tirsdag 16. februar 2010

faller inn og ut av kjærlighet

ingenting går heilt min veg for tida og eg har det egentlig best frå klokka er åtte til klokka er tre. då går eg nemlig rundt på skulen og tenker på at snart skal eg heim for å sove, snart skal eg bake bollar med ti kilo rosiner og snart kjem undertøyet (endelig) i posten. vel, dei to siste dagane har eg og Martine/marty brukt på å gå rundt nede i sentrum, eg legg meg ikkje før klokka er ett-to, bollane har eg endå ikkje orka å lage og undertøyet har ikkje komt endå, berre pakkelappen. gahhhh seier eg berre.

men eg har vore flink likevel. trur eg i allefall, for ting føles heilt annerledes enn før.
skikkelig (u)flaks at the xx og la roux skal på øya. med tanke på mine foreldre og min økonomi, så ser det liksom ikkje så strålandes ut om eg skal på roskilde, som eg forresten får mindre og mindre lyst på.

har mest lyst å legge til ein skikkelig emo sang, men det blir faktisk Lars Vaular - rett opp & ned. men hey, det er jo sånn humøret mitt er akkurat no.


Ingen kommentarer: