slikt, eller om du er ein "ikkje-klemme-person", men målet er altså ikkje å skape ubehag. Så veit du det. :)

Damn. Once again I feel like a dork. Mine særheitar har nådd nye høgder, beware. Kanskje eg berre skal slutte å skrive no, før eg verkeleg setjer støkken i deg! Eg er ikkje så... Stalker-aktig til vanleg altså. Seriously! Men no sluttar eg å skrive. Ha det bra!

Sunniva sa...

ja, eg fekk det med meg. Blei smålig sjokkert og litt redd, dessverre. Forstod jo etterkvart då, sjølvsagt.
Er nok ein "ikkje-klemme-person", så eg trur egentlig du skal droppe den delen!

Oda sa...

Uff, ja, det var litt voldsomt! Du var i din fulle rett til å bli litt redd; eg kan jo ikkje påstå at eg ser harmlaus ut når eg sperrar opp auga og smiler på den måten!

Tenkte berre eg skulle understreke at det var meg liksom, slik at du ikkje kunne mistolke det som eit tilfeldig "høfleg smil i kantinekøa til random person". Dét ville jo ha vore rart!

"Ikkje-klemme-person"? Nei, det var nesten litt bra, for eg er ikkje så veldig klemmete eg heller. Det kom litt brått på. Eg håpar ikkje eg har forårsaka ubehag hos deg altså - på nokon måte!

Om du ønskjer det, så kan eg halde fram å lese bloggen din i stillheit altså - dvs utan å true deg med overfall på skulen eller leggje igjen kommentarar som er lenger enn blogginnlegga dine (score!). Eg er berre litt ekstrem. På ein måte. Æsj, eg har jo ikkje sosiale antenner, kven er det eg prøver å lure? No vel. Just let me know, viss eg har skremt deg heilt frå vitet med stalker-tendensane mine!

Håpar du får ein fin aftan vidare, Sunniva :)