søndag 6. desember 2009

phantom

i dag har eg tenkt. Eg har tenkt på kor fantastisk fint eg egentlig har det, men som eg alltid klarer å øydelegge, eg har tenkt på alt eg skal fram mot jul og på ting eg hatar å tenke på. Eg er sliten i heile hodet og augene mine er raude fordi eg har brukt (for svake) briller i dag. Og det gjer vondt inni meg for eg angrar alltid slik på ting eg seier. Ofte er dei orda sånne ord eg gler meg til å seie, for då kjem alt til å bli bra, tenker eg. Men dei gjer som oftast til at eg får den største klumpen i halsen og legger meg alt for seint og blir ukonsentrert og alt blir berre teit. Det burde jo ikkje vere sånn no, ikkje i dag. Vi har spansk fagdag i morgon, og alle veit at eg virkelig ikkje kan dette "eksotiske og spennande" språket. Eg syns det er vanskelig, og eg vil heller ligge i senga mi og lese bøker og høyre på Owl City. Men det skal eg vel gjere når juleferien kjem. Og apropos juleferien, det er jo ikkje litt lenge igjen engang. Fram til det skal eg på fjortisfest på Badabing, eg skal handle ferdig julegåvane, klippe meter på meter med julepapir og juletråd og skjære meg på fingrane, eg skal på juleverkstad, to av dei finaste eg veit om skal komme 'heim' og eg skal tvinge dei eg er glade i til å vere med meg. I tillegg må eg gjere nåke smart snart. Eg har endå ikkje fått sett ein einaste julefilm, og eg trenger å sjå Elf, Grinchen og Love Actually snart. Hjelp meg?

Og så blei eg kjempe skuffa istad når eg fant ut at den skulen eg hadde litt planar om å gå på, ikkje var nåke å satse på likevel. Sånne ting er så himla irriterande, men eg er glad for at eg fant det ut omtrent 1,5 år før eg plutselig må bestemme meg. Akkurat no har eg så mange ting eg vil, men alle retningane er så like og eg vil alle like masse. Æsj, kanskje endar eg opp som sjukepleiar og ser innsida på ting eg ikkje vil sjå innsida på?(he-he-he, Martine).

errrhhh..No skal eg drikke endå litt meir gløgg og stjele julekakene eg og mamsen lagde istad.

Ingen kommentarer: