søndag 8. november 2009

watch things on VCR's with me and talk about big love

fin dag! Eg er veldig veldig utkvilt, og sov godt saman med den raude saksa mi i natt. Eg veit ikkje kvifor, men eg likar å "utfordre" meg sjølv med å ha ting i senga når eg søv, berre for å sjekke om eg dyttar tingen ned på golvet eller ikkje. I søvne altså.
Så langt i dag har eg ete ein kvalmande middag beståande av ris med soyasaus. Kjempegodt først, men herregud så ekkelt soyasaus egentlig er. Og så har eg lest 44 sider sosiologi, ete tre skjeier med pepperkakedeig og hatt leikeslåsskamp med Sigrid. Eg har fortsatt vondt i kroppen, men det er jo så utrulig gøy å slåss!

Ammagad, no såg eg nettopp den "piano"-reklamen på Spotify. No er det nok, eg vil ha spotify premium.

meeen, no skal eg lese 30 sider gymteori, ete masse frukt og glede meg til 'Bridget Jones på randen' kl 21:20 på TV3 i kveld.




2 kommentarer:

Malene sa...

Fliiiinke deg som lese....

Helene sa...

ja, fliiiinke deg