i dag tidelig vakna eg med linsene klistra til armen, halvt påkledd og med putene på golvet. Og når eg skriver tidelig, så meinar eg tidelig. Eg var utkvilt kvart over 8! Akkurat dette er det verste eg veit, for det er så kjedelig å ligge i senga og gjere ingenting i fleire timar. Heile dagen har eg egentlig brukt på å gjere ingenting, men det har ikkje vore så gale som eg frykta. Eg har dusja lenge, eg har lakka negler, eg har sett tre filmar, høyrt på utrulig masse musikk, oppdatert facebook altfor mange gangar og lest omtrent alle bloggane eg kunne adressa på. Ein heilt ok dag, med andre ord. Imorgon skal eg på jobb, og sjølv om det ikkje er før elleve så er eg litt stressa. Derfor skal eg no sette på vekkarklokka og høyre på The Kooks til eg sovnar.
flickr, plumerousse
The Kooks - One last time
3 kommentarer:
Off, høyrdes ut som ein fæl morning ;) Men koslig dag då!
Det er jo herlig å våkne tidlig & utkvilt!
joda, men ikkje når det er dagen derpå og du kun har sove eit par timar!
Legg inn en kommentar