søndag 17. januar 2010

you may be a sinner but your innocence is mine

det er søndag og som vanlig er det alltid litt skulearbeid å gjere, men som følest ti gangar kjedeligare enn det egentlig er, fordi det er søndag. Søndagar er generelt kjedelige, og det er den dagen i veka då ein er garantert hodepine og det er einaste dagen i veka det er lov å gå i pysjbukse/joggebukse. Akkurat no tenker eg på alle dei søndagane eg har tilbragt foran tv-skjermen hos Guro. Då vi har samla saman restane av godteriet frå kvelden før og ser på sjukt kjedelige ting på tv eller på filmar vi ikkje rekk å sjå ferdig fordi vi rett og slett må sove i staden. Det er nok kanskje ein av dei tinga eg savnar mest i verda no, og eg ville gjort masse for å kunne ligge på sofaen til Guro istaden for å sitte her og slite med ei bokanalyse.

ellers kan eg jo fortelle at helga egentlig har vore herlig. Laurdagar er jo den beste dagen i veka, og når ein tenar pengar til Barcelonaturen og får vere med kjæresten så er jo dagen komplett. Og så bevegar eg meg visst rart når eg søv, eg fant 400 kr i ein konvulutt og eg har dei finaste skoa i verda.




Ingen kommentarer: