tirsdag 29. desember 2009

when we both sleep in different beds and dream of sex and loneliness with warm but shallow breath

herregad, den siste veka har sikkert vore den beste veka sidan 1997(alt i 2009 er det beste sidan 1997) og eg blir kvalm av glede når eg kjem på at det er nesten ei veke att med ferie. Einaste eg gruar meg til no er: nyttårsafta og 3.jan. Nyttårsafta er eit stress og eg dævva av det. Enten er eg sikkert edru eller spyr eller fryser og griner. 3.jan er det vareopptelling på jobb. Æsj. Flaks at eg tener omtrent 2000 kr på det.

herregad, no begynner eg å sutre sjølv om eg hadde tenkt å skrive alt mulig positivt. Liksom.. la meg forklare den siste veka.

tirsdag: var med Sjur og kjefta og slikt.
onsdag: lillejulafta! Halve slekta kom på besøk og eg åt. heile tida.
torsdag: julafta! farga håret grønt/oransje og åt endå meir.
fredag: spelte wii, såg på julegåvene mine og var dritglad.
lørdag: var ikkje ute, men var heller med Sjur og kjefta og slikt(filma).
søndag: true blood maraton med Jessica og Martine og sjukt masse mat.
mandag: jobb til 5 og var med Sjur og kjefta og slikt.
i dag: skal til angedalen og vere med Marita og Monica.
i morgon: trygle alle over 18 etter omtanke og tenke og tvinge Sjur til å vere med meg eller noko.

love my life. no skal eg legge ut bilder som viser det einaste ting eg gjerne vil innta asap


Ingen kommentarer: