fredag 15. januar 2010

new york state of mind

ettersom eg har ingen anelse på kva eg vil at bloggen min skal vere, så droppar eg heller å skrive enn å frustrere meg. Skal eg ha ein teit tullete blogg, ein skikkelig emosjonell blogg eller skal eg ha dagbok-blogg? No er den jo berre alt liksom, og eg blir heilt gal av det.

Andre ting eg blir gal av er teite lærarar som tilfeldigvis "gløymer" å fortelle meg at fagdagen/tentamenen min ikkje begynner 08:20 men 12:00. Eg satt på datarommet i ein time og venta før eg fekk vite at eg måtte gå i alle timane mine fram til klokka 12. Love my life.
Men, på den positive sida fekk eg masse tid til å sjå på alle mulige internettsider om å gå på skule i utlandet. Så, dei siste timane har eg gått rundt og tenkt på kor fantastisk lyst eg har til New York. Og vel, det har Jessica også. Å jobbe i Førde(...) heile hausten/vinteren og reise til New York og vere der i 3,5 mnd er nok ok+.



Ingen kommentarer: