tirsdag 2. juni 2009

you are blowing my mind


lelove

Når klokka var kvart på ni og eg stod på skuledoen og brakk meg, fann eg ut at det var på tide å gå heim. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal forklare den følelsen eg får når eg plutselig ikkje får puste pga hosteanfalla, men det gir meg skikkelig panikk. Eg griper tak i det første eg får tak i og berre klemmer til alt eg kan. Ekkelt.
På veg ut døra møtte eg Guro som hadde kjøpt øyredobbar til meg. Dei var så fine, dei var rett og slett akkurat sånn som eg ville ha dei. Fjær.
Uansett, når eg endelig kom heim måtte eg berre kaste meg på sofaen. Trur aldri eg har vore så sliten etter å berre ha gått heim før. Etter at eg hadde sett The Football Factory og laga brownies følte eg meg plutselig skikkelig bra igjen og klarte å sovne på sofaen. Sigrid kom selfølgelig heim og vekte meg, så eg måtte legge meg i senga igjen etterpå. Vakna opp med ein kjekk ung herremann, Paulo Nutini, som sang i øyret mitt.
Bortsett frå alt det har eg høyrt om og om igjen på In Rainbows, som må vere verdas beste album, stirra ut vinduet og tegna/skrive masse rart. Det har eg gjort masse i det siste, føler meg nesten litt emo når eg sitter på badegolvet(av alle plassar) og rablar ned ting eg tenker på.
No har eg skikkelig dårlig samvittighet for at eg ikkje har øvd matte, eller i det heile tatt sett på matteboka. Trur egentlig ikkje at eg kan ta prøven imorra uansett.

Ein siste ting, er det ikkje rart at ein sang som handlar om nåke så stygt, kan vere så fin? snakkar selfølgelig om House of cards.

Ingen kommentarer: