lørdag 5. desember 2009

starfucker

omg. No har eg nettopp brukt ein halvtime på å forstå blogg.no, men herregud så vanskelig det er? Eg forstår i allefall ikkje korleis andre klarer å forstå det. Har i allefall klart å få Sigrid sin blogg til å sjå heilt forferdelig ut. Snilla.

Ellers så har eg i dag kjøpt heile 4 julegåver. Eg trudde eg var fattig som Omir Bhatti, men neida. I tillegg gjekk eg og Martine på den romantiske daten på Peppes Pizza, ntåå. Fekk til og med stor pizza sjølv om vi bestilte medium. Eg har fortsatt vondt i magen av metthet.
Men i dag har eg nok ein gang forstått kor lite Førde er. Vi var på JC tre gangar, HM minst 2 gangar og brukte sikkert 30 min på BIKBOK. Det er jo litt koselig, men eg er så redd for å møte dei eg kjøper gåver til. Er det berre meg eller er det litt flaut? Eg likar ikkje å sjå skuffelse i ansikta til dei eg glad i. Gjekk flott i dag, då, men eg har jo fortsatt mange julegåver igjen. På fredag SKAL eg bli ferdig med alle. Åjada, fredag blir nok ein flott kveld. Kjenner eg meg sjølv rett er eg enten den partypooperen klokka 10 eller dritafull og hengande rundt halsen på ei eller annan for å fortelle at eg er sååååå glad i ho. Gler meg! Mest gler eg meg selfølgelig til dagen etterpå, då eg skal jobbe frå 12 til 19. Love my life.

No er eg ganske trøytt, men eg er så utrulig redd for å legge meg. Natt til i dag hadde eg eit mildt mareritt. Eg fekk ein baby, men eg gløymte den heile tida. Eg visste ingenting om den, hadde ingen anelse kven som var faren og fekk ikkje med meg fødselen engang. Det var heilt forderdelig og eg visste ikkje korleis ein skulle amme, men turte heller ikkje å la mamma lære meg det. Kvifor? Fordi eg var så redd for at mamma skulle sjå puppane mine. Og så satt eg i eit eller anna hus saman med Jessica og Sjur, og plutselig så kom eg på at eg hadde gløymt igjen ungen min heime. Og eg var så trist og sliten, for eg hadde så dårlig samvittighet. Ein skal jo liksom forandre seg når ein har unge sant. Tenk om det egentlig er sånn då? Herregud.
Hatar drømmane mine for tida, eg klarer ikkje å sjå på ein viss lærar pga ting eg har drøymt om han.. eg spyr.
Note to self: slutt å sjå på filmar der alle blir gravide, slutt å sjå på Unge Mødre, slutt å sjå på 16 And Pregnant, slutt å sjå på fødslar på youtube og berre.. eg veit ikkje.

Elskar kveldar som dette. Når ein ete mat sjølv om ein er mett, drikker dritmasse brus og berre dør innvendig.... nei, eg likar det ikkje. Kanskje også eg skal forelske meg i ein 20 år gammal gayz frå Sør Afrika? Hmm.
Menmenmen, eg gler meg så til i morgon. Eg skal bake kjeks, som egentlig ikkje er så gode, og eg skal øve spansk. Mitt favorittfag!!! not. Eg skjønar ingenting, men eg skal bruke minst 5 timar på det.

Og ja, www... irriterar meg. Eg likar omtrent kun musikken EG legger innpå no, og eg brukar dritmasse tid på å hoppe over alt mulig som Jessica og Helene legger inn. No virkar eg slem, men eg fekk plutselig litt negativitet over meg. erhrhrhrhhrr. Korleis klarer Nøttelise å vere så forferdelig forelska og glad kvar dag når ho ser kjæresten sin 1 gang i månaden og brukar meir tid på å poute på bilder enn å ha eit sosialt liv? hore.

2 kommentarer:

Helene sa...

Fuck u då. eg har forresten ikkje lagt inn på lenge. no skal eg dele musikken min med dwayne i stedet

Sunniva sa...

jammen helene, eg meinte det ikkje. Det er berre det at eg blir sur fordi "catwalk" kjem heile tida og eg er lei av den:( innsjill!!!!